torsdag 29. september 2011

Slik var sommaren i år

Denne overskrifta fann eg i Haugesunds avis ein dag. Dei lurer på om sommaren ikkje var så galen likevel.  Så kjem dei med utsegna at statistikken aldri lyg. Neivel, statistikken lyg nok aldri. Men som ein matar inn data får ein svar...


Ein lærar sa til meg når me hadde statistikk. "Jo, statistikk ser dåkke. Den kan gi det svaret me vil. For eksempel kan me få det til å regne mest i Noreg, pr. Hode, i Drøbak!"  Imponerande!

Sommaren kan reknast som god etter antall grader, eller etter nedbør. Då vil me få forskjellige svar. Den same sommaren kan bli både dårlig og bra. Og så seiest det at statistikk ikkje lyg. Kva gjer den då når den gir oss to forskjellige svar. Driv den med heilgardering?


Ser me på gradene for i år, får finn me at me hadde 27 dagar med 20, eller meir grader. Det er 5 dagar over gjennomsnittet for 1957- 2011  Og sommaren i fjor som me også hugsar som dårlig, hadde heile 32 dagar med 20 grader, eller meir. Då er det ikkje så gale, eller....


Men ser me på nedbør blir statistikken litt annleis.  Denne sommaren er den nest våtaste sidan 1900
1964 er framleis vinnaren.


Og fremdeles vil dei ha meg til å tru at statistikken ikkje lyg!

Dagens kviss: Kor mange dagar med temperatur opp til 25 grader i år? Ca

4 kommentarer:

  1. Det er ingen andre som prøver seg. Då er du kåra som vinnar. Du var nær. Det var 8 dagar! Gratulerer!

    SvarSlett
  2. Oh shit!! Eg som egentlig sko skriva 8 - men så tenkte eg at det var jo så varmt i april at kanskje me hadde et par dager opp mot 25 då???

    SvarSlett
  3. haha. Slik er det når ein begynner å bruke hjernen. Det går oftast best på autopilot ;)

    SvarSlett