fredag 13. april 2012

Fredag 13.

Så er den her igjen; fredag den 13. Dagen då ingen må gjere ein einaste ting, ellers går det gale. I dag skal du ikkje gifte deg, ikkje byrja på eit nytt arbeid, ikkje starte ei reise, eller kva som helst, eigentlig. Helst bør ein ikkje stå opp denne dagen.



Tidlegare var det nok med fredag som ulykkesdag, eller talet 13.  Det er seinare ein stakkar har funne ut at fredag og 13 tilsaman blir dobbel ulykke.

Det går ei soge som byggjer under uhellet med fredagane. Ein mann bygde i 1860 eit skip. Det stod ferdig ein fredag, så han kalla skipet Fredag. Dei seilte ut ein fredag. Etter det er mannen og skipet aldri meir spurd.

Fredag var ein lykkedag i norrøn mytologi. Det var kjærleiksgudinna Frøya sin dag. Det kunne ikkje vere dårleg. Men etter at landet vart kristna, og folk fann ut at Jesus vart korsfesta ein fredag, var det over og ut med lykkelige fredagar



I skottland bryr dei seg ikkje om gjestene må bu på rom nummer 13   Eller er det der dei legg inn uheldige gjester? Eg låg her. Det gjekk godt med oss, men ikkje med dataen og Ipoden.

Talet 13 har vore uheldig sidan Sumererane levde for ca 5000 år sidan. Dei var gode stjernetyderar. Dei rekna ut at eit år var 365,26 dagar langt. Frå ein nymåne til ein annan var det 30 dagar. Det gav 12 månadar på eit år, og eit overskott på 5 dagar. Desse dagane vart sett i ein trettande månad.  Dermed vart 13 eit avvikartal og stod for ondskap og overtru.

Alle veit jo at me kan ikkje vere 13 til bords. Me veit jo korleis det gjekk i den siste Natverd. I Tornerose sin dåpsfest kom alle 13 feane endå  kongen kun hadde bedt tolv av dei. Og me veit alle korleis det gjekk etter den festen.



 Finn du seterad 13 her mon tru?

Talet 13 er så skummelt at mange hotell ikkje har trettande etasje, eller rom nr 13. Nokre flyplassar unngår gate 13, eller flysete nummer 13
Kombinasjonen fredag og 13 er så skummel at næringslivet i Amerika tapar opp mot 900 millinonar dollar denne dagen.

Det er nokon som lir av paraskavedekatria. Dei har det ekstra vanskeleg i dag. Dei lir nemlig av ein fobi: Frykt for fredag den 13.
I år må dei gjennomleve tre stykk av desse dagane. Det er maks antal per år. Neste gong blir fredag 13 juli.  Men som trøyst er det berre to av dei i 2013

For å sei det med skottane: Break a leg!

5 kommentarer:

  1. Grøss!! Eg blir inne i dag! :-)

    SvarSlett
  2. HELDIGVIS pleier fredag 13 være lykkedagen min, så tror jeg skal levere inn en Lotto kupong idag. Fredag 20 derimot, da går ALT galt...

    SvarSlett
  3. Ja,Kristin, eg skal og tilbringe dagen inne. Ikkje skal eg lage middag heller, for ein slik dag eg gjorde det kortslutta komfyren :(

    Heldige deg, Anne, legg inn et lodd for meg og. Det pleie som regel ver nok at du har hatt hånda di på mine lodd så går di inn ;)

    SvarSlett
  4. Familiemytologien ville ha det til at eg vart fødd fredag den 13. Bestefar min gjekk uroleg rundt i stova og otta for koss det skulle gå dette uheldige barnet, blei eg fortalt. Sjekking av fakta har seinare befridd meg for dobbel ulukke. Ikkje godt å seia kva lagnad eg ville ha hatt dersom eg faktisk hadde blitt fødd på ein fredag, eller på den 12. eller 14.

    Eit godt resultat av fredag den 13. er eit nytt blogginnlegg frå Liv. Men du skreiv del vel i går, kjenner eg deg rett.

    SvarSlett
  5. Hehe, du kjenner meg rett!:)

    var det nokon som la merke til nummereringa av flyradene?

    SvarSlett