lørdag 5. mai 2012

Bæ bæ lille ku

Det er tid for lemming. Ei travel tid for dei som driv med sau. Sauer er jo, som me har høyrt frå høgare hald, ålreite dyr.  Det tykkjer arvingen i heimen og. Barnebarn nummer 1 elskar sauer, eller bæar som det heiter på hans språk.  "Bæ bæ lille lam" er ein av yndlingssongane hans. Helst vil han høyre den sungen på I-padèn til mora. Det er andre tider nå!

Då barnebarnet var på besøk fekk han sjå sauer, og jubla og brekte. Så såg han ein hest og uttalte skråsikker: "BÆ"!  Då tenkte bestemora at dette måtte han lære seg forskjell på, og dei for ut på tunet.



P1010024
Bestemor tar på seg å vere pedagog. Her skal det lærast forskjell på dyra. "Stakkars barn, frå Bærum og alt. Det er ikkje fyse for dei å lære slikt".


 P1010025  
"Dette ser du guten min, er ei ku. Den seier møøø"


    P1010028
                                             Guten svarar skråsikkert: "Bæ"


Bestemor gir seg ikkje. Ho forklarar guten at dette er Mø. Slik går kommunikasjonen  mellom dei "Mø",  "Bæ". Tilslutt er guten heilt på grininga og seier med svak stemme og stigande tone: "BÆÆ?"  Då legg bestemora pedagoghatten av og klemmer gutungen. Ho har heilt vondt av han. Der kjem han, sjølvsikre Bærumsguten, og veit kva dyr er, så kjem bestemora og tek frå han livsløgna. Bestemor tenkjer: " Han finn det vel ut av seg sjølv tilslutt". Ho går over til å vere det ho er best på ; å vere bestemor.


Til alle små Bærumsgutar, og andre. Dette er ein Bæ

æ bæ lille lam,
har du noe ull?
Ja, ja, kjære barn,
jeg har kroppen full.
Søndagsklær til far,
og søndagsklær til mor,
og to par strømper
til bitte lille bror.

        Dette verset var dotter nummer 2 sitt favorittvers: 

Bæ bæ lille lam
hoppa i en dam,
kunne ikke svømme,
bare spise rømme
Bæ bæ lille lam
hoppa i en dam,


Denne svenske tegnspråkversjon av Bæ bæ lille lam berre MÅ de sjå. Så bra kan det lyde:

3 kommentarer:

  1. Flott barnesang den svenske versjonen. :-)

    SvarSlett
  2. the librarian bitch5. mai 2012 kl. 11:00

    Fine :-)

    SvarSlett
  3. Ja ikkje sant. Den råaste bånsull nokonsinne! :)

    SvarSlett