tirsdag 26. juni 2012

18 år!

Å bli 18 er ikkje sjølvsagt.

Det siste året har vist oss at det ikkje er sjølvsagt å bli 18 år. Nokre spirer får aldri bløme, men vår blomst blømer i dag. Dotter nummer 3 er 18 år i dag.Det er ei jente me er stolt over, og glad i. Ho har streva seg fram, utan å gi opp. Heilt frå spira låg i magen var det strevsomt. Det var eit etterlengta kjærleiksbarn, men veien var ikkje beine.

Eg låg mest heile tida på sjukehuset. Først fordi eg mista barnet. Stor var overraskelsen på sjukehuset då me såg at, jo her er det liv! Det hadde vore to, men nå var ein att. Eg måtte ligge puttane stilt til me var sikre på at babyen klarte seg.

Så fekk reise heim til dei andre. Men faren var ikkje over. 33 veker på veg gjekk vatnet. Det vart i hurten og sturten inn att på sjukehuset. Der var det til å ligge heilt stille, igjen. Eg fekk ikkje lov å gå på do ein gong. Eg låg  i 2 veker og glodde i taket. Tilslutt ville ikkje barnet meir, og ut kom Mulle!


Ikkje kunne ho skrike og ikkje syge. Heime berre sov ho heilt til me fortvila for inn att på sjukehuset for å få hjelp til å vekke og mate henne. Det var i siste liten me kom oss dit, sa dei.

Dotter nummer 3 med familien og Baltus godt klemt i armskroken. Dei hang saman som erteris.Han sat i trillebåra då ho trilla. Han sat bak på brettet på trehjulsykkelen då ho sykla, og han var med i senga.

Søstrene i trappa i det huset me hadde lengst; Haavehuset på Hiimsmoen.


1 år gammal fekk ho heteslag og ville  forsvinne for oss på tur i USA fordi var hetebølge der. 110 Fahrenheit og ikkje kjøleanlegg i bilen er ingen spøk. Ingen ville reparere det for  det var straffbart i USA viss det vart lekkasje etterpå. Etter å ha køyrt rundt for å få hjelp utan hell, nådde papsen grensa. Han vrengde bilen over og inn og ein verkstad. Dei skjøna alvoret. Me fekk Mulle inn på eit kaldt kontor og kjøla henne ned med kalde klutar. Ho vakna og fekk i seg drikke og me fekk ordna kjøleanlegget.

Til topps i Vigelandsparken
Badnet voks til og har fleire lidenskaper. Ho elska mat, reising og å køyre 4 hjuling. Dei fleste interessene har ho felles med resten av familien, så me gjer som badnet har lyst til.

 Ho har alltid vore dyrekjær. Dyr var lettare å forhalde seg til. Me har hatt hund, katt, kanin, hamster og degusar. Helst ville ho hatt hest og lama også, men då sette mor foten ned.  Me hadde hansterfarm ei tid. Busken, ei venninne av heimen, og  sjølvoppnemnd dyrespesialist, ga oss to jentehamster. Plutselig hadde me 8 hamster. Busken slutta av draumen om å bli dyrlege. Ho vart sjukepleiar i staden. 

Diana Ross imitasjon. Sydenflettene måtte ut og brusehåret tok over.


Klar for utelivet i Sunny Beach, Bulgaria. Her nyt dotter nummer 3 lange late solfylte badedager. Og om kvelden er det mat som gjeld.


 Dotter nummer 3 har eit intenst forhold til mat. Ho melder frå skulen: " ka e d t middag?" Maten blir dissekert med kirurgisk nøyaktighet. Her får kinamaten i Edinburgh gjennomgå.

Mat på eit fat. Det er lykka

Dotter nummer 3 går inn for, det ho for tida er oppteken av, med liv og lyst. Ei tid var det slalom. Me måtte køyre henne opp, så ho fekk køyre dag og kveld. Til og med i forrykande uvær ville ho avgarde for å renne.


Mat i Mongolia. På tur ut i øydemarka med søstrene. Rafting, bueskyting og riding var heilt topp.


I gågata i Moskva sat ho modell.  Mor hadde pruta ned prisen så ungane skjems. Då me såg det fine resultatet og kor lang tid kunstnaren brukte, var det mor som skjems.


  "You me, photo?" Dette utsagnet vart sagt kvar andre meter i Kina. Men dotter nummer 3 var flink til å gjere seg usynlig.  Her er det eit unntak, ei  mongolsk jente sjarmerte dotter nummer3


På togtur i det fjerne østen. Omlag her mista me mobildekninga og dermed  kontakt med omverda. 



Dotter nummer 3 og Djenghis Khan


Den stille og rolige jenta vår vaks opp og blei ein fin blomst.  Ho går på vidaregåande skule og har planane klare.

Desse krøllene er ekte. Eg og dotter nummer 3 kranglar om frisyren. Eg går for lokkene,  ho rettar dei ut.


                                   Full fart. Helst skal det vere ulendt og utfordrande.

Gratulere med dagen. I dag er det deg det dreier seg om. Me vil bukke, nikke, neie, snu oss om kring og spørre så hva vil du mere, gratulere! Men kakene får vente, for alt som 18 åring har ho byrja å vere bortreist på dagen!

God tur til London  Ma og Mulle!

fredag 8. juni 2012

Pinsemenigheten

Det har vore pinse igjen. Pinsen er vond å halde styr på, for den held seg ikkje i ro. Menighetsforstandaren hadde forrekna seg litt dette året og var i syden "pinstitider". Men snarrådig som han var, innkalla han til møte veka etter. "For pinsen kjem jo til dei mest utrulige tider, så kvifor ikkje ei veke etter?"

I og med at alle kristne høgtider har eit hedensk opphav, så er dette og eit lappverk. Kva tid er så pinse? Jo, det er slik, hald dykk fast: Pinse er avhengig av påska sitt inntog. Påska igjen er avhengig av vårjamdøger, og vårjamdøger er avhengig av månen.

Vårjamdøger er 21 mars. Første påskedag  er første søndag etter første fullmåne etter vårjamdøger. Tog du an?  Det vil sei at første påskedag kan vere alt frå 22. mars til 25. april. 49 dagar etter påskedag dukkar første pinsedag opp. Me kan også sei at det er på den sjuande søndag etter påskemorgon, om det er lettare. 



Pinse vert feira på ymse vis. Me har vårt vis. Feiringa startar klokka 11 og fortset til dei siste går heim, om lag med siste ferja.

Tungetale er blitt sjeldan vare i  norske menigheter, men i vår blir det nokså mykje av det. Det er ikkje alltid me klarer å løyse gåtene. Men gjer me det, så ler me oss mest forderva. Dette er dagen då all tale går i krik og krakje. Misforståingar oppstår, og blir løyst. Dette året vart det verst for den stakkaren som med ei feiloppfatting ikkje "var avvendt". Stort sett fortel me dei same historiene og ler like godt, kvart år.




Forstandaren diskar opp med koldtbord. Me et og kosar oss heile dagen. Mitt kollekt er Rabarbrapai laga på staden.

sophie
The same procedure as every year, James! Det er menigheten vår i eit nøtteskal.


Eat shit...  Dei minste vart utsett for "practical jokes", og beit på.



Nytt av året var trekken. Me dreg visst på åra, for trekken var eit gjennomgongstema. Derfor kunne me heldigvis ut i sola og vekk frå dørtrekken. Ambulansen var ikkje på staden dette året, men me hadde Fonnabackup og lege istaden, så me var trygge i kropp og sjel.

Me er alle pinsevenner i Noreg. Venner av 2. pinsedag. Me nyt den ekstra fridagen me har. Nå som den rådande samfunnskipnaden har delt stat og kirke, kan me nok skyte ei kvit pil etter Whit Monday.

torsdag 7. juni 2012

7. Juni

I dag er det 7. juni. Det er dagen for unionsoppløysinga i 1905  Mange har ein vag oppfatning kva det er med 7. juni. Så les her og bli vis!

Noreg var i union med Sverige frå 1814 til 1905  Eg vil presisere at unionen med Sverige var ein personalunion der Noreg var ein eigen sjølvstendig stat. Dette synest å ha gått dei fleste svenskar hus forbi. Så til dei av som les dette, les og bli overtydd!

Kongen var konge av Sverige og Noreg. Landa hadde forskjellig lovverk, styringsorgan, undervisningssystem, forsvar etc etc. Det einaste dei hadde felles var utanriksstyre, og det vart kilen som sprengde steinen.

"Brister båndet?" er tittelen på denne satireteikninga

Nordmenn ønska eigen utanriksminister. Dei ville også ha eige konsulatvesen. Det fekk dei ikkje. Kong Oscar ll sette seg på bakbeina. Stortinget vedtok lova om eige konsulatvesen tre gonger. Då kunne ikkje Kongen nytte vetoretten meir. Regjeringa leverte avskjedssøknad som kongen nekta å motta.  Då vedtok regjeringa, 7. juni 1905,  at kongen skulle avsetjast fordi: «foreningen med Sverige under én konge er opphørt som følge av, at kongen har opphørt å fungere som norsk konge» Unionen blei oppløyst i ei bi setning!


Folk var engasjerte. Dei sende politiske postkort

Det var sterke reaksjonar i Sverige på denne oppsigelsen. Den svenske Riksdagen krevde folkeavrøysting i Noreg for å godkjenne unionsoppløysinga.  Alle menn over 25 år, og ingen kvinner, gjekk til val. Resultatet vart overveldande. Mannfolka hadde talt: 368 208 stemte for og 184 stemte mot.


                                                      Nøytralitetsvakt langs grensa. 

Begge landa frykta krig, og mobiliserte.  Partene kom til enighet om unionsoppløysing  i Karslstad  23. september. Riksdagen anerkjente den sjølvstendige norske stat den 26.oktober. Så kom forhandlingane, og folkeavstemming, om Noreg skulle bli monarki, eller republikk. Stemmeberettiga menn gjekk mann av huse og stemde for monarki, så kunne prins Carl av Damnark bli norsk konge.


Så kom kongen. (25 november 1905) Prins Carl  av Danmark er blitt til Haakon Vll  av Norge, og prins Alexander er blitt Kronprins Olav.

Her er teksten som gjer det slutt med unionen med Sverige:  
Stortingsvedtaket som oppløste unionen i en bisetning lyder: «Da statsrådets samtlige medlemmer har nedlagt sine embeder, da Hans majestæt kongen har erklært sig ude af stand til at skaffe landet en ny regjering, og da den konstitutionelle kongemagt således er trådt ud af virksomhed, bemyndiger stortinget medlemmene af det idag aftrådte statsråd til indtil videre som Den norske regjering at udøve den kongen tillagte myndighed i overensstemmelse med Norges riges grundlov og gjældende love – med de ændringer, som nødvendiggjøres derved, at foreningen med Sverige under én konge er opløst som følge af, at kongen har ophørt at fungere som norsk konge.»
7. juni var også dagen  Kong Haakon kom tilbake til Noreg i 1945 etter fem år i utlendinghet.

onsdag 6. juni 2012

Sjukehuset i våre hender

Eg har hatt den tvilsomme æra av å sjå innsida av eit sjukehus. Eg var på akutten. To gonger har eg komme inn den akutte vegen. Første gongen  hadde eg brote foten. Det var ein spesiell opplevelse som eg den gongen håpa var eit eingongstilfelle.


Det var som å spela Monopol.  Eg rykka heilt inn på målstreken 3 gonger. Første gong fasta eg heile dagen. Men ingenting skjedde. For det var kø. Så fasta eg neste dag og. Eg kom ned til operasjonsstova og vart gjort klar. Så kom meldinga. Me treng stova. Ja, heilt rett, Haugesund sjukehus hadde berre ei operativ stove då.

Så vart eg sendt heim. Neste morgon ringde dei og sa at no kunne eg komme likevel. Eg reiste til byen og fasta. Så vart eg gjort klar og kjørt inn på stova. Akkuratt då narkosen skulle settast vart dørene slengde opp. Ei trafikkulykke trong stova.  Då eg endeleg kunne faste for 4.gong kom eg i narkose, men då var foten grodd.

Så kom eg inn att sist veke. Det viste seg at ting ikkje hadde blitt bedre. Eg følte eg var innlagd på eit sjukehus i eit U- land.

                                                     Slike lappar var det fleire av

Denne gongen vart eg kjørt med ambulanse til akutten. Så langt var alt velstand. Vel framme på akutten fann eg ut at dei fremdeles hadde berre ein av alt. Eg skulle liggje med hjerteovervaking, men den var opptatt. Dersom den blei ledig skulle dei komme inn til meg om natta og sette den på. Dei kom aldri.


Eg hadde fått folka heime til å raske med seg pustemaskinen min mens me venta på ferja. Det viste seg at ein del mangla, og då var den ubrukelig.  Eg spurte om eg kunne få låne ein på sjukehuset sidan eg ikkje kan sove utan. Men nei, det kunne eg ikkje. Dei hadde berre ein, og den måtte vere klar til akutte tilfeller.


Men dei kom med eit plasthovudfeste og sa eg kunne prøve å feste delane til min pustemaskin. "Det er om å gjere å vere kreativ". Delen eg mangla, og delen eg fekk, er like. Men dei er meint å festast på ein del som heng på det festet eg hadde heime, så eg prøvde å sei at det ikkje gjekk an. Men eg tala for døve øyrer. Slangen kunne eg visst stikke i halsen.


Slik skulle eg vere kreativ,
For å gleda ein overarbeida sjukepleiar gjorde eg eit forsøk. Men det var slitsomt å leike Hannibal Lecter når ein er sjuk.


                                                          Eg og Dr. Hannibal Lecter


Slik skulle det vere. Etter ei tid kom dei og ga meg surstoff i staden.

Eg skulle vere på sjukehuset eit par dagar for testing, men så fann dei ut at det var liten vits i og med at testeapparata ikkje fungerte. Så dei sa eg fekk komme inn ein gong og ta testane poliklinisk når dei hadde fått fixa apparata. Om ca 6- 7 veker!


Den einaste oppvaskmaskinen i kantina er overanstrengt

Skal me vere nøgde med eit sjukehus som kun har ein av alt. Eller må me gjere som folk i Stavanger gjer. Dei samlar inn til apparater som sjukehuset kan kjøpe inn: "Aksjon Sjukehuset i våre hender"


Haugesund sjukehus (Foto: Helse Fonna)
Helsefonna, vårt nærsjukehus

Anten me likar det eller ikkje; dette er vårt akuttsjukehus. Det er der me skal når det står om livet. Skal me sei at  me ikkje bryr oss for staten har ansvaret? Eller skal me aksjonere?

Det hjelper lite å sei at Staten har ansvaret når lungene dine klappar saman og dei berre har ein pustemaskin!
Det hjelper lite å sei at Staten har ansvaret når hjarta flimrar og dei berre her ein hjarteovervakar!

Du skal bry deg!

tirsdag 5. juni 2012

Skattejakt

Om de bur i Trondheim, eller skal til Trondheim, bør de gå på skattejakt. I Trondheim er det for tida stilt ut ein uvurderlig skatt på Vitenskapsmuseet. Gullskatten frå Afghanistan.

Dei unike skattene omfatter 230 gjenstander, gull- og glassfigurer, bronsestatuetter og elfenbeinustskjæringar frå Silkevegen. Skattane går tilbake til Aleksander den store si tid. (356-323 f.Kr.)  Omlag to tusen år skiller den eldste gjenstanden fra den yngste i utstillingen.


Denne gullkronen en av mange skatter som i dag er å se hos Vitenskapsmuseet.
Foto: Frank Lervik 
Brudekrone som kan flatpakkast. Praktisk for nomadar.

NTNU Vitenskapsmuseet har som eineste visningsstad i Noreg sikra seg utstillinga «Afghanistan – den gjemte historien». Det vert rekna som ein verdenssensasjon.

Under krigen i Afghanistan redda museumsdirektør Massoudi unna ein del av den gamle skatten som var i museet. Han klarte ikkje få redda alt. Mykje er borte. Ein reknar med at 70 prosent av skattane har forsvunne frå musea.

Men  modige folk har gjort ein stor innsast og berga mykje. Både Taliban og skatterøverar ville ha gullet. Taliban ville smelte om gullet for å finansiere krigen.

Under stor risiko vart gullet gjøymt det under krigen, og seinare smugla ut or landet.
Nå er skatten henta fram, og er på evig vandring rundt om i verda. Det er ein asylskatt. Den kan ikkje venda tilbake  til heimlandet.

Me veit alle korleis det gjekk med dei store Buddhastatuene i Afghanistan. Dei vart sprengde i filler av Taliban som ikkje tåler avgudsdyrking.



Afghanske kunstskatter (Foto: Jan Rye Ravnestad/NRK)
Nå er skatten komen til Noreg.

Denne utstillinga er så verdifull at den ikkje kan verdsetjast. Det er forsika frå høgaste hald. Kongen i Statsråden måtte forsikre om at me kunne ha den her. Utstillinga får politieskorte, så dette fortel noko om verdien. I tillegg er det berre store byar som får sjå den, som New York og Paris. Trondheim er einaste byen i Noreg som får vise den. Skatten er 2000 år gammal og blir utstilt i Trondheim fram til 2 september.

Ta turen!


mandag 4. juni 2012

Dugnad


Det er vår og det er dugnadstid. Du har kanskje allereie vore med på ein dugnad, eller to. Dugnaden i Noreg står for 100 milliardar kroner i verdiskaping. Kva det skapar i glede, har me ikkje rekna på.

Det me veit er at dugnad gir ei god kjensle. Me har hjulpe til. Dugnad kan vere fysisk arbeid, der ein stiller opp og jobbar. Dugnad kan vere å bidra til dugnad. Til dømes å gi lopper til eit loppemarknad. Det er bra for dugnadsånda og for miljøer, gjenbruk.

(bilde frå internett)
Ikkje minst bidrar dugnaden til sosialt samvær.  Det er kanskje den einaste gongen i året du verkeleg set ned og pratar med naboen over gjerde.




Dugnad er eit ord nyinflytta nordmenn må lære seg, for dugnaden er nokså særnorsk.  Andre land har veldedighet, men det er ikkje det same.



Den norske dugnaden er gammal. Når folk bygde seg hus, eller løe i eldre tider, vart det innkalla til dugnad. Så var det sjølvsagt at alle i same bedelag møtte. Framleis lever ordet og aktiviteten "tåkedogne". Så kan de gjette kva det er.

Me har ein felles norm og felles stolthet. Me er like, me gjer same ting, saman, samstundes. Det er noko anna enn veldedighet.
Eg har sagt det før, og seier det sikkert igjen:
La dugnaden leve!

søndag 3. juni 2012

Rehabilitering i arbeidstova

Det er søndag og me treng å roe oss ned etter travle Ryfylkedagar. Då kan det høve å vise kva  som kan skje på ei arbeidstove. Slike arbeidstover skulle ein hatt rundt om kring. Dei er gode for kropp og sjel, og så kjem det så mykje fint ut av det.

Serviettbretting kan vere greit å få med seg. Det vart bretta  serviettar til all slags samenkomster. Det vart bretta fine kort, og bordkort. Ei dame laga skjortebordkort. Ei anna hadde spesialisert seg på Origami, og laga fine sommarfuglar.


Her er eit tips til hytta. Dette er eit handtak til dodøra. Man tager ei grein...



Eg reiv never mens eg var der. Men eg gjorde det på den enkle måten. Eg gjekk opp til gamma og reiv never av vedalaet. Så la eg nevera i vatn slik at ho vart mjuk, så klippte eg ut fine hjarter. Dei kan brukast til bordkort, eller i dekorasjonar.



Blei ikkje dette fint vel?  Me laga mange kransar mens me blei rehabiliterte


Her har eg laga meg ein serviettring. Fantasien til tre damer enda ut i dette produktet. Og me hadde det løye mens me haldt på.  Det er ein stor kongle som er delt opp og sett på ein ring.


Her er tvangsarbeidet eg har fortald om til dykk tidlegare. slik skal det gjerast...



Og så er det til å brette og smyge mens ein har tunga beint i munnen og hjernen klar.


Litt smøyg, og her går tunga litt i vas, eller var det hjernen?



Det mest avslappande var lysproduksjonen. Her ser de resultatet! Slekt og venner fekk lys i julegave anten dei hadde det på ønskelista, eller ikkje.