onsdag 18. april 2012

Møteliv

Møtenes tidsalder.
Den store møteboka, ei folkelivsskildring frå det 20. årshundre kan vere til ettertanke. Eit møte lar seg ikkje definere fordi det ofte er noko anna, og meir, og ofte ein annan stad hevder forfattarane. Derfor kan eit møte vere kva som helst. Eg definerer her eit møte som ein stad der eg stiller opp og gjer ein innsats for eit lag, eller organisasjon.

Jan Otto Johansen  skreiv i Aftenposten at: "det holder på å utvikle seg ein ny type menneske. De har revidert Descartes. Dei seier ikkje: " Eg tenkjer, altså er eg" . Dei seier: " Eg er i møte, altså er eg."

 Eg var tidlegare aktiv. Eg hadde mykje å bidra med. Men alt har si tid som det står i bibelen. Ei tid for å så og ei tid for å hauste...

Året 2010 byrja bratt og brattare blei det. Eg byrja å strekkja strikken vel langt. Tilslutt rauk den. Eg måtte leggje om. Eg måtte sjå kva som var viktig, mindre viktig og uviktig. Eg byrja å trekkje meg ut av ting som krevde meir enn det gav.

Årsmøtetida viste at eg var overengasjert.  Eg hadde trekt meg forsiktig ut av styreverv året før, men då blir straffa å sitje i valkomitear. Det viste seg at eg sat i 4 valkomitear. Februar gjekk med til telefonering og møter. Det vart heller heitt rundt meg. Eg sat med papir alle veier og prøvde å styre tunga beint i munnen mens eg balanserte hattane på hovudet. Det var om å gjer å be folk ta verv i rett styre ;)

Etter fleire veker, då eg trudde stormen var over, dumpa ein e-post inn: Eg sat også i valkomiteeen for eit landsstyret. Det hadde eg heilt gløymt ut. Så var det til å brette opp og sette i gong. Etter å få forslag til styre i 5 lag, har eg nå berre eit årsmøte til å gjennomføre. Så kan eg kvile på laurbæra... trur eg....


Eg har starta å rydde. Dei to siste åra av mitt liv gjekk inn i seks permer. Nå må det vel ordne seg. Ja, så er det sjølvmeldinga då....

2 kommentarer:

  1. Også eit prov på at det som regel er dei same personane som er aktive på fleire frontar.Nokre klarer av ein eller annan grunn alltid å seia nei eller gjera seg heilt usynlege slik at dei aldri blir spurte. På den andre sida er det kjekt og utviklande å vera med å ta ansvar og påverka. Men alt til si tid: Du har tydelegvis teke din innsats. Håper både lekam og sjel nyt eit rolegare tilvære!

    SvarSlett
  2. ja det er ofte slik. Eg trur det blir betre.... etter sjølvmeldinga er sendt inn :P

    SvarSlett