mandag 28. mars 2016

Aud Brommeland Sylte til minne

Så var dagen og timen komen. I den stille veka fekk me ei melding at Aud Brommeland Sylte var død. Eit langt og innhaldsrikt liv er til endes. 

Aud var fødd i 1927. Foreldra var Jon Brommeland og Anna Henriette Spartveit frå Vats. Aud var gift med Tor Sylte frå Trondheim. Dei hadde to born Anne og Ole.

 Eg har kjent Aud all mi tid. Aud Brommeland som ho vart kalla på Sand, ennå om ho hadde vore gift halve livet sitt. 
Aud og mi mor, Karen Bråtveit Hiim, var venninner. Dei vaks begge opp på Sand, Mor på Eide og Hauen og Aud i strandstaden. Aud flytta til Oslo, mor flytte opp i bygda, men kontakten var der. Aud og Tor var ofte på Sand. Dei kjøpte seg hus på Sand og det nytta dei ofte. Det var det som var heime. Laksen og Lågen for Tor sin del, og familie og venner for Aud sin del.

Det var alltid fest og moro rundt Aud. Ho hadde eit strålande humør, var kunnskapsrik og kvikk i replikken. Det var ein vennegjeng på Sand som heldt saman heile livet. Når dei vart samla vart me ungane sende i seng. Slik var det heile livet vårt, og som ungdommar ville me heller vere heime, og i lag med dei, enn å gå på dans. Det seier litt om kor interessante diskusjonar og moro dei hadde. I den gjengen var Aud og Tor sjølvsagde.


Aud arbeidde på hørselsentralen i Oslo, og ho tok seg sers godt av meg då eg fekk mi Karen Helene som var fødd døv etter at eg hadde røde hunder. Ho var til stor hjelp. Og alltid seinare heldt ho seg oppdatert på Karen Helene.

Mor og Aud var ungdommar i lag og gjorde det ungdommar gjer. Mor såg opp til Aud for ho stod så stødt i livet og var så trygg på seg sjølv. Mor ønska ofte at ho kunne vere litt meir som henne.

 Dei tok og ut på den store reisa i lag, heilt til England, i ei tid då ein berre kunne halde kontakt via brev.

Aud omlag på den tida for den store reisa.

Det var tre jenter som reiste i lag frå Sand:Jenny Nielsen, Aud og mor. Jenny skulle til Suffork og Aud og mor til Norfork. Hanne Marie Sjøstrand kom og var hjå Knights i the Priory ei tid seinare. 

Det var Ola Bårdsen som ordna post for dei. Jentene måtte reise til Stavanger for å ordna alle papira. Som mor fortalde:" Me hadde mykje strev i Stavanger. Me flaug frå kontor til kontor så me var heilt ende då me kom til Sand" Dei både gleda og grua seg. Siste kvelden på Sand var dei nede hjå Bårdsen og tok farvel. Han hadde brukt mykje tid saman med dei i planlegginga av turen. Då dei gjekk, snudde dei seg mot glaset der han sat og vinka. Han vinka att. Det var truleg siste gongen dei såg han.

7.februar 1947 reiste dei avgarde på sitt livs eventyr. Mor og Aud budde nær kvarandre og traff kvarandre ofte.  Aud kom til Broomhills og mor kom til the Priory. Begge fekk jobb som maid i kvar sin fine familie. Aud hadde litt bedre forhold. Ho hadde meir fri, og fekk til og med ferie. Det fekk ikkje mor. 

Bilder frå mor sin album. Aud og Karen i Botesdale

 Begge hadde svart og kvite uniformer etter lunjs, og begge var fortvila over alle knivar og gaflar som skulle brukast til borddekkinga. Det kom seg og, dei vart dugande maids. Av og til, når herskapet ville gjere stas på gjestene sine, serverte jentene kledde i norske bunadar.

Mykje var ulikt i England. Maten på reisa var ikkje til å eta tykte dei. Og damene var så måla og pudra at ungjentene blei heilt øvegjidde. 

Året i England knytte dei saman og dei hadde mange gilde minner derfrå. Dei snakka perfekt engelsk og det var eit eventyr å høyre når dei fortalde om si store reise.


                                          Redgrave festival. Aud og Hanne Marie står midt i bildet

Nå er det er nokre år sidan sist eg snakka med Aud. Men ennå kan eg høyre stemmen og låtten hennar. Eg ser henne for meg med det fine smilet og den kvikke replikken.
 Ho stråla alltid  som ei sol. Sola har gått ned. Fred over minnet til Aud!