søndag 13. mai 2012

Rehab friluftsliv


Eg har allereie fortald eg har vore rehabilitert, i øydemarka på Toten. Me måtte ha noko å henge fingrane i. Det var ikkje nok med eting, soving og trening. Me måtte luftast også. På rehabilitering skal me ut på tur, utan å vere sur. Me blir friske i friluft, etc. Så kvar dag var det eit eller anna som føregjekk ute.


Me gjekk og gjekk...


Så kom me til Steffenssrud sitt eige paradis.  Her gjekk me på tur og hadde kaffi og mat. Her hadde me utedag med diverse aktivitetar,  Her hadde me også juleverksted.


Inne i lavvoen var det ei stort oppmura grue. Her steikte me vafler på gamlemåten.



Dei som ikkje har smaka bålvafler, har gått glipp av mykje. Det var ein himmelsk smak. Dei var litt harde utanpå, med eit hint av bål og brake, mens inni smaka dei vafler. Dette må de prøve.




Slik vart det gjort. 



Bålkaffi smakar ekstra godt. Sjå dusken i tuten på kjelen. Den er der for å hindre gruten i å følge med. Totningane hadde ikkje tid til å vente til gruten sokk ned i kjelen.




Bålplass ute. Kjempegildt.  På vedalaet i bakgrunnen tok eg never som eg laga fine neverhjarter av. Laga på arbeidsstova, sjølvsagt.



Eg og mi gode venninne Annemor frå Ørje

2 kommentarer:

  1. the librarian bitch13. mai 2012 kl. 12:48

    Faen ... eg og vil rehabiliterast :-)

    SvarSlett
  2. der ser du! ta med deg kne ditt og gå til doktoren:) men du må belage deg på dårlig eler ingen nettilgong :P
    Men massse steikje fine vafler:)

    SvarSlett