tirsdag 6. september 2011

Privat-privatisering av kai

Som de hugsar, ville nokre av dei politikarane som me skal stemme på, privatisere kaiane i Suldal. I økomomiplanen for 2006 - 2009 skulle dei sheina opp kaiane, men politikarane snudde i  2008.  Så måtte de snu seg igjen etter at folket dei skulle tene, protesterte. Dei hadde si fulle hyre med å snu seg etter kor vinden bles. 

I dag er kaiane framleis kommunale, men i denne tida har inkvan starta denne privatiseringa som var kommunen sin intensjon. Nå kan me sjå kva som vil skje om kaiar blir privatisert. Folk kan ikkje bevege seg fritt på kaien og området omkring. 

I dag får eg høve til å sei: kva sa eg! Eg hadde ein visjon over kommuneplanen og skapa den om i peparkakedeig. Den var utstilt til spott og spe i Peparkakebyen på Kulturhuset. Eg minnest at ordføraren tykte eg var vel negativ. Sjå for dykk sjølv, og sjå om det er slik me vil ha det...

Rådmannen svingar kniven og kuttar til beinet, og tvert over også ;)


Rådmannen klaga si naud over den stor budsjettsprekken i komunehuset. Det vil sei sprekken var større, men den krympa i steikeomnen. Kanskje eit godt råd til rådmannen neste gong sprekkane blir for store?


                         Dette var det politikarane ville ha. Og nå har dei fått det!

Dagens kviss: Kor ligg med nemnde kaien?

6 kommentarer:

  1. Og ellers, så må eg seia det var nokre fantastiske bakverk!

    SvarSlett
  2. the librarian bitch6. september 2011 kl. 08:44

    Ja, Liv er kreativ når Peparkakelandsbyen skal byggast opp. Kan vel ikkje sei det same om deg og andre erfjordkråker. Bidrag i frå den delen av kommunen har glimra i sitt fråvær i alle år. Fy skam :-)

    SvarSlett
  3. Bakverk med bodskap ja.... Hehe. Men, eg for min del meiner at mat skal etast, ikkje utstillast.... ;)

    SvarSlett
  4. Heilt rett Han Innante! du er dagens vinnar.
    Bakverk med bodskap er bra. Ein får fram meininga si og dekker det med sukker, så ingen blir sure.

    Desse kakene vart etne 6 januar, dog litt støvete. Men kva gjer vel det.No litt det politiske bodsaket og gjærer i mange magar. Må bli eit godt val av det..

    SvarSlett
  5. Vi er også glad i Suldal og spesielt i Finnvik. Siden vi overtok i 2010 har vi tatt imot folk fra både sjø og land som har blitt vist rundt på tunet og museet. Vi har vært stolte, inkluderende og forsøkt å invitere Suldal kommune som støttespiller til gjenåpning av museet og aktivitet på tunet. Privatisering ??!! Tvert imot. Ikke da bakverket ble laget og innlegget lagt ut. Heller ikke i dag tre år etter. Velkommen er du Liv sammen med samtlige både lokale og tilreisende.
    Vh maiken vorland

    SvarSlett