onsdag 28. september 2011

Gi ein mobil til IL- Sand

Dei fleste lag og organisasjonar treng pengar til aktivitetane sine. Det er ikkje alltid like lett å  finansiere ambisjonene dei har. IL Sand har gått nye vegar for å skaffe pengar til laget. Dei samlar inn  brukte mobiltelefonar.  For kvar mobil dei leverer vidare får dei kr. 35.-  Det er sett ut mobilkassar rundt om på Sand. 

Dette skulle vore lettente pengar for laget, men det viser seg at kun 60 mobilar er innlevert til nå.  Det er synd, for inntektene skulle gå til å kjøpe inn nye drakter til dei yngste fotballspelerane. 


Idrettslaga gjer ein flott innsats i å ta vare på våre ungar. Dette gjer dei av eige initiativ og heilt gratis. Eg syns me skal, om ikkje gå inn i oss sjølv, så gå inn i skuffer og skap og leite etter alle dei gamle mobilane som de heilt sikkert har ein stad. Slik kan me vise at me set pris på innsatsen til IL Sand.  Kanskje finn de saker og ting som de har leita lenge etter i same rennet.


Her ser me ein mobiltelefon av eldre dato. Dette er ein OLT mobil frå 1966  Har de slike liggande og slenge, tek IL Sand sikkert i mot den og.



P1010025
                               Eg har vore i skuffer og skap og har fått ein fin samling. 

Ein familie som har vore på 6 personar har litt av kvart liggande. Eg hadde ein gong ein ide om å lage meg ein utstilling av våre brukte mobilar, men eg kom av det. Nå kjem det IL Sand til gode.  Her ligg 25 mobilar og ventar på å bli omgjort til kr. 875,- 

Eg oppfordrar dykk til å samle fleire mobilar enn eg! Gi tilbakemelding på bloggen om antal innleverte mobilar!!!

Når fristen for å stikke din gamle mobil i kassen går ut 6. oktober, håpar eg at den er full og vel så det. Dei unge fotballspelerane våre vil bli flotte i nye drakter. La stafettpinnen gå vidare. Nå har eg utfordra dykk! Kor mange mobilar finn de rundt om i heimen som kan i kassen?

Dagens kviss: Kor mange mobilar får IL sand inn? 
Dagens vinnar blir kunngjort etter 6 oktober.

1 kommentar: