onsdag 20. mars 2013

Språkåret 2013 volum l



I år er det språkår. Me har hatt så mangt eit år, år for år. I år er det språket sitt år.

Språk er spanande.  Me kan smake på eit språk. Me kan feire eit språk. Me kan elska eit språk. Like eins kan me hate eit språk. Alt er mogleg, berre me har eit språk.

Me kan bade i språk. Det var ein metode som var flittig nytta i teiknspråkopplæringa på 80- talet. Det var herleg å velte seg i språkbadet, nett som grisen veltar seg i søla. Det kom språk overalt. Det klina seg på oss, og sette seg fast. Brått hadde me lært eit språk..

                                                
Det er Ivar Aasen i 200 me feirer. 5. august er det 200 år sidan han vart fødd.  Men rause som me nordmenn kan vere, feirar me språkleg mangfald og skilnadar.

Me feirar at det er 100 år sidan det Norske Teater hadde si første framføring. 6. oktober 1913 sette teateret opp "Jeppe På Berget" i Oslo. Stykket var omsett av Arne Garborg. Kongen var tilstades, men folket rasa. Det gjekk hardt for seg med med slag og spark. 6.oktober 2013 har teateret festframsyning. Dei stenger gatene, og kanskje kommer Kongen. Truleg blir det ingen pipekonsert denne gongen.



Det gleder mitt teiknspråklege hjarte at i tillegg til nynorsk, bokmål, samisk, kvensk, romani og romanes, vil også teiknspråket ha sin plass. Teiknspråk er også eit offisielt språk i Noreg.


                        
                               Stafettpinnen blir levert, og dei spurtar avgarde til neste bygd

Året blir feira på mange måtar. På nett, utstillingar, konkurransar og som idrett. Ja, idrett. Nynorskstafett. Stafetten går over landet i Aasen sine fotefar. Og sjølvsagt, 10 juni kjem stafettpinnen til Sand i Ryfylke. Då må me alle alle ta vel i mot den. Stafettpinnen er alt på veg. Du kan følge stafettpinnen på bloggen "nynorskstafetten" dag for dag. Følg med, følg med...

Alt har ein ende. Også eit jubileumsår. 6.desember sluttar språkåret på Ivar Aasentunet i Ørsta. Akkurat i tide for oss å kaste oss over julefeiringa.


                                                  
                                                       La oss hegna om språket vårt!


Språkåret si heimesida:
http://www.xn--sprkret-gxab.no/

Nynorskstaffetten:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar