torsdag 14. mars 2013

Bunadsutstilling

Idag opnar Ryfylkemuseet si bunadsutstilling. Den gledar eg meg til å sjå. Eg håpar dei har mykje spanande å vise fram. Klokka 19.00 i kveld opnar dørene. Kjem du i bunad, får du kome inn utan å betale.

Eg gledar meg til å sjå Hylskruna. Det er ei brurekruna. Den kjem frå Mollatveit, men kalla Hylskruna etter Brita Hylen som kjøpte kruna. Det er mange som har sagt ja med den kruna på hovudet. Framleis seier folk ja under ei liknande krune. Rogaland bygdeungdomslag har fått laga ein kopi som dei leiger ut.

For å få dykk til å halde ut ventetida vil eg vise eit knippe av noko som ikkje er med på utstillinga:



Ragnhild Solbakken har ein flott bunad som Halldis Rørvik står bak. Det er ikkje mange av den. Sjå godt på Ragnhild neste 17.mai.

Siste året dotter nummer 4 hadde på seg "kvasi-bunad". Til våren står ho konfirmant i  bestemora sin bunad. Sjå godt på dotter nummer 3 Hennar bunad har eg brodert og montert sjølv. Skjorta har Bjørg Jorunn Myhre laga. Sjølv har eg på meg Husfliden sin Lølandsbunad. Den har eg hatt sidan eg var 17 år. Det er fleire "tilpasningar" sidan.

Lølandsbunaden er laga etter eit sjal frå garden Løland. Det var Marta Larsdotter Hiim sitt sjal. Ho vart gift til Løland. Ho var søster til min tippoldefar, Orm Hiim. Marta og Orm var ungar til "Gamla Marta."  Marta Ormsdotter Hiim var kvinnesakskvinne 100 år før ordet var oppfunne .


Dotter nummer 3 ikledd det gamle brureforkleet til Marta Larsdotter Hiim.

Er det ikkje flott?


Eit av dei to gamle sjala me har på Hiim


slitne etter ein lang bunadsdag


                                                  Det gamle sjalet frå framsida

Denne hua er sikkert på utstillinga. 

Capen til Kari Rasmusdotter Løland er utgongspunkt for Husfliden sin bunadscape. Den er blå og kortare enn Nordaker sin som er laga etter ein cape frå Bleskestad. Kari Løland er mi tipp tipp oldemor.

Her er prosjektet som skal ferdigstillast når dotter nummer 4 er vel konfirmert. Den gamle Ryfylkedrakta!

De får nok sjå ferdige eksemplarar av ryfylkedrakta på utstillinga. Desse draktene er stilige. Eg reknar med at eg blir flott når eg går bak slektningane mine som ekserserer i Ryfylkeske artillierie compagnie av 1718.



Men det er mange nålesting til. For det fanns ikkje symaskin på Christian V si tid.


                                   Skud med kanon
Dei som har vore på Hiim har vel sett kanonene som står klar i tilfelle compagniet skal mobilisere igjen.

Dette bilete er frå Halden. Våre karar hadde slike raude uniformer då dei var innrullerte i Cristianssand artillierie compangnie. Nå har ein del fått seg den Ryfylkeske sennepsgule uniforma.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar