tirsdag 17. april 2012

14 år


I dag kan eg med hånda på hjarta sei at eg ikkje har ungar att i reiret. Yngstabadne er blitt 14 Det er eit år sidan ho blei 13 og tenåring. Men me har ikkje merka noko til at badne var blitt tenåring før nå nyleg. I dag er det 14 år sidan dotter nr. 4 kom til verda på Haugesund sjukehus. 

Eg var misunnelig på ei dame lenger opp i dalen som hadde levert ein son nokre timar tidlegare. Men klokka fem på fem var lykka fullkommen. Tenk eg hadde fire jenter. Eg har alltid sagt at skal ein samle på noko, må ein samle i seriar, for då blir det meir verdifullt. Nå hadde eg fått mi eiga jentesamling!

Når eg omtalar mine døtre, gjer eg det på kinesisk vis; Dei seier dotter nr ein, son nummer ein, og så vidare.. Dotter nr 4 er ei snill og allsidig jente. Ho har mange jern i ilden og store ambisjonar. Ho skal iallefall ha meir utdannelse enn dotter nr 2, som ledar flokken. Sidan dotter nr.2 blir farmasøyt, vil ho bli over-farmasøyt. Og finns iikkje den jobben, så skal ho iallefall lage ein slik stilling.


Ho likar å  fiske, og verker opp sin eigen fisk.



Å kle seg ut er topp. Ei arv frå mora?



 Baking er hennar lidenskap. Ho har hatt det som 4 H- prosjekt og bakar gjerne ei kake før resten av familien har rådd seg or svevnen.



Ho likar shopping, sminke og stailing. Fin som ho er, blir ho ofte plukka ut som modell. Her er ho hanka inn på eit kjøpesenter i Glasgow for å få seg fint hår.



Lutten elskar sko, og berre MÅ ha dei høgaste hælane. Det verste er at ho kan gå med dei også.



Tradisjonane i heimen er mange. Ein av dei er å bidra med politiske byggverk
 til peparkakebyen på kulturhuset før jul.



Magedans har ho halde på med sidan ho var seks år. Ho har vore på mange magedanfestivalar i Stavanger. Ho har opptrett mellom anna  på Kulturhuset i Suldal, UKM, konserthuset i Stavanger og i private lag.


Gjett kven som bakar så flotte kaker at dei kjem på TV?..


På TV står det:" Liva 13 år har laga 17. mai kake!"  ( De kan klikke på bildet for forstørring.)



Dotter nr. 4 har farta vida i verdå. Her er me ein plass i den fjerne Østen på togtur gjennom tre enorme land. Russland, Mongolia og Kina.


Sosialt engasjert. Her bidrar ho med mobilar til Sand IL si innsamling. Me hadde skattejakt etter mobilar i heimen og fann ca 25 stykk.




    Heila slektå ønskjer deg tillukke med dagen og kjem nok strøymande til kaffi og kaker.


Kanskje vertinna serverer ei slik flott kake?


Ha ein fine dag trudeLutten vår!


5 kommentarer:

  1. Gratulera med dagen te dotter nr.4. Eg veit akkurat koss deter og ha ein flott bukett av 4 døtre, heilt uvurderleg. Der e me vel einige Liv. Klem.

    SvarSlett
  2. Gratulerer til både dotter og mor! Du har levert fire flotte bidrag til menneskeætta, Liv. Staut, dugande og vakker minstejente - så visst ingen bortkommen oskefis.

    SvarSlett