onsdag 14. september 2011

Ungt blikk på valet i Suldal

Dotter nummer 4 var litt forarga då ho las i Haugesunds avis at radio 102 hadde ung kåring av beste val-snop. Dette har ho halde på med i bygda i mange år. Ho og Frøken Kvilhaug starta for 6 år sidan.  Dei har ved dei  siste vala vurdert partia etter best snop, kjekkaste "give aways" og raushet.

Så eg vart nødd til å offentlegjere resultata hennar på bloggen min.  For dei vil ikkje ha det på seg at dei er upolitiske. Ho likar heller ikkje at inkvan stel ideen deira.

Dette året vart vurderinga tatt i lag med ei ny venninne. Ei venninne ho ikkje hadde hatt om ikkje inkvan hadde brote valgløftet sitt.




P1010056
Snop er alltid ein sikker vinnar for unge veljarar in spe.

P1010057
Det var eigentleg meir snop utdelt, men det forsvann før dokumenteringa.



P1010061
Ved forrige val, vann Senterpartiet. Dei hadde verdens beste harde karameller. Denne gongen var dei på ville veger for unge framtidige veljerar. Pennen som er avbilda nedfor var kjekk. Tomater og tannpirkarar pirra ikkje.

P1010064
Her skulle det vore bilete av vinnarsnopet, men det vart opp-ete. Arbeidarpartiet hadde det desidert beste snop, men dei var litt knipne på det. Dei hadde lakris og jordbærkaramell. Ellers gav dei ei rose. Tips: Del meir av godene. 



P1010065
Lite interessant her. Trekk for at mor i heimen kom smilande heim med t- skjorte, noko jentene ikkje fekk.

 P1010063
Delt førsteplass: Høgre gav villig vekk av godene sine. Det likte jentene. Alle på standen snakka med jentene. Dei følte dei var viktige for politikarane. Men dropsane er ikkje dei beste.

P1010071
Delt førsteplass. Krf hadde mest forskjellig, men de var knipne på utdelinga. Dei var også meir opptatt av å snakke med vaksne, og kun ein såg dei unge.


P1010068
Fremskrittpartiet gjorde eit dårlig val i år. Ikkje rart når me ser valgflesket dei gav ut.: 1 ballong. 

Tre pennar. Til venstre Senterpartiet sin. Den var super; penn i eine enden og guler i andre enden. Var lenge ein sterk nummer 1, til Krf kom med pennen i midten; penn med halssnor og såpebobler!

SV er ikkje med  på denne vurderinga, for dei gav ingenting, og var ikkje interessert i å snakke med jentene. Skivebom. Resultat i Suldal: - 6,1  SV og Frp er taparar i denne vurderinga. Ser me på resultata for Noreg, har dei truffe rett. 
Resultatet vart delt førsteplass til Høgre og Krf.  Høgre auka med 3 i Suldal. På landsbasis: 8,8  

Så, politikarar: ta vare på dei unge. Dei skal snart stemme dykk innn, eller ut!

Dagen kviss: Kva sa Høgres Speth på debattmøtet om å sende Nes- elevane til Sand?

3 kommentarer:

  1. the librarian bitch14. september 2011 kl. 08:10

    Ja, sei det! Alzheimeren har tatt meg. Kan ikkje hugsa det. Ikkje var han sitert på det i SP heller.
    Men eg meiner at han sa at det ikkje blei aktuelt på nokon år ennå, for på Sand skule er det ikkje rom i herberget. Må venta på meir avfolking :-)

    SvarSlett
  2. the librarian bitch14. september 2011 kl. 08:11

    Jezzz!!!!! Først i dag og!!!!

    SvarSlett
  3. Alzheimer, eller ei. du klarte deg i dag og. Gratulerer som dagens vinnar!

    SvarSlett