Men her ein dag fekk eg eit høve til å lese det. Ja, eg beint fram kjøpte det. Plutseleg vart Kamille etandes for meg og. For eg fann noko eg likte. Ikkje kjendisar og sånt, men mi dotter nummer 1 Då måtte eg jo løpe å kjøpe!
Dette bladet ser ut som eit kva som helst blad det går tretten av på dusinet. Kven kunne vite at det stod meir enn bademote i det? Dette var eit ekstra tjukt blad spekka med ferie, grilling og mote.
To søte blussande av kjærleik. Merk hjarta dei teiknar til oss. "Kjærlighet trenger ingen ord" var ein romantisk film frå tidleg 80- tal. Det vart også teater av den. Eg har sett teiknspråkversjonen av denne i Oslo i 1984 (?) Mira Zuckerman hadde hovudrolla. eit sterkt stykke. Utan samanlikning forøvrig....
Tegnspråkpoesi i hagen
Felles interesser: reising. Det er snart ikkje den stad på kloden dei ikkje har vore, saman , eller kvar for seg. Ask har alt vore fleire veker i USA, liten som han er.
Fleire sider om deira uvanlege kjærleik. Like barn leikar best, vert det sagt. Om dei ikkje høyrer likt, er dei likevel like. Begge likar utfordringar. Hønemora vart litt uroa då dottera annonserte ein høyrande kjærast, men etter å ha sett han i aksjon i dotter nummer 3 sin konfirmasjon, forsvann all uro som dogg i sola. I kyrkja let han fingeren følgje verselinene etter som me song. Då smelta eg. Dette var kjærleik.
Som i kalenderane og postkorta med små dikt om "kjærligheter er.." Kan eg trygt sei at "kjærleiken er å la kjærasten får følgje med når me andre syng!"
Hmm, her stod det mykje ei mor ikkje ville vite. Men min kjære svigerson forsikra meg at den kulørte pressa tek lett på sanninga. Det einaste heilt sanne var bileta. Men, det var vel for å trøste meg han sa det.
Sant er det også at mobiltelefonen med SMS, og Pcèn har gitt døve eit nytt liv. Dette har verkeleg endra livet deira. Dei er blitt likestilt når det gjeld kommunikasjon. Og sant er det at ho har arva bestefar Lars sin songstemme. Men det gjer ingenting. Han song med den stemme han hadde. Det skal ho og gjere.
Her er resultatet av at ein haltdaling tek utfordringa å date den døve jenta frå vestlandet. Ikkje visste han kva han gjekk til... Ikkje visste han at ho var dobbel verdsmeister i Kung fu frå VM for døve... Ikkje visste han at han skulle lære seg eit nytt språk i vaksen alder...
Dagens kviss: Kvar jobba Karen då me helst ikkje ville møte henne på jobben?