torsdag 26. september 2013

Minne om mor

 
Livet vever på sin vev
Hva du gjorde, tenkte, skrev;
alle ting i veven står.
Livets skyttel går og går.
Noen kommer. Noen går.
Noen dør i livets vår.
Stjerner lyser hvite.

Så er dagen komen då me har følgt mor vår til grava. Dagen var uungåelig, men likevel uventa. Me trur jo me skal ha foreldra våre alltid.
Det varmar å sjå så mange som har tatt seg tid til å vere i lag med oss i dag.
Me hadde ei spesielle mor. Ho var snill og god som mødre skal vere. Me tenkte nok ikkje over det, men ho hadde ei evne til å sjå folk, vere der for dei, og få dei til å føle seg vel. Mor hadde livslange vennskap.
Mor for ikkje med store ord. Men ho hadde regien i det meste. Me pleidde sei at "mor bestemme, men far vett kje om det"

Mor kom frå ein  musikalsk familie. Dei var folkehøgskulefolk. Målrørsla og venstre stod sterkt,- og musikken. Bestefar, Ola, laga, og spela på feler. Han laga si eiga fele då han var 14 år. Han var i stallen og klipte hår av halen av øykjen og sette på båjen. Då skjøna oldefar at odelsguten aldri blei bonde. Bestefar var lærar på folkehøgskulen der dei og budde i 13 år. Tove Solheim spelar slåttar etter bestefar.
Bestemor, Anna, voks opp i ein heim der musikk og gudstru stod sterkt, I Fattnes var det så mange ungar at oldefar hadde sitt eige songkor der dei song fleirstemt. Dei spela melodiar som han sjølv hadde komponert. Olav Eikeland spelar ennå melodiar etter Dan i Fattnes.

Mor hadde sine første 12 år på Eide og hadde fine år der. Der vart alle søskena fødde. Mor var eldst. så kom tante Bibbi året etter. Dei var mest som tvillingar. Onkel Jostein kom til 5 år etterpå, og sist tante Dagrun i 1937 Mor heitte etter bestemor si i Bråtveit. Dei var 4 søskenborn  som heitte Karen. Mor har to barnebarn som heiter Karen. Både namnet og minna lever vidare.

Å veksa opp på Eide den tida var mest som å veksa opp i Bygdå. Dei var ikkje Sandbuar. Derfor er heller ikkje mor med på det store skulebilete frå Sand skule. Det var etter skuletid og ho var faren heim.
Mor var 13 år då krigen braut ut. Og som dei andre unge prega dette ungdomstida deira.

To år etter krigen var slutt fekk mor utferdstrong. Ho og venninna Aud Brommeland fekk jobb i England. Ein jobb dei fekk  via laksefiskerane i Sandsfossen.  Mor kom til ein kapteinsfamilie med fleire tjenerar. Mor var ei slags selskapsdame,og familien vart glad i henne. Dei haldt kontakten i alle år. først mrs Night, så sonen. Julekorta kom årleg heilt i over 60 år etter ho reiste frå england.
Å vere selskapsdame kunne vere vanskelig til tider. Dei skulle ein gong på helgebesøk til ein lord. Då måtte mor ete maten i eit rom for seg sjølv. For ho var ikkje av dei fine (upstairs), men ho var heller ikkje tenar (downstairs) Når slike seriar gjekk på fjernsyn kjende mor seg att i mykje.

Då mor gifte seg til Hiim blei det vel eit musikalsk sjokk. For der var det berre "drepte sangfugler". Men derimot kunne dei fortelje soger. Det vart  fortald seint og tidlig. Mor fortsette å synge. Ho song alltid. Til arbeid og i kvile. Ved sengekanten for barn, barnebarn og sist oldeborn.

                                          hiim 020

Mor og far var begge glad i folk. Dei haldt ein open heim. Ingen gjekk svoltne frå garden. Sommaren lang var det eit renn av folk. Me ungane flytte saman og låg anføttes for å gjere plass. Det var slekt og venner frå inn og utland. Frokostbordet stod på i fleire timar. Far åt alltid to frokostar. Då han gjekk i fjoset, og igjen når han var ferdig. Då stod gjestene opp.

Dei faste var onkel løland , Grandonkelen vår, Joyce frå England som Anne hadde møtt på Fjordsol. Lambert frå Stavanger som far hadde møtt i London. Lambert budde i Oslo og kom syklande hit jonsoktider kvart år. Faster Maria kom frå Toverud og låg i telt på Pyttaberget. Der kamperte også Klaus og Lisa frå Tyskland. Dei kom berre ned i garden ein gong, så kom dei att kvart år.
Albert kom frå Vegårdshei med familien. Han slo opp teltet på oppe på Tre. Faster Martha låg på salen. I folgehuset hadde bestemor sine gjester. Når tante Valborg kom frå England med søskenbarnea våre, då var livet perfekt for oss ungane.

Så var det fiskerar og andre gjester. Det var høg og låg, men på Hiim vart alle like. Like gjerne som ein visekonge av Siam, eller ein romforskar, gjekk og vaste i lågastråndå, kunne ein secret service-agent vere med å jage kyr. Eller guvernøren av Jammu og Kashmir gjekk til Vasstøl for å slappe av.
Som avslutning på sommaren kom Solvor og Lars frå Skrudland. Seinhaustes kom tante Bibbi på besøk med søskenborna våre frå Røldal. Fleire av mor sine fastrar og mostrar hadde og sin plass i huset.

                                         hiim 018

Slik vaks me opp og trudde alle hadde det likt.
Det var travelt for mor og far, men mor har ofte sagt, "det var travelt og eg var ofte trøytt, men det var SÅ gildt."

Når me blei større gjekk nokre gardar saman i avløysarlag. Slik kom Tone Brommeland i livet deira. Då fekk dei eit friare liv. Far henta reisekatalogar frå fleire operatørar om hausten,  så reiste de verda rundt,i stova. Men dei tok seg ut og reiste saman rundt om i verda. Den verda far hadde sett som sjømann.

                                         P1010135

Mor følgde med i tida. Ho hadde i si tid vore ein del av aministrasjonstrioen i Sand kommune, saman med Gunnar Lunde. Ho kunne skrive på maskin. Ho var ikkje snauere enn at ho for to år sidan kjøpte seg PC for ho ville lesa bloggen min.Ho var fasinert av " detta Facebook" Eg la ut eit bilete av 4 generasjonet på FB. Mor var øvegjidde over alle “likes.”

Det siste bilete eg  tok av henne, la eg ut på sida mi. Ho sat så fin med glimt i auga. På eit blunk hadde ho fått meir likes enn eg og ungane har fått tilsaman. Eg måtte lesa opp alle kommentarer, og vise kven som lika dette. Ho var fascinert over den muligheten det låg i dette. "Nei tenk at den og den har sett dette." smilte ho og ba meg helsa dei.

Mor hadde vore sjuk heile sommaren. Meir sjuk enn me visste. Det vart ikkje tatt heilt på alvor for ho hadde så mange plager. Det var først det siste året mor av og tid klaga seg over smerter. Likevel hadde ho omsorg for korleis me hadde det.

22. august kom ho på sjukeheimen. Ho kom aldri til Hiim etter det. Ho hadde store smerter og plager. Tilslutt fekk ho komme til sjukeheimen att for vidare behandling Det var ho letta over, og den dagen sat ho seg opp i stolen ein time.

Fredag 13. september kom ho til sjukeheimen att. Då hadde ho vore tre veker på sjukehuset, og det hadde svinga veldig. Me visste ikkje korleis det skulle gå, men ofte hadde me trudd det var slutt, men så fekk me nye ark og fargestifter tell...                          

Me fekk vere med henne heile tida. Me delte på det. Ho sa ofte: "koss sko eg klart meg utan dåkke." Det var godt å endeleg få gi noko tebars. Me fekk prate, synge til henne, og pusle rundt henne mens ho var sjuk.
Då sjukdommen blussa opp at sa ho at no ville ho ikkje meir. Ho tok regien der og. Klart og mildt forklarte ho legen korleis ho ville ha det. Legen var litt overraska men han såg poenget hennar. "Eg har sett medisinlista di" sa han.

Ho tok farvel med oss, og ba om prest. Då presten hadde vore der, var ho klar. Det var fint og det var vondt. Mor ba oss helse til alle kjende, til dei som hadde tenkt på henne, og dei som ba for henne. Ho sa ho hadde hatt eit godt liv, ho fekk den mannen ho ville ha, og jammen var ho nøgd med ungane sine og.

Aldri skal me meir sei: "eg skal spørje mor, hu vett det. Det må eg fortelje mor" Me delte så mykje. Og det blir ei stor sakn å ikkje kunne dele det lenger.

Ingvar Moe har eit fint dikt som mi venninne Anne Elise Winterhus sende meg då far døydde. Det heiter:
Pitla Bringebær
(det er hans dikt om  døden)  Dette diktet passar godt i denne stund
Tenk om det var sånn:
snille fingrar fer spørjande over deg, ristar litt i busken.
Er du ferdig nå?

Mor var ferdig. Ho var klar og ho fekk kvila. Me skal glede oss over det, men me sørger over tapet. Fred vere med deg mor. Amen.


                               
                                         Det siste bilete av mor.