lørdag 23. april 2016

I dag feirar me...

I dag dag er det 23. april og i dag feirar me. Det er mykje ein kan feira 23. april, men idag vil me  feira litt ekstra for bonden på Hiim. Bonden på Hiim?  Han har vel ikkje jeborsdag i dag, vil de vel seie. Men det har han; Den nye bonden!  På Hiim har det vore generasjonsskifte. Det er alltid noko særs når ein gard går vidare til nye generasjonar. Det er tradisjonar å halde, samtidig som drifta må vera liv laga.

Bjørn Ernst Benninghoff Hiim er den nye bonden på Hiim. Han tok over i sitt 40. år.  Det året han runda 40 vart eit år med store endringar. Han og Alma har flytta saman på Hiim. Han har sett opp nytt hus på garden, mens dei begge var travle på fleire hald.
Hadde pc- en min vore meir velviljug hadde de fått sett bilde av det fine huset, men det kan sjå det sjølv.  Hiim kan du ikkje unngå å sjå..

Ekstra gildt er det at dett krelar av ungar på garden. Fem i nye huset, og eit i folgehuset. For ikkje å gløyme den altetande odelshunden.



Eit av dei eldste bileta av Hiimsgardane. Utskiftninga er gjort og Hunter er vel plassert på Moen, så då veit me at bonden heitte Lars der hima. På Rabben heitte bonden Orm.

Folk flest har eit mål i livet, ellers kjennes livet mållaust. Bjørn har fått seg mange mål i livet. Her ser de nokre av dei.



Asjen stod midt i det gamle klyngetunet på Hiim. Det vart plante av Orm Albretsen i 1828 då han var 14 år. Den vart planta  for å minnast far hans som døydde det året. Asjen er viktig for folka på garden. Der minnest dei farne folk, og gir gGrdvoren skjenk for eit godt år og vern om folket.

Bjørn og bestefar var eit radarpar. Her bles bestefaren bles i kuhorn, alt for å gleda barnebarnet. Dei gjekk godt i lag og var veldig like. Glad i folk var begge to, så Bjørn vil nok vidareføre den sosiale linja med open gard for slekta.

Bjørn har mange fakter og minikk som bestefaren. Av og til gjer han seg til for å herme etter bestefaren, men det han ikkje veit er at han er som gjenfødd. Når han står i fjosdøra er det så me støkk. Han skremde vetet av bestemor si. Alle skapdørene i bislaget stod opne, og ho trudde at Lars var komen att. Men så var det berre Bjørn som hadde leita etter noko og han kunne heller ikkje lukke skapdører. 


Eit øyeblikk av valgets kvaler?


Lågen er blitt kjær for Bjørn. Her brukar han så mykje tid at dottera trudde det var fiskerifag han studerte.

Mykje gras og beite..  Jonsaløkka, Larsastykket og Magnus sitt nydyrking gir tilsaman eit styggelig stort stykke land. Godt han har mange ungar som kan henta stein.



I tillegg så eige han ein heile estate i Bulgaria, eller som han sa suldølen som arva frå Amerika." Han eigde ein heil stat"

Her er resultatet av fiskerihobbyen: Ein fisk så stor den mest ikkje kan løftast. Igjen så går interesser i arv:

Bestefaren likte også å fiske, både laks i Lågen og anna rart i fjorden. Her er Lars Hiim med sin kamerat Lars Foss.

Men interessa er eldre enn som så. Fiskeinteresse-genene kjem heilt frå Bråtveit. Her er oldefaren Ola J. Bråtveit i sitt ess.


De som kan lese baklengs ser at her står det Hiim. På tide å gi porten eit nytt liv. Kanskje han kan ønske seg det til bursdagen sin?

Frå yndlingstanten din har du eigentlig fått presangen på forskott. Heilt nymalte hytta og utedo ;)

Hurra for deg som fyller ditt år,
Ja deg vil vi gratulere.
Alle i ring omkring deg vi står,
Å se nå vil vi marsjere.
Bukke, nikke, neie, snu oss omkring,
Danse for deg med hopp og sprett og spring.
Ønske deg av hjertet alle gode ting,
Og si meg så hva vil du mere?
GRATULERE!


Hiim i våre hjarter. Du, Bjørn, er også i våre hjarter. Eg plar å kalle meg yndlingstanten, for han har berre ei tante.. frå Hiim. For i Tyskland har han tanter og eg håpar ikkje dei les at eg er yndlingstanten ;)  Det er ikkje så lenge sidan eg sjølv feira 40,  Berre 17 år faktisk. Eg hugsa at det var ein gild dag. Eg håpar du og får ein gild dag. Eit tips når du skal feire dagen din: ikkje smak for mykje når du skal smake til bowlen, for det gjorde tanten din.....

 

Asjen er blitt noko skrøpelige. Nina- stormen var stygg mot han, men me håpar at Asjen står nokre år til og gir ly til Gardvoren.




Hm. kva med denne jenta? Frå 1985 har ho vore ei pest og ei plage for Bjørn si feiring. Frå å vere godguten og den førstefødde måtte han brått dele dagen sin med henne. Ei store helsing går til Maren Kristine også, men i dag må du tåle at Bjørn blir hovedpersonen. 
Gralla til Bjørn og Maren!

mandag 28. mars 2016

Aud Brommeland Sylte til minne

Så var dagen og timen komen. I den stille veka fekk me ei melding at Aud Brommeland Sylte var død. Eit langt og innhaldsrikt liv er til endes. 

Aud var fødd i 1927. Foreldra var Jon Brommeland og Anna Henriette Spartveit frå Vats. Aud var gift med Tor Sylte frå Trondheim. Dei hadde to born Anne og Ole.

 Eg har kjent Aud all mi tid. Aud Brommeland som ho vart kalla på Sand, ennå om ho hadde vore gift halve livet sitt. 
Aud og mi mor, Karen Bråtveit Hiim, var venninner. Dei vaks begge opp på Sand, Mor på Eide og Hauen og Aud i strandstaden. Aud flytta til Oslo, mor flytte opp i bygda, men kontakten var der. Aud og Tor var ofte på Sand. Dei kjøpte seg hus på Sand og det nytta dei ofte. Det var det som var heime. Laksen og Lågen for Tor sin del, og familie og venner for Aud sin del.

Det var alltid fest og moro rundt Aud. Ho hadde eit strålande humør, var kunnskapsrik og kvikk i replikken. Det var ein vennegjeng på Sand som heldt saman heile livet. Når dei vart samla vart me ungane sende i seng. Slik var det heile livet vårt, og som ungdommar ville me heller vere heime, og i lag med dei, enn å gå på dans. Det seier litt om kor interessante diskusjonar og moro dei hadde. I den gjengen var Aud og Tor sjølvsagde.


Aud arbeidde på hørselsentralen i Oslo, og ho tok seg sers godt av meg då eg fekk mi Karen Helene som var fødd døv etter at eg hadde røde hunder. Ho var til stor hjelp. Og alltid seinare heldt ho seg oppdatert på Karen Helene.

Mor og Aud var ungdommar i lag og gjorde det ungdommar gjer. Mor såg opp til Aud for ho stod så stødt i livet og var så trygg på seg sjølv. Mor ønska ofte at ho kunne vere litt meir som henne.

 Dei tok og ut på den store reisa i lag, heilt til England, i ei tid då ein berre kunne halde kontakt via brev.

Aud omlag på den tida for den store reisa.

Det var tre jenter som reiste i lag frå Sand:Jenny Nielsen, Aud og mor. Jenny skulle til Suffork og Aud og mor til Norfork. Hanne Marie Sjøstrand kom og var hjå Knights i the Priory ei tid seinare. 

Det var Ola Bårdsen som ordna post for dei. Jentene måtte reise til Stavanger for å ordna alle papira. Som mor fortalde:" Me hadde mykje strev i Stavanger. Me flaug frå kontor til kontor så me var heilt ende då me kom til Sand" Dei både gleda og grua seg. Siste kvelden på Sand var dei nede hjå Bårdsen og tok farvel. Han hadde brukt mykje tid saman med dei i planlegginga av turen. Då dei gjekk, snudde dei seg mot glaset der han sat og vinka. Han vinka att. Det var truleg siste gongen dei såg han.

7.februar 1947 reiste dei avgarde på sitt livs eventyr. Mor og Aud budde nær kvarandre og traff kvarandre ofte.  Aud kom til Broomhills og mor kom til the Priory. Begge fekk jobb som maid i kvar sin fine familie. Aud hadde litt bedre forhold. Ho hadde meir fri, og fekk til og med ferie. Det fekk ikkje mor. 

Bilder frå mor sin album. Aud og Karen i Botesdale

 Begge hadde svart og kvite uniformer etter lunjs, og begge var fortvila over alle knivar og gaflar som skulle brukast til borddekkinga. Det kom seg og, dei vart dugande maids. Av og til, når herskapet ville gjere stas på gjestene sine, serverte jentene kledde i norske bunadar.

Mykje var ulikt i England. Maten på reisa var ikkje til å eta tykte dei. Og damene var så måla og pudra at ungjentene blei heilt øvegjidde. 

Året i England knytte dei saman og dei hadde mange gilde minner derfrå. Dei snakka perfekt engelsk og det var eit eventyr å høyre når dei fortalde om si store reise.


                                          Redgrave festival. Aud og Hanne Marie står midt i bildet

Nå er det er nokre år sidan sist eg snakka med Aud. Men ennå kan eg høyre stemmen og låtten hennar. Eg ser henne for meg med det fine smilet og den kvikke replikken.
 Ho stråla alltid  som ei sol. Sola har gått ned. Fred over minnet til Aud!



onsdag 6. januar 2016



Hurra for onkel Tor!


13. dags-jul- onkel


Det var i hine hårde dagar. Det var trettande dag jul. Det var kaldt og det var snøvær. Då kom det tredje barnet til Oletta og Magnus på Hiim til verda. Det var ein ufysen dag å inntre, men det var så laga at når jula for ut kom guten til verda. Det nye håpet. Ned i stallen stod en snill og trofast kamerat. Kjære Blakken du må ta den lange veien fatt. Kanskje hadde Magnus,faren, lese "Prestegaardshistorier" og kunne soga om Blakken. Kanskje han tenkte sitt då han salte opp sin Hiimsblakken. Bestefar måtte av garde i snøføyka for å hente jordmor til gards.

På Hiim vart han fødd. I dåpen fekk han namnet Tor Kåre. Han var heldig med gudmor si. Det var Anna Hauge. Syskena var misunnelige på han, for Anna hugsa på gudsonen si så lenge ho levde.

På Hiim bur han ennå. Han bygdehuset sitt på Flåtene, rett under Trollhammaren. Der har han sitt paradis. Det er det godt å vera for slekt og venner, ungar, fuglar planter og dyr. 


Barneflokken på Hiim i yngre år. Dette bildet er truleg tatt mens det ennå var  idyll i heimen. Då minstebarnet var to år døydde far deira, Magnus. Året etter døydde bestemor deira, Anne Marie Hiim. Det var eit gravferd til året i dei viktige åra for ungane. Dette prega dei for alltid, for som tida var før skulle ikkje slikt snakkast om til borna.



Ungane på Hiim veks til. Her står dei fint i rett rekkefølje etter alder: Ottar, Anne Marie, Tor, Valborg og Lars. 

Ein skøyar i tropehjelm. 



Tor byrja på realskulen på Sand. Det var ikkje store klassen. I klassen gjekk det og ei jente frå Sand som heitte Karen Bråtveit. Ho skulle seinare blir svigerinna hans og kone på Hiim. 

Realskulen på Sand hadde ennå ikkje fått eksamensrett, så dei måtte reisa til Sauda for å ta eksamen, eller Saude som dei sa før. Heldigvis hadde han slekt i Sauda. Han  fekk sove på loftet i arbeidarbustaden der onkelen hans budde. Om morgonen eksamensdagen gjekk han ned og sette seg på kjøkkenet. Han tykte det var rart at det sat ei framand dame der, men han tenkte at tanten hadde fått besøk. Han byrja å ete, men etter ei stund måtte han spørje kor tanten var. Dama gliste og peika ned i golvet. 
Det viste seg at Tor hadde gått i feil etasje. Tanten og onkelen budde i etasjen under. Slik kan det gå når alle husa er like og ein kjem frå Hiim. Kona i huset gliste breitt då Tor flau smaug seg ned ein etasje for å eta ferdig hjå tanten sin. Ein dårleg start på dagen, men eksamen gjekk godt likevel. 


Den unge Tor Kåre Hiim


På Hiimsmoen såg han ei fine jenta som besøkte søster si. Det var den finaste dama i verda. Ho var finare enn Sirikit i Siam. Det var ikkje lett å få tak i ei slik flott snelle, men Tor visste råd. Med verdas mest uvanlige sjekketriks fekk han napp.  Han inviterte på romantisk kveldstur og sa han skulle gi henne et skikkeligt "kiss of fire". Han bøyde seg fram, strekte hånda bak henne og tok på straumgjerde mens han kysste henne. Kven kan stå i mot noko slikt? 

Etterkvart som me ungane vaks til vart heimen til tante Anny og onkel Tor ein oase. Der kunne me gå når ingen andre hadde tid til oss. Eg hadde min eigen nattkjole der, og tronte i senga mellom dei. Då var eg i mitt ess, Dei to snille vaksne helt for meg sjølv.


Vår kjære onkel Tor er god å ha. Han trår til i alle situasjonar i livet vårt. Han er med på jakt, ber kjøtet or heia, slaktar og lagar det klart til frysing. Han er fast medhjelpar på Ung Husflid.
Der er han  høgt elska av dei 30 unge husfliderane. Han er alles onkel Tor.

Treng me hjelp er han der. Han har kontroll på herbarium, flora og fauna. For å sitere ein skøyar frå Suldal: " Det er ikkje den ting den mannen kan!"

Trollhammar druer 

Er det nokon som lir og har vondt så hjelper han dei på føtene att.

Han er med å held Gardvoren nøgd. 



Dagens kviss: kven er det som har kniv for eit kvart høve spent til eit belte?

Desse tre er dei viktigaste vaksne i livet vårt. 

Her er ein del av oss som er glad i deg onkel Tor!

ååå gid han lenge, lenge, lenge leve må!
                          Åååå gid han lenge, lenge, lenge leve må!
                              Å gid han leeeenge,
                                            leeeenge
                                            leeeve må!




                                            Gratulera med  dagen din, kjære onkel Tor!