fredag 2. september 2011

18 år og valgbar

Det er val om litt over ei veke. Mange har gjort opp ei meining, andre tvilar. Nokre vil velje frå sofakroken. Det er dei sistnemnde som klagar mest etterpå.  For nokon er årets val det første. Dei vert kalla førstegongsveljarer og er ettertrakta vilt.

Eg hugsa godt på eg var førstegongsveljar. Eg var 20 år og hadde lenge sett fram til denne verkeleg vaksne milepælen. Men trur de ikkje at same året fekk alle 18 åringar lov å stemme. Det var nedtur.

Den gongen kledde folk seg opp, og det vart flagga frå alle stenger. Eg kler meg framleis opp, for det er litt høgtid over dette. Eg nyttar min demokratiske rett og kan vere med å forme den nasjonen eg bur i. Vil de klaga, må de stemme!  Dei som ikkje nyttar stemmeretten sin, har mista sin klagerett. Så enkelt er det.

Så til dykk 18 åringar: Gå ut og krev din rett. Ta stemmesetelen med dykk og la din stemme bli høyrd.  Om de er usikre, gå i gata og snakk med politikarane, eller ta ein sving innom bloggen min fram mot valget.


 


 Ei slik urne har me på Sand. Om du vil, kan du kjøpe di eiga på Finn. no  for kr 2800,- så kan du la di stemme bli høyrt i heimen og.


 P1010145
Sjå til venstre: Slik ser ein førstegongsveljar ut. Her representert ved Valborg frå Sand. Ho er køyrbar også. Tenk å vere 18 år og ha ny stemmesetel og køyresetel. Stem like fint som du køyrer:)

Er du 15 år kan du også stemme. Då kan du stemme i kyrkjevalet. Det valet føregår same dag og same plass som kommune og fylkestingvalet.

Dagens kviss: Kva år fekk kvinner allmenn stemmerett ved kommuneval?

4 kommentarer:

  1. Du e go, Anne! Var vist berre du som våga deg på denne:) Gratulerer som dagens vinar!

    SvarSlett
  2. Eg sko skriva meir, men va så annige sidan eg sko te tannpinaren at eg måtte berre forte meg å skriva svaret før han innante kom;)

    Men, nå har eg gløymt ka eg sko kommentera...Stønn

    SvarSlett