lørdag 17. mars 2012

Gjertrudsfuglen

Sidan det er Gertrudsmesse i dag skal eg fortelje dykk ei segn om Gjertrudsfuglen. Gjertrudsmesse er til minne om helgenen Sancta Gertrud av Nivelles.

Sancta Gertrud sjølv var fødd i år 626 som dotter til Pipin av Landen.
Pipin den eldre var ein av Karolingerarne sine stamfedre. Etterkommarane hans vart franske kongar.


 
Sta. Gertrud 625- 659

Gertrud gjorde som velutdanna hoffdøtre ofte gjorde. Ho gjekk i kloster. Der kunne ho vie sitt liv til kunnskap og studering. Gertrud fekk ikkje stor tilbeding i Noreg, men i Danmark vart det bygd mange Sta.Gertruds hus; gjestehus for fattige. Sta.Gjertrud vart rekna som dei heimlause sin skythelgen. Ho var også daudningeskaren si verje gjennom skjærselden.

Det er ofte storm og uvær denne dagen. Er det deimot fint vær og du høyrer skrik frå Svartspetten,.. ja,  då får du garantert dårleg vær. Så, mest same korleis me studerar naturen denne dagen, får me dårleg vær ;)

Eg nenmde Svartspetten. Den er ein av våre trolske fuglar. Den blir også kalla Gjertrudsfuglen.
Svartspetten er svart med raudt  hette på hovudet. Denne fuglen kan skrema oss i skogen. Er den i skikkeleg dårleg humør kan den føre deg vill slik at du ikkje finn vegen heim.
For å forstå korleis kvifor fuglen kan vere så ond, må me sjå på historia om Gjertrudsfuglen:

Denne historia har eg etter far min, Lars Hiim. Han hadde sjølvsagt ein skjult agenda for å fortelje oss om Gjertrudsfuglen:


 
Gjertrudsfuglen  


Vårherre og St. Peter gjekk omkring på jorda og kom til ei lita stove. Dei gjekk inn og helsa på kona i huset som hadde bakedag. Både Vårherre og St. Peter var svoltne, så dei ba om litt mat. Kona sa at det skulle det alltids bli ei råd med.

Ho tok ein bitteliten deigklump og kjevla den utover. Mens ho kjevla vart leiven like stor som dei store deigklumpane ho hadde kjevla ut. Ho tok på ny ein liten klump og kjevla ut. Den vart også like stor. Denne vart og for stor til å gi bort.

Ho tok ein ennå mindre klump og kjevla utover. Samme kor liten deigen var, vart leiven like stor som dei største. Til slutt sa ho at ho kunne ikkje gi dei noko mat, for leivane var for store til å gi vekk.

Vårherre vart sint på kona som var så gjerrig og sa: " Sidan du ikkje kan gi oss noko å eta, skal du som straff blir forvandla til ein fugl som må leite etter maten mellom barken og veden på trærne. Du får heller ikkje anna å drikke enn det vatnet du får tak i når det regnar."

Straks vårherre sa dette, vart kona forvandla til ein fugl. Då ho flaksa seg gjennom pipa vart ho svart over heile seg unntatt på skautet ho hadde på hovudet. Det lyste raudt.  Derfor er Gjertrudsfuglen heilt svart unntatt med ei lita raud hette på hovudet.

Og moralen i soga far fortalde det var at ga me han av snopet vårt slapp me å bli omskapt til Gjertudsfuglar.
Kvar gong me sat og kosa oss med snop kom far stigande. Han lukta seg fram til snopet og sa " Husar du koss det gjekk med Gjartrudsfuglen?"  Me knurra, men måtte gi litt frå oss.

5 kommentarer:

  1. No forstår eg kvifor du heldt snopeposen din så hemmeleg;-)

    Kjekt med liv i liv midt i livet!

    SvarSlett
    Svar
    1. hehe, alt kjem for ein dag... tilslutt ;)

      Slett
  2. the librarian bitch17. mars 2012 kl. 12:31

    På tide du kom tebars

    SvarSlett
  3. Kjekt å "sjå" deg att.....gledar meg te å gi deg ein klem ;o)

    SvarSlett
  4. TLB og anonym.: " Glad to be back" Det blir kanskje ikkje kvar dag i byrjinga, men heng med så ser de...

    SvarSlett