mandag 19. september 2011

Den virtuelle sandkassen - ut og stjæle venner!

Då me var små og sat i sandkassen kunne livet vera hardt. Ein sat og leika som best ein kunne med venner og leikene i fordragelighet, då idyllen brått kunne bli broten. Det kunne gå på livet laust med leiker og sand slengt i hovudet.


Så blei ein vaksen og trur ein er både reflektert og avbalansert. Men eit svingslag, og ein er tilbake i sandkassen... i den virtuelle sandkassen!

Digital sandkasse

På facebook finn ein og samlar vener. Ein finn gamle skulekameratar og leikar gardsbruk og .. blir uvenner!

Eg trudde eg levde i fordragelighet med dei fleste. Det hadde eg gjort sidan eg kom innpå den virtuelle sandkassen  Så ein dag fekk eg ein uvenn. Eg hadde vore stygg. Då fekk eg eit svingslag som slo meg heilt ut. Eg blei straffa i den virtuelle sandkassen.  " Eg skulle få trega, og eg skulle få svi!"

Nå er det ikkje sand og leiker ein får sår av. Som Tuppen og Lillemor krangla om å leike i gården, og om å vere utenfor. Slik fungerer det også i den virtuelle sandkassen.

Du får`kje leke mer i våres gård, 
eg er `ke venner mer med deg, 
jeg skal skli på kjellerlemmen
du skal stå utenfor og ser.
Du får`ke klyve mer i våres trær. 
For jeg er`ke glad i deg.
Du får`ke leke mer i våres gård,
når du er så slem mot meg.. 

I den virtuelle sandkassen har ein andre og effektive verkemiddel. Ein "stjæler venner". Straffa mi var at vennelista mi blei effektivt overtatt av vennestjæleren  På ein dag var 70 venner "stjælt."  Både kjende og ukjende av stjælaren.  Etter ei veke var 120 venner på stjæleren si samlarlista, og fleire vart det. Stjælaren gjekk frå litt over 100 venner til 400 på eit blunk. Venner som ikkje visste at dei var utsett for hevn istadenfor reell venneforespørsel.

Eg likte aldri å krangle i sandkassen. og eg gjer det ikkje no heller. Så eg gjorde det eg gjorde før, reiste meg opp, kosta sanden av meg, forlet leiker og venner i sandkassen, og gjekk for å leika ein annan stad.

Eg visste ikkje kva neste steg i straffa ville vere, så eg trekte meg heilt ut. Då mista eg mange gode venner. Venner som eg delte smått og stort med i kvardagen. Når ein ikkje kjem seg ut kvar dag er Facebook eit godt media. Eg kunne drikke kaffi med vennene som var på jobb(!), eller heime hjå seg sjølv.

Håvamål seier mykje om vennskap. Blant anna visste dei i den tida at ein ikkje kan vere ven med uvenns ven!
                                                          Venen sin
skal ein vere ven,
Honom og hans ven,
Men med uvens ven
venskap halda
høver kje fagna folk.

Eg fekk igjen,! eg fekk svi! Det fekk også bloggen min som eg linka ut i verda via Facebook. Nå er den blitt eksklusiv lesnad for 60 daglege lesarar. Takk til dei som følgjer bloggen!

Dagens kviss: Kva er det høgaste talet på leserar på bloggen?

13 kommentarer:

  1. the librarian bitch19. september 2011 kl. 10:06

    Kossen er det du bere deg åt? Kven er det som stel venene dine? Ikkje meg jaffall.
    Høgaste lesartal? Rein tipping frå mi side, då eg ikkje gidd å leita. Vett at du publiserte det ein gong men, men.... Det var nok rett etter at du var midtsidepike og det var 19.februar. Eg tippar 362

    SvarSlett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  3. Forstår ikkje koss det går til. Men eg gler meg over bloggen din kvar gong. Tipper 98 eg. Marit

    SvarSlett
  4. Hm, høyrest ikkje bra ut i det heile tatt! Er det nokon som ikkje likar at du er litt frampå og seier kva du meiner?

    Elles er det jo på sitt vis interessant å erfare kva nye medium fører med seg av negativ åtferd, som om skjermen opnar for eit lågare sjølv utan vanleg skjemmevit.

    SvarSlett
  5. the librarian bitch19. september 2011 kl. 20:58

    Du jukse, Anne. Nå du såte heie dagen og nilest alle bloggane ;-)

    SvarSlett
  6. Jøss, Anne har du verkeleg gått gjennom alle innlegga for å finne svaret? Svaret er rett! Gratulerer, eg bøyer meg i støvet!

    Etter intervjuet i Suldalsposten sveva eg på høg lesarfaktor. 321 Det normaliserte seg på rundt 200 etter ei tid. Det har eg hatt lenge, men no etter vennestjælinga er eg nede på ei eksklusiv lesargruppe på rundt 60

    Om de likar innlegga, klikk dei ut i verda om de kan, så lesartalet stig att.

    SvarSlett
  7. Jippi!! Ja, eg gjekk tebars te månaden du va midtside pike - og fann svaret..
    Eg hadde først eit svar, men då får eg kjeft av liv dersom eg alliere meg med fleire svar...
    Du og kunne fonne ut av det TLB, men du gadda ikkje leita , skreiv du jo sjølv...

    SvarSlett
  8. the librarian bitch19. september 2011 kl. 23:00

    Det kom nåke aent heft og inn i bildet, Anne - eg måtte gå på jobb. Men eg gjorde jo mesteparten av jobben for deg. Du fekk datoen :-)

    SvarSlett
  9. the librarian bitch19. september 2011 kl. 23:02

    Men eg skjønne framleis ikkje det med vennestjælinga???

    SvarSlett
  10. Eg visste ka mnd det var i fra før;)

    Historia om vennestjælinga får me/dokken ta litt på privaten

    SvarSlett
  11. Tenk det er ein ting Miss Marple ikkje har fått tak på !!!
    (Meg sjølv som ikkje kjem inn på kontoen min)

    SvarSlett