Fleire år har konfirmasjonar komme i vegen. Tre konfirmasjonar på rad eigentleg. Eg tenkte at eg likevel skulle greie det, men så kom barnebarnet på besøk. Då går me heilt utor tida. Når eg greier å huke av ei helg og har fri.. så er bløminga over!
Moreller og tidligblømande plommer er over. Seine epler er 12 mai og sei siste er i full bløming 17. mai. Kjem det ei byge,er det over. Vell, den som lever får vel ein ny sjangse neste år!
Hardanger har vore arena for fruktdyrking sidan 1300- talet. Det var munkane som starta med det. Dei skulle vel ha altervin. 40 prosent av frukta i Noreg kjem frå Hardanger. Dei dyrkar helst elper, plommer, moreller og pærer.
Det er så nydelig, Alle de som er seine som eg, nyt synet av desse bileta.
Sjå, pollinering på gong.
Kan det bli finare?
Små trær og stor bløming
Kirsebærbløming i Japan
Fruktblomstringsturar er for pensjonistar. Det er mykje anna fint me skal sjå på før dess ;-)
SvarSlettDet er bra. Då er det håp både for det,
SvarSlettog andre opplevingar :)