torsdag 28. februar 2013

I bakvendtland der kan alt gå an...

Me kjenner alle til songen me song på skulen. Men ikkje visste eg at det var min heimkommune me song om. Det har vist seg at her går alt an i feil rekkjefølge, og ordtaket "Det er lettare å få tilgivelse enn tillatelse" har fått nytt tyding.

Det byrja så smått ut på Foldøynå. Der sette ein mann i gong eit større byggjeprosjekt. Då det kom for ein dag at det mangla søknadar og tillatelsar, inviterte han kommunen  til å høyre og sjå korleis han skulle redda Foldøynå frå gløymsel.  Politikarane lurer på om dei skal gi han tilgivelse og tillatelse. Men han er ein Byas, så dei blir ikkje heilt einige.

Så kjem ein av våre eigne og gjer det same. Då får pipa ein annan lyd. Ja dette må me gå for. Dette må me støtte. Eg snakkar sjølvsagt om Helikoptebasen som er etablert på Sand.

Utan søknad eller tillatelsar gjekk Fonnafly i gong og etablerte heikopterbase. Dei bygde opp landingsplass og husvære til piloten Så kjem det for ein dag kor stort det er, og at dette bør ordnast. Det blir gjort i ein handvending. Fonnafly søkjer om konsesjon.

Så klarer LMT det kunsstykket å gi Fonnfly noko dei ikkje ein gong ba om. Vips så er alt i "lovlige former" Her kjem songen inn. Alt skjer i feil rekkefølge, og "alle" syns det er greit,


I Bakvendtland der øst er vest og fem og to er ni
Er alle barna sjelegla’ når feri’n er forbi
De tropper opp på skolen for å ta et skippertak
Med skolesekk på magen sin og lueskyggen bak
Ja i Bakvendtland der kan alt gå an
Der er de like tøysete og rare alle mann.

  
Når barna første dagen går til skolehusets grind
Så starter de i sju’nde klasse når de skrives inn
Så blir de flyttet nedover i klasser pø om pø
Og går ut ifra første klasse dumme som et brød
- Ja, i Bakvendtland ...





I bølgene etter nedslaget blir dei simplaste hersketeknikkar tatt i bruk for å dempe kritikken. Dei som helst vil me skal leve i "Vanliglandet", og trivs best med siste verset i songen blir latterliggjort og hersa med på sosiale medier og i Suldalsposten.


Ja slik er det i Bakvendtland slik er det ikke her
Her starter vi i første klasse alle og enhver
Med skolesekk og varebind og sanger som vi kan
Blant annet denne nye vi har lært om Bakvendtland
- Ja, i Bakvendtland ...


 Det er kun Haugesund Avis som tar tak i dette og ser galskapen. Dei summerer opp: "Fonnafly etablerte først en helikopterbase uten å søke konsesjon, deretter søkte de om konsesjon til å drive helikopterbase"

Heia Norge, Heia Suldal!

tirsdag 26. februar 2013

Sand i endring - utstilling

I dag skal me gå bakover i tid. Det er ikkje alle som lever i nuet. Nokre kan ikkje komme seg langt nok tilbake i tid. Me skal ikkje ta for oss ekstremvarianten i dag. Me nøyer oss med å gå tilbake til forrige århundre. Jøss, det høyrdes litt mykje ut likevel. Men alt er relativt... Når ein er fødd siste året på 1950- talet, er det kun 50 år før det att.

Suldal sogelag har ivrige medlemmer. Dei likar å samlast, og samla. I 14 år har dei trufast produsert årbøker, i tillegg til å vere med å gi ut andre bøker. Dei er eldsjeler. Det er ein utryddingstrua art. Derfor passar dei godt i eit sogelag. Der veit me å ta vare på slike sjeldne artar.

På møta våre kjem det fram ei stor interesse for gamle bilete. Då me fekk vårt eige lokale vart det naturleg å ha ei utstilling av gamle bilete til opninga. Sogelaget har rom i Gata og går under namnet "Mimreståvå". Eit barn kunne ikkje ha eit betre namn, for det er det som stort sett foregår der. Me mimrar og samlar.


100_0529
                                                                  Utstillingsplakaten.
På opningsdagen var det så stor tilstrauming at folk måtte trekkje ut på gata for å få luft. Dei stod som sild i tønne i fleire timar. Det er utan tvil den  mest populære utstillinga.


100_0526Folk kunne stå i timesvis og diskutere kven som var på bileta. Mange fann seg sjølv, eller famliemedlemmer på veggen. Det var store diskusjonar om det var rett person som var avbilda. Ein veit jo at manns minne er skrøpeleg.
 100_0527
 Glimt frå utstillinga. I tillegg er det ei liste der ein kan notere dersom ein har tilleggsinformasjon om bileta.  Det er alltid godt å få dobbelsjekka fakta.

100_0528
 Både unge og eldre var innom på opningsdagen, og etter det har det vore jamn straum til lokalet. Utstillinga står oppe ennå, men ingenting varer evig. Heller ikkje ei fotoutstilling. Så nytt høvet mens den er der. Ta med deg vener. Det er gildare å mimre i lag med kjende.

  100_0530
Her har me ein mannen bak utstillinga. Terje Bråtveit har fått slektsinteressa inn med morsmjølka. Han er son til Ragnhild Sand Bråtveit, også kjend for å ha den største databasen for lokalhistorie i nyare tid på Sand.

I dag er det årsmøte i Suldal sogelag. Det blir kåseri før årsmøtet. Inge Helle Olsen kåserar om Turistforeninga si ferd i Suldal kommune. Møtet er ope for alle.

Det er ikkje farleg å møte opp, for i sogelaget har me ikkje problem med å finne folk til styreverva. Det veit eg, for eg sit i valkomiteen. Er du nyfiken, så er dette dagen for å slenge innom kulturhuset klokka 19.00


suldal sogelag si nettside

Vivo Italia

Kva er det med Italia og italienerane?
Italienerane har lenge vore kikka på med forbausa auger av oss andre, litt meir seriøse folkeslag. Til lenger nord ein kjem, til vanskelegare blir det å forstå den italienske folkesjela. Dei er litt annleis. I moral, mimikk og politikk.

Andre nasjonar forstår dei heller ikkje, og tøysar med dei. Me har spøken om verdas tynnaste bok, som er boka om italienske krigsheltar. Me har påfuglgeneralen i "Allo All",  for for å nemne noko.

Nå går italienerane til val. Det har lenge vore uro i Italia. Dei er misnøgde med stoa.  Då seglar den snart 80 år gamle sexfikserte, svindelstraffa sjarmøren inn på banen.  Ja, Silvio Berlusconi. Såg me den komme?

                                                   
I slutten av 2011 måtte statsminister Berlusconi gå av etter haugevis med skandalar. Han hadde vore statsminister lenge. Folk i andre land kjende Berlusconi meir frå sladrespaltene enn frå politikken. Men tilslutt vart det for mykje sjølv for hans eige folk.


                                            
I denne valkampen stig Berlusconi opp som fugl Fønix or oska, og smiler seg fram i valkampen. Folk jublar og han sjarmerer seg fram til pallen.

Statsvitar Toaldo ved Roma universitetet seier at Berlusconi er ein mann italienerane lett kan identifisere seg med. Har er rik og vellykka. Alle ønsker å bli som han. Berlusconi dyrker imaget sitt som ein ekte lidenskapeleg latinsk elskar.

 "Cosi fan tutte" er ein italiens opera. "slik gjør alle" " Sex styrer livet og alle italienerane snyt på skatten, og skryt av det."  Då er det ikkje rart at Berlusconi er ein helt.
Resultatet? Jo, Italia blir kasta ut i eit politisk kaos. Det stod mellom to blokker. Ingen av dei fekk fleirtal.


                 
                                          Slik reagerer Milanobørsen  på valet.


Italia er ikkje betre stilt enn Hellas og Spania. Det har dei klart å halde skjult, for fokus har vore meir på Berlusconiskandalane. Nå har ingen av dei to blokkene nok mandat til å styre landet.  Det landet som skulle vore styrt ut av krisa. Ei krise, som dersom den blir langvarig, vil få ringverknader heilt opp her i det kalde nord. Har noko i det heile endra seg i Italia frå dei guddommelige keisarane til nå?

Manmma Mia for eit kaos!

Berlusconi sitat:
- Eg er den beste politiske leiaren i Europa og verda.

-Eg er politikkens svar på Jesus. Eg er eit tålmodig offer. Eg tolerere alle. Eg ofrar meg sjølv for alle,

-Mr Schultz,(tysk politiker) Eg veit det er ein mann i Italia som skal lage film om nazistane sine konsentrasjonsleirer. Eg vil føreslå deg til rolla som voktar. Du vil passe perfekt!"

-Mussolini drepte ingen under krigen. Han sende bare folk på ferie i indre eksil.

- Kjære deg, ( ei av elskerinnene hans) eg kan ikkje berre feriere.Eg må styre landet litt også.

lørdag 23. februar 2013

Molland

To av ungane mine heiter Molland til etternamn. Namnet kjem frå Masfjorden der forfedrene kom frå ein husmannsplass under garden Molland. I Stavanger var det i byrjinga av 1900 - talet ein Mollandfamilie. Det var husbyggjaren Elias Molland med familie. Det står mange hus etter han rundt om i byen.

I etterkrigstida var det smått om alle materiale. Ein måtte søkje om kvar einaste murstein. Derfor vart det stort sett bygt tomanns bustadar. Han spesialiserte seg på  horisontaltdelte tomannsbustadar. Eg har sjølv budd i eit slikt hus.

Seinare kom det tilflyttande fleire med namnet Molland. Slik at det nå er tre slekter Moland, etter mitt vet. Stadnamnet Molland finns  i Aust- Agder, og i Masfjorden i Hordaland der ungane sitt namn kjem frå. Molland kjem av mold+ land. Då var det vel fin mold der.

Geistlege folk, eller andre som hadde vore innom teologiske studier, spurde ofte om eg var i slekt med Einar Molland. Den store innan det feltet. Men det kunne me ikkje skryte på oss. Han kom frå Agder.

I England finns også Molland. Tilfeldige søk i verdensveven viser mange treff. Molland er keltisk frå Moel og tyder nakne åsar.

På nettet kan me kan finne Molland prestegjeld, Molland kyrkje. Molland landsby, Molland hotell og så vidare.



                                              
                                                   Molland Devon England


Eller bu på Molland house i Sandwich, Kent

Her vart Devon-storfe utvikla i dei vide Molland Moor. Utanfor Exmoor i nord- Devon ligg eit lite prestegjeld med ein liten landsby og sognekyrkje. Maria kyrkja er privat eigd av arvingen etter den 11. baron av Throckmorton.

Ein tidlegare herregard:

Jane Austen skriv om Molland`s i romanen  "Peruations". Molland`s var ein butikk i Bath på den tida  Jane Austen gjekk rundt på jorda.
                       File:Molland, St Mary's church - geograph.org.uk - 147419.jpg
Molland middelalderkyrkje

 Du all verda. Så ein kan møte på Molland`er i fleire land!

God helg godtfolk

fredag 22. februar 2013

Bror min, fredsprisvinnaren

(Dette innlegget hadde eg gjort klar i høve Fredsprisutdeling i Oslo rådhus i desember 2012, men tida gjekk og eg ansa ikkje på henne. Eg var ikkje heilt klar for blogglivet. Derfor kjem den litt på etterskot)

Denne overskrifta høyrdes vel nokså skrytande ut. Nå lyg ho iallefall denne bloggaren midt i livet! Kanskje ho har tippa over feil side av midt i livet.. eller? Les og lær:

Det har vore fredsprisutdeling att. Det er alltid spanande kven som vinn og kven som kjem. Dei som vinn får ta med seg familien og blir gjort stor stas på. Dei får alt dekka, og pengar i tillegg, til arbeidet sitt, sjølvsagt.

I 1988 vart "De Forente Nasjoners Fredsbevarende Styrker" tildelt årets fredspris. Fredsprisen vart gitt til organisasjonen; "For å hedre minnet om dei mange unge falne soldatar i fredens teneste."

Nobelkomiteen la stor vekt på rolla unge menneske har i fredsarbeidet. Det er dei som gjer at FN når sine fredsbevarende mål. Og året 1988 var litle bror min i Den fredsbevarande styrken. Han var utplassert i Libanon. Så derfor går det rundt på Sand, i all beskjedenhet, ein fredsprisvinnar.


Fredsprisvinnar 1988

Men i motsetning til det me ser vanligvis der mottakarane får pengar, diplom og medalje heilt gratis, måtte FN veteranane betale med eigne penger om dei ville ha medalja si. Dei var heller ikkje ønska til utdelinga i Universitetets Aula.

Dette viser at det framleis er forskjell på kong Salomo og Jørgen hattemaker.

Soldatar som var i teneste andre år enn 1988 blir også rekna med som vinnarar, slik at det  går nok to - tre andre prisvinnanrar rundt på Sand.

Dagens spørsmål: Kven er desse fredsprisvinnerane?

Talen ved utdelingsseremonien:
http://www.nobelprize.org/nobel_prizes/peace/laureates/1988/presentation-speech.html

onsdag 20. februar 2013

2012 - Det året det var så bratt

Somme år er brattare enn andre. Dronning Elizabeth II i England hadde sitt annus horribilis. Det har me også verkeleg hatt i kommunen vår dette året. Sjå dykk omkring. Er me ikkje blitt færre?

Siste halvdel av 2012 byrja det å haustas i bygda. Det var ikkje ende på alle som vart så sjuke at dei måtte i ambulanse, eller luftambulanse til sjukehus. Nokre kom heim att, andre ikkje. Døden var ute med riva si. Det vart raka med tette tindar. Nokre var venta skulle gå i riva, andre ikkje.

I avisene sat "rutene" tett som hagl. Ein nådde ikkje alle gravferdene ein hadde tenkt å gå i. Nokon eg kjenner mista tre av sine nære på halvtanna døgn.

Det var som vinden som riv i bladene på treet. Det ruskar og bles, men blada heng fast. Stormen aukar på, og eit og anna blad gir etter og løsnar frå stammen. Nokre av desse blada er grøne og fine, mens andre har fått haustfargen på. Vinden ansar ikkje på det, den berre gneg vidare.

Året 2012 gjekk ut med sorg  i mange heimar. Når så mange døyr på kort tid er det ikkje berre slekt og dei næraste vennene som merkar saknet. Det gjer det noko med heile samfunnet. Balansen er rokka.




Ein kontorstol står tom. Eit styreverv manglar tillitsmannen sin. Ein stol på pauserommet er ledig. Ein turvenn er sakna. Eit medlem av Heidrunkvissen skal aldri meir la låtten ljoma høgt. Ein lesar, og ivrig til å gi tibakemeldingar på bloggen, har sagt si siste meining. Den du alltid nikka til når du gjekk gjennom gata kjem ein aldri på nikk med deg  meir.



                         Bloggstarten min er via til dei som for ut or tida. Fred over minnet deira!

Slik som Ingvar Moer sitt dikt er, skulle livet ha vore;

Pitla bringebær

Snille fingrar fer
spørjande over deg
ristar litt i busken
er du ferdig nå?


Eg har og hatt mitt annus horribilis. Dei som las bloggen min merkar nok bråstoggen i innlegg i juni. Dei som følger bloggen vidare vil få eit kikkhol inn i mi verd, så heng med.