onsdag 6. mars 2013

Exit Placement

Eg las i Suldalsposten at ordføraren i suldal har lagt vekk invitasjonen frå Placementorganisasjonen.  Eg må sei det kom ikkje som noko bombe. Det har vore underforstått ei tid.

Placement er ein organisajon som har spesialisert seg på å kople europeerar frå overfylte områder i Europa opp til grisgrente bygder i Noreg.

Suldal og Sauda kommune var svært ivrige deltakarar ein del år. Det vart slått på stortromma. Alt vart gjort for å leggje til rette for at ressurstertke europeerar skulle flytta til bygdene våre. Og det gjorde dei. Dei aktuelle vart inviterte hit. Dei fekk omvisning på alt kva me hadde å by på. Mellom anna var rein natur, tomter, og fred og ro, åte Skattkammeret slengde ut.


                               

Mange beit på og flytta hit. Ordføraren sjølv seier det var ein suksess, men at det ikkje er noko han vil satse  på vidare. Det grunngir han med at alle prosjekt har ein ende. Snakkar han som privatperson igjen?  Det er ikkje allltid så godt å vite kva hatt han har på hovudet. Har styringsgruppa gått inn for å leggje vekk invitasjonen?

Treng ikkje fråflyttingskommunen Suldal fleire barnefamiliar? Ei kan undrast. Placementfolka var folk som klarte seg sjolv, og bidrog positivt, frå første dag.

Det viste seg at medaljen hadde ei bakside. Desse ressursterke folka gjekk ikkje svimelaust på eit tilfeldig åte. Nei, dei hadde tenkt saka gjennom og komme fram til at det Skatttkammeret Suldal hadde å by på, passa dei. Dei var ikkje interessert i at kriteriene skulle endre seg i ettertid. Då Fonnafly plasserte seg rett draumen til  desse nye sandbuane, ga dei beskjed.

Ordføraren tykte dei var ganske slitsomme med maset sitt om fred og ro. Skjøna dei ikkje at støy er framtida. Ordføraren stod til og med fram som privatperson i Suldalsposten for å dukke dei litt.

Men sjølv ikkje litt harselering om sarte øyrer stoppa dei.  Sjølv ikkje  ord om at at dei ikkje kunne forvente seg bu i eit eit glansbilete stoppa dei.

Då for glansen av innflytterane. Dei vart berre mas med dei. Handlinga her  minner meg litt om soga om  campingturisten som klaga på at eigaren av campingplassen støya. "Å, de må berre fara.  De heve betalt." var svaret dei fekk.

Masete folk vil me ikkje ha. Då er det enklare å ta i mot folk som ikkje klagar på støy, og som  er himla glad at helikopteret berre støyar, og ikkje slepp bomber.



Ordføraren seier i Suldalsposten at om inkvan ønskjer å diskutere ein ny omgang, må dei gje han eit signal på det. Her har han eit signal.


http://www.placement.no/

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar