tirsdag 12. mars 2013

Skal alle komme opp til presten?

Eg rota gjennom nokre gamle Suldalspostar. Det gode med Suldalsposten er at den aldri går ut på dato. Eg har ein del liggjande i tilfelle leselyst.

Der finn eg ofte eit tema som engasjerer, og som eg kan filosofere og kverulere over. Denne gong var det tilgjengelighet eg beit meg merke i.  Me har fått ei ny lov i Noreg:  "Lova om tilgjengelighet og universell utforming".

Dette stykket har lege over sidan i sommar, men jammen meg er det aktuelt nok til å bli sendt ut i verdsveven.

Bilde

Lova legg til rette for eit samfunn der alle skal ha like stor rett til samfunnsdeltaking. Det er dermed blitt forbudt å diskriminere på bakgrunn av funksjonsvanskar. Alle skal ha tilgjenge der det er interessant for almenheten komme seg inn.

Rullestolbrukar og Sandbu, Ingrid Tveita, ettelyste betre tiljengelighet. Ho viser spesielt til snørike vintrar og ubrøtte fortau. Har noko betra seg?


Dette er nokre av tilgjengelighetsproblema i kommunen. Det er liten vilje til å ta tak i desse problema. Sidan Suldalsposten rulla ordføraren i rullestol rundt på Sand har lite skjedd.  Dette er fleire år sidan.
Fleire nyetableringar har fått opna utan at det er sikra tilgjengelighet. Det skulle ikkje vere slik etter at me fekk lova om universell utforming.

Slike teikningar er det heller ikkje mange av i kommunen.

Eg tok for snart 5 år sidan  kontakt med kommunalt råd for funksjonshemma vedrørande parkeringsplassar. TTT,  (ting tar tid) ennå har ingenting 

I same avis, på same sida se me ein reportasje frå prestekontoret sin flyttesjau, Dei flyttar inn i andre høgda på Suldal næringshage på Garaneset. I den guds hage på jord er det ikkje for alle å koma. Har du føter som fungerer går det greit, men har du eit ærend til presten og kan ikkje føte deg, så får du beint fram la det vere.



Skal du til presten og har armar til pynt, får du jammen ikkje ta heisen opp. For å ta heis i Suldal må ein vere sterk i fingrane.  Heisknappen må haldast inne under heile heisturen. Er du muskelsjuk,  klarer du ikkje å halde eit slik trykk så lenge. 

 Heisane er av det billigaste slaget som er greit for dei friske, og som har brekt foten. Heisane stiller krava til tilgjengelighet. Sjølv om det er kjent at dei er ubrukelege for funksjonshemma. Dei stiller minstekravet, så kven bryr seg om dei er heilt ubrukelege for  brukarane?

Å kome til Suldalsposten kan vere ei utfordring

Ikkje lett å komme seg inn her. Fleire bedrifter brukar heisane til oppbevaring av søppel, eller som her, sykkelpparkering.

Rett skal vere rett. Etter å tatt bilete av heisen opp til Suldapsposten ved to anledningar med fleire månadar mellom, gjekk eg inn til avisa og ba dei skrive om tilgjengelighet. Det vart inga skriving, men syklane forsvann frå heisdøra.og borte er dei blitt.


Men eg spør likevel:Bryr me oss så lite? Gløymer me å tenkje at i morgon kan det vere me som er blitt funksjonshemma?







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar