tirsdag 23. april 2013

Evighetsstudenten

 Salutant vos essemus, aeterna Discipulus!

I dag har dotter nummer 2 fødselsdag. Me vil hylle henne. Ikkje har ho rundt tal, ikkje er ho spesielt gammal heller, men ho er ein einer i syskenflokken. Snill og grei, men likevel bestemt.

Ho har dei siste åra gått under namnet evighetsstudenten. Ho har halde seg i Bergen i 9 år!

Først ville ho gå i fara etter vår store latiner, Vandvik. Ho hadde også gått på skulen til "Lille Marius", utan å døy. Men middelalderlatinen var ikkje noko kul, så etter eit år med "mensa rutonda" vart det molekylærbiologi. Det vart det ein Bachelor av.

Men badnet ville vidare....

Som ung tok ho kvar tablettboks ho fann, og las på etikettane.  Ho ville vita kva som var inni tablettane. Siste året på Bachelorestudiet  fekk ho nyss i at det skulle komme Farmasistudier i Bergen. Ho heiv seg på, og vips var ho i gong med eit 6-årig studium.

Eit semester tilbrakte ho ved  universitetet i Norwich. Der likte ho seg godt. Så godt at ho kunne tenkt seg å fortsetje der, men fornuften drog henne attende til Bergen.

Det siste året vart slitsomt. Alt som kunne gå gale, gjekk gale dette året. Ho talde på celler. Celler som ikkje ville leve. Kjøleskapet ødela prøvane, eller teljemaskinen gjekk i filler, etc.  Det var eit halvår med neglebiting og seine laboratoriumkveldar. Ho var på labben meir eller mindre "24 -7"

Men alt har ein ende, også studentlivet. Sjølv om det vart lite av elleville studiedagar, og mykje slit, trur eg ho hadde trivelige år som student. Eg har via omvegar høyrd nyss om "Boris-weekendar" innimellom celleteljing.



 DSC03029 
                           Stolt ung dame med fersk avhandling om behandlinga av akutt leukemi..

DSC03027
Avhandlinga heiter "Combination of  Valproic acid and Hydroxyurea is Synergistic in Acute Myeloid Leukaemia."  Ho har no ein Master of Pharmacy. Avhandlinga stod til A!

DSC03030

Alle store avhandlingar, eller bøker, har eit føreord med takksigelsar til inkvan. Så også i denne avhandlinga. Dotter nummer to kom med boka, og sa her er resultatet. Så opna ho heftet. Eg las og vart rørt. Der står det svart på kvitt:

   -Finally I wish to thank my family and friends for all the support and words of  encouragement . Especially Dag for his love and kindness during this time, and my mother who has taken a  keen interest in my project-

Før studiene var ferdige hadde ho jobb. Og når examen var overstått hadde ho forskarbilletten i handa. Men kjærleiken og lovnaden om å ta jobben ho fekk tilbod om, stod sterkt.  Dermed fekk Haugesund nyte godt av hennar kompetanse.

I dag vil familien din hylla deg, du iherdige student, og må lykka stå deg bi.