fredag 8. mars 2013

MPG finalist frå halvøynå

Eg er ikkje av dei mest ihuga Melodi Grand Prix entusiastar, men kjenner eg nokon som er med, blir det mykje gildare. Eit år var min tidlegare leigebuar med i MGP. Ei klassevennine av dotter numme ein har vore med. MGP. Før var det utvalde folk av rasen kong Salomo som var med. No kan Jørgen hattemakar også vere med. Då treff det slik at me har kjende blant hattemakerane.

Dette året var det ein slektning som var med. Far min sa alltid at han hadde tremenningar over heile halvøynå. Det vil då seie at eg har firmenningar over heile den same halvøynå.

                         
Minnesmerket over hendinga som inspirerte gruppa Fjellfolk 

Helga Jacobsen er med i gruppa Fjellfolk og framførde songen Ulvetuva. Soga om eit par som gjekk frå  Bykle til Suldal. Soga enda  ille.

Helga Jacobsen. Jacobsen som i Jacobsen blomster. Der kjøpte me blomane våre . Der nikka dei alltid når me sa namnet vårt: Hiim. Ja for Jacobsen kjøpte blomsterbutikken sin av søster til brødrene Hiim. Som de ser; verda er ikkje stor.


                  
                                                       Fjellfolk

Eg kjenner ikkje Helga Jacobsen.  Men når eg såg bilete av henne kunne eg sjå kven ho likna på. I avisene står ho med eit stort smil og flott langt hår. Då måtte eg gå inn på Facebook sida "Suldal i gamle dagar" og leita fram eit bilete,





                  Der er ho. Jenta med dei lange tjukke flettene; Mor til Helga Jacobsen

Hu er forvetnelige denne facebooksida. Den bør de innom. Det er mange bilete frå  gammal, og nyare tid. Kanskje ser du plutselig besteforeldra dine, eller deg sjølv som liten!

Ha ei fin helg!


Ulvetuva YouTube:

2 kommentarer:

  1. the librarian bitch9. mars 2013 kl. 10:57

    Da må du komma innom kulturhuset ein dag og helsa på Olaug, søster til Helga. Olaug er tilsett i kulturskulen. Fine hund har ho og :-)

    SvarSlett
  2. seie du det. ja det må eg.Du vett det er "tjukka slektå" Dette blogginlegget er fanga opp i Bykle og:)

    SvarSlett