tirsdag 26. februar 2013

Vivo Italia

Kva er det med Italia og italienerane?
Italienerane har lenge vore kikka på med forbausa auger av oss andre, litt meir seriøse folkeslag. Til lenger nord ein kjem, til vanskelegare blir det å forstå den italienske folkesjela. Dei er litt annleis. I moral, mimikk og politikk.

Andre nasjonar forstår dei heller ikkje, og tøysar med dei. Me har spøken om verdas tynnaste bok, som er boka om italienske krigsheltar. Me har påfuglgeneralen i "Allo All",  for for å nemne noko.

Nå går italienerane til val. Det har lenge vore uro i Italia. Dei er misnøgde med stoa.  Då seglar den snart 80 år gamle sexfikserte, svindelstraffa sjarmøren inn på banen.  Ja, Silvio Berlusconi. Såg me den komme?

                                                   
I slutten av 2011 måtte statsminister Berlusconi gå av etter haugevis med skandalar. Han hadde vore statsminister lenge. Folk i andre land kjende Berlusconi meir frå sladrespaltene enn frå politikken. Men tilslutt vart det for mykje sjølv for hans eige folk.


                                            
I denne valkampen stig Berlusconi opp som fugl Fønix or oska, og smiler seg fram i valkampen. Folk jublar og han sjarmerer seg fram til pallen.

Statsvitar Toaldo ved Roma universitetet seier at Berlusconi er ein mann italienerane lett kan identifisere seg med. Har er rik og vellykka. Alle ønsker å bli som han. Berlusconi dyrker imaget sitt som ein ekte lidenskapeleg latinsk elskar.

 "Cosi fan tutte" er ein italiens opera. "slik gjør alle" " Sex styrer livet og alle italienerane snyt på skatten, og skryt av det."  Då er det ikkje rart at Berlusconi er ein helt.
Resultatet? Jo, Italia blir kasta ut i eit politisk kaos. Det stod mellom to blokker. Ingen av dei fekk fleirtal.


                 
                                          Slik reagerer Milanobørsen  på valet.


Italia er ikkje betre stilt enn Hellas og Spania. Det har dei klart å halde skjult, for fokus har vore meir på Berlusconiskandalane. Nå har ingen av dei to blokkene nok mandat til å styre landet.  Det landet som skulle vore styrt ut av krisa. Ei krise, som dersom den blir langvarig, vil få ringverknader heilt opp her i det kalde nord. Har noko i det heile endra seg i Italia frå dei guddommelige keisarane til nå?

Manmma Mia for eit kaos!

Berlusconi sitat:
- Eg er den beste politiske leiaren i Europa og verda.

-Eg er politikkens svar på Jesus. Eg er eit tålmodig offer. Eg tolerere alle. Eg ofrar meg sjølv for alle,

-Mr Schultz,(tysk politiker) Eg veit det er ein mann i Italia som skal lage film om nazistane sine konsentrasjonsleirer. Eg vil føreslå deg til rolla som voktar. Du vil passe perfekt!"

-Mussolini drepte ingen under krigen. Han sende bare folk på ferie i indre eksil.

- Kjære deg, ( ei av elskerinnene hans) eg kan ikkje berre feriere.Eg må styre landet litt også.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar