lørdag 28. april 2012

Hu hei! kor er det vel friskt og lett

Kom opp, kom opp frå den tronge dal. Kom på fjellet.  Her leikar livet med kåte sprell, oppå fjellet. Eg har sitert vel fritt etter K. Janson. Det er fint å komme seg i høgda. Om ein ikkje lenger kjem seg på ein nut er det likevel fint å sitje i høgda og sjå på nutane. Dei er mykje nærare her.


Ingen stad i verda er eg så glad i som Hiimsheia. Ja, det må vere Vikane ( Sahara for Sandbuar) Her ved Hiimsvatnet er nutane låge. 



Utsikt mot Holmen og Torgålen. Dette er ei veke før påske og isen bryt opp. Mens me sat der, opna isen seg mellom Holmen og land.


Mor er plassert på ein stol slik at ho kan sitje og nyte livet og sleppe å gå i dalen og starva så tung og heit. Og auga flyg over nut og tind. Det er som flyg det i himlen inn.



Men, utan mat og drikke duger heltane ikkje.



Det vart vel litt for friskt og lett oppå fjellet.








opp frå fjellet, opp frå fjellet.



Ha ei fin helg. Hugs å gå en tur på stien og nyte skogens ro..

2 kommentarer:

  1. the librarian bitch28. april 2012 kl. 11:41

    Ko, ko, ko......

    SvarSlett
  2. du må kje svara gauken. Då kan du begynne å blø frå hjerta, eller gjennom munnen. Der eg voks opp var det gauken som ville blø på på tunga.

    Her må an helst halda tunga beint i munnen når ein skal gå ute i naturen og følge varsla:)

    SvarSlett