lørdag 19. mai 2012

Enig og tro til Dovre falder




"Enig og tro til Dovre falder" sa stortingsmennene i 1814 når dei laga grunnlova. Men nå står grunnlova den for fall. Det blir lagt fram eit forslag til grunnlovsendring. Denne har det vore jobba med i det stille sidan 2008  Nå er eit forslag lagt fram.

Kyrkjerådet var glade for endringa. Dei står framføre Stortinget og smiler. Dei skal få sjølvråderett. Nå skal dei få styre i eige hus. Ikkje lenger vere leiglending under krona, men sjølveigande kyrkjemenn.

Med dette blir ein tusenårig tradisjon broten.  Nå skal me ikkje bli fødd inn i eit kristent land. Me skal bli fødd inn i eit land utan styring på trua si.


Me skjelv som dei skalv når kristenmenene kom og velta gamla gudehov. Åsatrufolket trøsta seg med at dei var sterke i trua. Og trua deira skulle stå ved lag. "Me er sterke i trua", sa dei.
1000 år etter, er Odin og Tor kjekke eventyr å høyre om.

Me skjelv slik den katolske kyrkja skalv når Christian lll  trumfa gjennom at Luther sin versjon av kristendommen skulle råde i Danmark- Noreg.  Dei trøysta seg med at "Me er sterke i trua". Etter at dei siste katolske prestane døydde, vart det slutt på messer.

Nå skal kristendommen raderast ut or grunnlova. Kyrkjas menn er fortrøystningsfulle og seier me er glade for endringane. Det gir oss sjølvstyre og "Me er sterke i trua"
Kva sier folk om eit par hundre år?

Kongen vår har sagt sitt i 2008 Han brukte vetoretten sin. Sikkert for første gong. Han skal ikkje lenger forsvare den kristne trua. Han kan vel ikkje bruke vetoretten fleire gonger, ellers går det med han som Oscar ll  Om ein nektar tre gonger, går det ein ille. Det har me også døme på frå Bibelen.

Les om grunnlovsendringa nedanfor. Er du uenig i forslaget om å endra grunnlova, kan du signere på oppropet. Er du enig, så kan du vente på at den neste religiøse bølga kjem. Den kjem! Slik har det alltid vore og slik vil det alltid vera. Om du tvilar, sjekk sogene.

Det er allereie eit forslag om at sharia lovane skal gjelde i Noreg. Det er om å gjere å vere sterke i si tru, for tru gjer me alle, på ein eller annan måte.


Gå inn her så kan de lese om lovforslaget og signere om du er uenig i endringa. Skund deg:
http://www.underskrift.no/vis.asp?Kampanje=3920

4 kommentarer:

  1. the librarian bitch19. mai 2012 kl. 11:17

    Beintfram så kan eg ikkje sei at eg støttar dette nye lovforslaget. Bør eg melda meg inn i statskyrkja igjen for å ha rett til å protestera?

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er meir tyngde over argumenta om du er medlem :P

      Slett
  2. Jeg er ikke sikker på om jeg støtter det ene eller det andre, men vi trenger egentlig ikke en statskirke for å kjempe i mot extrem-muslimene som vil innføre sharialover i Norge og alle andre land i verden.
    Vi trenger bare å stå sammen.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja me bør vere enig og tro til Dovre verkeleg faller. Tenk om to år skal me feire denne grunnlova dei nå vil tynna i paragrafane

      Slett