søndag 6. mai 2012

Gratulatione Confirmandorum

I desse konfirmasjonstider er det på sin plass å gratulere alle konfirmantar, kyrkjelege og humanistiske med dagen.



I Suldal er me godt i gong med feiring av årets konfirmantar. Humanistiske konfirmantar feira i går på Kulturhuset. I dag er det Erfjord og Sand kyrkje som arrangerer konfirmasjon. Jelsa kyrkje var først ute. Der vart dei konfirmerte 29. april. Suldal og Marvik gjer det 13. mai.

Å bli konfirmert har nokon kvar blitt, både bokstaveleg og i overført tyding.  Men i dag er det kun gledeleg konfirmering.

Den kyrkjelege konfirmasjonen er første gong nemnd  i ei pinseandakt som Faustus av Riez heldt ( ca 450) :
- " I dåpen blir vi gjenfødd til livet, etter dåpen blir vi konfirmert til kamp. I dåpen blir vi tvettet, etter dåpen blir vi styrket".


Frå 1981 er konfirmasjonen ei rein forbønshandling i den norske kyrkja. Lovnaden frå dåpen blir stadfesta.


Det er ikkje lite som skal til for å få av stabelen ein konfirmasjonsfest. Det er mykje baking, klippping og liming rundt om i heimane i Suldal i desse tider.

Mange hjelpande hender.



Det kostar skjorta av kroppen å ha konfirmant. Mange legg alt dei har av energi, kreativitet, venner og pengar i å lage ein flott fest for avkommet. 


Og så skal hatten passe...



Anten det er ei overgongsrite, ungdomsfest eller dåpsstadfesting : Tillykke alle konfirmantar!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar