lørdag 1. oktober 2011

Møgedalsmarknad

I dag veit me det er haust. Det er første oktober og Møgedalsmarknad. I Bergekrossen har Møgedal Mek. Verkstad as  markert hausten  på denne måten i 26 år.  Til glede for bygdefolk og tilreisande.

Her er ei som var på følmønstring i fjor(bilde hest. no/blogg)

 Dagen inneheld  som vanleg alt ein haustmarknad skal innehalde; auksjon, følmønstring, verlamkåring og marknadsboder. Det er underhaldning for store og små. Me han kjøpe alt frå himaspøta lubbar til Tupperwareprodukter.


Superstjerna frå 60 -talet song om Senorita frå Engerdalen.

I år kan ein slå av ein prat med sjølvaste Gjermund Eggen. For dei yngste leserane kan eg leggje til at det er ein trippel verdsmeister i langrenn frå då foreldra, eller besteforeldra dykkar var små. Skitalent bør nytta høve å få snakke med denne karen.

Det viktigaste av alt er det sosiale. Her kjem folk ein treff kun ein gong i året, og det er på marknaden. Det er alltid fullt av folk om det regnar, eller er sol. Her kan ein ete, og høyre nytt. Det er aldri eit surt fjes å sjå her. Det er ein dag med sol i hjarta.


                Bygdevon 4 H har kafe. Hugs å kjøp mat og ta lodd på kakene til Bygdevon 4H.

Ha ein fin marknadsdag!

2 kommentarer:

  1. the librarian bitch2. oktober 2011 kl. 00:40

    Faen at eg måtte jobba denne laurdagen :-/

    SvarSlett
  2. slik er det når du ikkje har nåke liv! ;)

    SvarSlett