tirsdag 8. mai 2012

8. Mai

8. Mai er frigjeringsdagen vår. Me minnest at Noreg vart fritt 1945  Det var då " freden braut laus" som dei gamle sa. Dei tyske styrkane skreiv under på ein betingelseslaus  kapitulasjon. Då hadde me vore okkupert i fem år. Josef Terboven, Noregs rikskommissar tok livet av seg på Skaugum. Han sprengde seg i lufta i bunkeren på Skaugum ved midnattstider.

Det vart klart for alle at krigen gjekk mot slutten og eit nederlag for Das Reich, men det var usikkerhet omkring  Noreg. Ville tyskerane halde seg i Festung Norwegen?  Det var ein halv million soldatar att i Noreg, og dei hadde på ingen måte gitt opp. Men så kom ordren frå den nye rikspresidenten i tyskland, Dønitz. Det vart slutten på "operasjon Weserubung"



Dessverre var det ikkje alle som hadde det gildt 8. mai. I seiersrusen vart ein del folk vel modige og røynte seg ut på dei som var mindre enn seg sjølv. Hevna var søt i dei dagar. 


Her har me eit eksempel på festlighetene etter at freden braut laus.  Ordet "Tyskertøs" kom inn i vokabularet vårt. Dei og ungane deira fekk betale ein høg pris for kjærleiken. Over 8000 barn har lidd, og lir den dag i dag. Var ein i tillegg så forræderisk at ein gifta seg med ein tysker, måtte kvinnene forlate landet i ein fart. 

Få tok til motmæle mot denne oppførsla. Ein av få var jusprofessor Andenæs:
- Jusprofessor Johs. Andenæs protesterte mot dette i Verdens Gang: «Man utviser ikke landssvikere, ikke tyskertøser og deres barn, bare akkurat denne kategori som har fått sitt forhold legalisert ved ekteskap, og deres barn. Hvis man sier at det å gifte seg med en tysker er et så uverdig forhold for en norsk kvinne at hun bør miste sitt norske statsborgerskap og utvises, må det være like uverdig for en norsk mann å gifte seg med en tysk kvinne.» 28 norske menn giftet seg med tyske kvinner under krigen og denne gruppen ble aldri truet med deportasjon. [21]-

Då var det ingen som siterte Arnulf Øverland sitt dikt:  "Du må ikke sove". Han skreiv det mot nazismen. men kom vel ikkje på at det måtte seiast til oss etter krigen. 
"Du må ikke tåle så inderlig vel den urett som ikke rammer deg selv." " Tilgi dem ikke, de vet hva de gjør!"

Tenk over dette idag. Er me så gode som me vil ha det til?
----------"----------
Nytt frå 2011 er at 8. mai også er Veterandagen der me skal feire alle veteraner. I dag blir det markert på tretten forskjellinge stadar rundt om i landet.

8. mai er også FN sin offisielle dag til minne om alle krigsoffera etter  2. verdskrig.
8. mai er også den Internasjonale Raude Kross dagen. Dei feirar dagen sin på grunnleggjaren, Henry Dunant,  sin fødselsdag. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar