Viser innlegg med etiketten heimstad-liv. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten heimstad-liv. Vis alle innlegg

torsdag 21. mars 2013

15 minutes of fame

3 bilder, 2 jenter, 1 veke
Slik kan me oppsummere ei heller travel veke for jdei to Sandsjentene. Aktive er dei, men at dei skulle bli slike kjendisar hadde dei ikkje trudd.

Natalie med Liva bak

Styreverskurs og årsmøte i regi av Rogaland 4 H. Jentene sit i styret i Bygdevon 4 H, og har vore ute i verda og lært kva det vil sei å styre. I ettertid dumpa eit eksemlar av Gjesdalbuen i postkassa. Inkvan på Ålgård kjende igjen Sandsjentene og sende avgarde avis til meg.


                                                           Liva, Natalie og Margarita

Så var det ungdomsskuleball påSand. Dette baller blir arragnert kvart tredje år og der den store "happeningen". Dei pussa, stelte og strigla seg så mykje at hårfønaren tok fyr. Den var ikkje van med slik hardt arbeid. Men det gav resultat; rett i avisa kom jentene. Stivpynta !

                                                Natalie, Ingeborg og Liva

Søndagen arrangerte  Bygdevon 4 H sin årlege komlemiddag. Omlag 80 middagar vart servert. Inntektene går til den årlige turen til Hovden. Det er omlag 15 flinke ungar i klubben. Og rett i avisa kom jentene, igjen.

Nå har dei vel hatt sine "15 minutes of fame". Derfor gir eg dei nye 15 minutes her på bloggen.


fredag 15. mars 2013

våren er i kjømda

 Me har hatt ein kald og fin vinter. Snøen ligg hard og kald. Ikkje ein prikk vil den smelte. Ein lurer på om det nokonsinne vil endre seg.

Så byrjar sola å gi litt varme. Eg nyttar tida til å ta litt kaffi i solkroken på terrassen. Dette året måtte eg spa fram terrassen. Litt etter litt gir snøen tapt. Kvar dag har eg måtte hakke opp litt snø og venta på at solstrålene skulle smelta det. Og smelta har det. Nå er den eine terrassen fri for snø.
Sist veke kunne eg høyre det dopla frå taket. Det draup i eitt.

Så høyrde eg fuglane synge. Først ein, så ein til. Sola varma, fuglane kvitra, og eg kosa meg.
Men det er vel lenge til snøen forsvinn, og blomane kikkar fram, tenkte eg.

                                   20130307_114142

Så tok eg meg ein tur på den andre terrassen. Den hadde vore så nedsnøa at eg ikkje kom fram til hagen.
                               

                                20130307_114202
Og hva skuer mine øyne?  Fine snøklokker kikkar fram. Korleis dei ha klart å presse seg fram gjennom tela er meg eit under. Men under skjer, år etter år.


           20130307_114218
Berre ein liten bar flekk var nok til at blomane spirer. Eg trudde ikkje tida var inne ennå, men fuglane hadde kvitra om det. Då fuglane starta med vårsongen sin, måtte eg kikke etter om dei song rett. Og det gjorde dei.


          20130307_114237
Resten av hagen er nedsnøa og ser ut til å vere det lenge ennå. Men det er von i hangande snøre....

Nå er våren i kjømda godtfolk. Nyt denne tida, for brått er denne undringens tid over.

bloggurat link:http://bloggurat.net/minblogg/


<a href="http://bloggurat.net/blogg/hdn0k/liv-midt-i-livet"><img src="http://x.bloggurat.net/stats/?id=snrwpk" alt="Bloggere i Norge" border="0" /></a>

Jeg har plassert min blogg i <a href="http://bloggurat.net/kart/registrere/9632/sauda">Sauda</a> på <a href="http://bloggurat.net/kart/">norske bloggkart</a>!

fredag 22. februar 2013

Bror min, fredsprisvinnaren

(Dette innlegget hadde eg gjort klar i høve Fredsprisutdeling i Oslo rådhus i desember 2012, men tida gjekk og eg ansa ikkje på henne. Eg var ikkje heilt klar for blogglivet. Derfor kjem den litt på etterskot)

Denne overskrifta høyrdes vel nokså skrytande ut. Nå lyg ho iallefall denne bloggaren midt i livet! Kanskje ho har tippa over feil side av midt i livet.. eller? Les og lær:

Det har vore fredsprisutdeling att. Det er alltid spanande kven som vinn og kven som kjem. Dei som vinn får ta med seg familien og blir gjort stor stas på. Dei får alt dekka, og pengar i tillegg, til arbeidet sitt, sjølvsagt.

I 1988 vart "De Forente Nasjoners Fredsbevarende Styrker" tildelt årets fredspris. Fredsprisen vart gitt til organisasjonen; "For å hedre minnet om dei mange unge falne soldatar i fredens teneste."

Nobelkomiteen la stor vekt på rolla unge menneske har i fredsarbeidet. Det er dei som gjer at FN når sine fredsbevarende mål. Og året 1988 var litle bror min i Den fredsbevarande styrken. Han var utplassert i Libanon. Så derfor går det rundt på Sand, i all beskjedenhet, ein fredsprisvinnar.


Fredsprisvinnar 1988

Men i motsetning til det me ser vanligvis der mottakarane får pengar, diplom og medalje heilt gratis, måtte FN veteranane betale med eigne penger om dei ville ha medalja si. Dei var heller ikkje ønska til utdelinga i Universitetets Aula.

Dette viser at det framleis er forskjell på kong Salomo og Jørgen hattemaker.

Soldatar som var i teneste andre år enn 1988 blir også rekna med som vinnarar, slik at det  går nok to - tre andre prisvinnanrar rundt på Sand.

Dagens spørsmål: Kven er desse fredsprisvinnerane?

Talen ved utdelingsseremonien:
http://www.nobelprize.org/nobel_prizes/peace/laureates/1988/presentation-speech.html

onsdag 6. juni 2012

Sjukehuset i våre hender

Eg har hatt den tvilsomme æra av å sjå innsida av eit sjukehus. Eg var på akutten. To gonger har eg komme inn den akutte vegen. Første gongen  hadde eg brote foten. Det var ein spesiell opplevelse som eg den gongen håpa var eit eingongstilfelle.


Det var som å spela Monopol.  Eg rykka heilt inn på målstreken 3 gonger. Første gong fasta eg heile dagen. Men ingenting skjedde. For det var kø. Så fasta eg neste dag og. Eg kom ned til operasjonsstova og vart gjort klar. Så kom meldinga. Me treng stova. Ja, heilt rett, Haugesund sjukehus hadde berre ei operativ stove då.

Så vart eg sendt heim. Neste morgon ringde dei og sa at no kunne eg komme likevel. Eg reiste til byen og fasta. Så vart eg gjort klar og kjørt inn på stova. Akkuratt då narkosen skulle settast vart dørene slengde opp. Ei trafikkulykke trong stova.  Då eg endeleg kunne faste for 4.gong kom eg i narkose, men då var foten grodd.

Så kom eg inn att sist veke. Det viste seg at ting ikkje hadde blitt bedre. Eg følte eg var innlagd på eit sjukehus i eit U- land.

                                                     Slike lappar var det fleire av

Denne gongen vart eg kjørt med ambulanse til akutten. Så langt var alt velstand. Vel framme på akutten fann eg ut at dei fremdeles hadde berre ein av alt. Eg skulle liggje med hjerteovervaking, men den var opptatt. Dersom den blei ledig skulle dei komme inn til meg om natta og sette den på. Dei kom aldri.


Eg hadde fått folka heime til å raske med seg pustemaskinen min mens me venta på ferja. Det viste seg at ein del mangla, og då var den ubrukelig.  Eg spurte om eg kunne få låne ein på sjukehuset sidan eg ikkje kan sove utan. Men nei, det kunne eg ikkje. Dei hadde berre ein, og den måtte vere klar til akutte tilfeller.


Men dei kom med eit plasthovudfeste og sa eg kunne prøve å feste delane til min pustemaskin. "Det er om å gjere å vere kreativ". Delen eg mangla, og delen eg fekk, er like. Men dei er meint å festast på ein del som heng på det festet eg hadde heime, så eg prøvde å sei at det ikkje gjekk an. Men eg tala for døve øyrer. Slangen kunne eg visst stikke i halsen.


Slik skulle eg vere kreativ,
For å gleda ein overarbeida sjukepleiar gjorde eg eit forsøk. Men det var slitsomt å leike Hannibal Lecter når ein er sjuk.


                                                          Eg og Dr. Hannibal Lecter


Slik skulle det vere. Etter ei tid kom dei og ga meg surstoff i staden.

Eg skulle vere på sjukehuset eit par dagar for testing, men så fann dei ut at det var liten vits i og med at testeapparata ikkje fungerte. Så dei sa eg fekk komme inn ein gong og ta testane poliklinisk når dei hadde fått fixa apparata. Om ca 6- 7 veker!


Den einaste oppvaskmaskinen i kantina er overanstrengt

Skal me vere nøgde med eit sjukehus som kun har ein av alt. Eller må me gjere som folk i Stavanger gjer. Dei samlar inn til apparater som sjukehuset kan kjøpe inn: "Aksjon Sjukehuset i våre hender"


Haugesund sjukehus (Foto: Helse Fonna)
Helsefonna, vårt nærsjukehus

Anten me likar det eller ikkje; dette er vårt akuttsjukehus. Det er der me skal når det står om livet. Skal me sei at  me ikkje bryr oss for staten har ansvaret? Eller skal me aksjonere?

Det hjelper lite å sei at Staten har ansvaret når lungene dine klappar saman og dei berre har ein pustemaskin!
Det hjelper lite å sei at Staten har ansvaret når hjarta flimrar og dei berre her ein hjarteovervakar!

Du skal bry deg!

mandag 4. juni 2012

Dugnad


Det er vår og det er dugnadstid. Du har kanskje allereie vore med på ein dugnad, eller to. Dugnaden i Noreg står for 100 milliardar kroner i verdiskaping. Kva det skapar i glede, har me ikkje rekna på.

Det me veit er at dugnad gir ei god kjensle. Me har hjulpe til. Dugnad kan vere fysisk arbeid, der ein stiller opp og jobbar. Dugnad kan vere å bidra til dugnad. Til dømes å gi lopper til eit loppemarknad. Det er bra for dugnadsånda og for miljøer, gjenbruk.

(bilde frå internett)
Ikkje minst bidrar dugnaden til sosialt samvær.  Det er kanskje den einaste gongen i året du verkeleg set ned og pratar med naboen over gjerde.




Dugnad er eit ord nyinflytta nordmenn må lære seg, for dugnaden er nokså særnorsk.  Andre land har veldedighet, men det er ikkje det same.



Den norske dugnaden er gammal. Når folk bygde seg hus, eller løe i eldre tider, vart det innkalla til dugnad. Så var det sjølvsagt at alle i same bedelag møtte. Framleis lever ordet og aktiviteten "tåkedogne". Så kan de gjette kva det er.

Me har ein felles norm og felles stolthet. Me er like, me gjer same ting, saman, samstundes. Det er noko anna enn veldedighet.
Eg har sagt det før, og seier det sikkert igjen:
La dugnaden leve!

lørdag 2. juni 2012

Ryfylkedagane

De har vel fått det med dykk? Me er midt i Ryfylkedagar. Gå nå ut og kos deg. Sit ikkje her og glo.

Copyright © L.A. Nordheim
          Dette er dagen det tar to timar å kome seg frå eine enden av Gata til den andre

Gå planken!    (Foto SP)

                                               Kjem endene snart?  (Foto SP)

Her er programmet:
http://www.suldal-turistkontor.no/doc/367_RD_2012_2.pdf

torsdag 17. mai 2012

Hurra for 17. mai!


  I dag er dagen me har venta på, både store og små. Me har vaska og stroke skjorter og flagg, sett over dei krympande bunadar og gjort alt klart for den store dagen.

P1010019

I dag er dagen for bunadar. Sjå godt på alle dei bunadkledde jenter og damer. Det er mange kjærlege sting bak kvar og ei bunad.


 P1010039
                           I dag er det pølser, brus og is. Og for nokre heldige, som eg, kake.


P1010042
Jentene klar for 17. mai. Qi-Qi  med bunaden forsvann ut or bilete. Me ser såvidt snurten av henne nederst i bilete.


 P1010046
Tru kva oransjerussen har å sei oss dette året? Dette er frå eit tidlegare år.



        P1010047 P1010050
             Heldigvis blir det lyd i toget i år også. Her ser me musikantane i fjor.



P1010055

I fjor var dotter nummer 3 medlem av 17. mai komiteen. Ikkje verst å gå fremst i toget i så ung alder. Det er smart av 17. mai komiteen å rekruttere unge. Så får dei meir stolthet over å vere med å bidra til at me alle får ein fin dag.


                                Berre nokre få år sidan, men kan me kjenne dei att i år?



                       Som de ser, er stort og smått i hønsegarden klar for den store dagen.



Ha ein fin nasjonaldag alle saman!

onsdag 16. mai 2012

Takk og lov for musikken

I fjor skreiv eg på bloggen min om 17. mai på Sand. Me bur på ein liten stad, men likar å markere dagen. Ein viktig del av 17. mai er musikkorpset. Utan tonefølge blir toga vel tamme. Me hadde korps med eit naudskrik i fjor. Etter 17. mai var det lite korpsing.

Det har sett mørkt ut for fin lyd i 17. mai- toget i år. Men då korpsgeneralen kalla inn til første samling for 17. mai - korpset, kom det 10 stykk. Seinare kom tre etternølarar til, og dermed blir det korps i år også. Hurra!

Hurra for dei som gjer slik ein stor innsats for å gleda andre. Dei har lært at største gleder får ein når ein gledar andre:
     
Den største gleda ein kan ha,
det er å gjera andre glad;
og vil du gjerne lukka nå,
då først deg sjølv du gløyma må.

Og vil du sanka gods og gull,
du aldri får din bankboks full;
du må ha meir, får aldri ro;
eit hundre først – og sidan to.

Nei, gjer deg nøgd med det du har,
og prøv å gjera andre glad;
turk tårer bort der du dei ser,
og gjer det lyst der mørkt det er.


                                 Her er dei som reddar nasjonaldagen for alle på Sand.

Ha ein fin dag i morgon alle saman.  Og hugs å smile fint, og takke dei som gir oss musikk til dagen.

mandag 14. mai 2012

Hekkan

Eg hadde ein gong ein hekk. Ja inntil nyleg hadde eg ein kjempehekk. Det var eit hekkan, for den tok halve hagen. Den var nydelig i sin fulle flor. Men det var berre eit par veker i året. Resten av året var det lite med den. Eg skar den ned for tre år sidan. Då sette den i å veksa. Den voks både meg og plenen over hovudet. 

Men det kom det ingen blomar, for den blømer visst på toårsgreiner. Den voks som ein bønnestengel.  Den blei så stor at den fekk midtskill når det regna. Og i fjor fekk den permanent midtskill. 

=
Nydelig i sin blomsterprakt. Men lite med resten av året. Fordelen var at eg kunne gjere mest kva eg ville i hagen utan at nokon såg det.


Ei fine unge jente kunne skjule seg bak den blomstrande hekken.


Så tok inkvan affære. Eg ville ha hekken trimma slik at den kunne veksa seg fin og tett .  Då eg kom frå bytur var hekken vekke...


Hekkan, ei plage både med og uten. Det blei noko glåpe



Kva skal turtelduene mine gjere nå? Nå kan dei ikkje henge og slenge i hammocken utan innsyn. Alle kan sjå om eg fuskar i Krokket-turneringa.. Eg trur eg tregar. Kan me lima den på att?


fredag 11. mai 2012

Sigrid Lagarhus til minne


Det blir hausta i bygda. Oftare enn ein likar kjem eit dødsbodskap. Denne gongen var det Sigrid Lagarhus sin død som vart varsla. Eit langt liv var over.

Sigrid var så rolig og mild. Ho gjorde ikkje mykje av seg, men eg hugsar så godt det fine smilet hennar og dei stille kommentarane. Me treftes i bygdelag gjennom mange år.

Sigrid Lagarhus var fødd i 1925. Ho kom fra Hellvik i Egersund og heitte Sæland før ho vart gift.

At ho kom til Sand var ein tilfeldighet, eller me kan sei krigen var årsaken. Sigrid og ei venninne arbeidde på Sparekassens Aldershjem i Stavanger. Dei hadde vel aldri tenkt seg til Sand. Men så kom krigen og dei gamle måtte evakuerast. Dei evakuerte til Sand der dei losjerte på pensjonatet i Nordenden.

Dei unge fine jentene fekk ikkje gå i fred lenge. Dei fekk seg kjærestar, og Sigrid blei verande. Ho gifta seg med Knut Lagarhus og flytte inn på Brakahauen. Sigrid og Knut fekk to søner, og dreiv garden godt. Knut fekk kjøpt meir jord og garden dobla seg. Så vart Knut vart sjuk og Sigrid vart åleine med to små søner. Ho pakta vekk gardsdrifta. Midt på 70- talet mista dei halve garden i ekspropieringa av Garaneset. Den finaste  molda på Sand vart industriområde.

Sjølv om motgong og strev prega livet hennar, merka me aldri noko til det. Det var så godt å stå i lyset hennar og varma seg på smilet.

Mor og Sigrid kjende kvarandre og var ilag slik koner i bygda var. Så møttes dei på same rom på sjukehuset. Begge hadde vore, og var sjuke. Der fann dei kvarandre att.  Dei hadde det gildt, og begge lurte på kvifor dei ikkje hadde funne kvarandre oftare. Når eg kom inn på rommet deira var det ein fin lys stemning som straumde mot meg. Ein stemning av to damer som kosa seg i lag.

I dag skal me følgje Sigrid Lagarhus til grava. Eg lyser fred over minnet hennar.

torsdag 10. mai 2012

Annerledeslandet

Me lever i ei rettsak for tida. Det pregar livet vårt anten me likar det, eller ikkje. Korleis me reagerer på dette er interessant for andre. Psykiatarar frå prestisjetunge universitet i USA er i Noreg for å studere den norske folkesjela. Dei er imponert over vår stoiske, heroiske og kjærlege motstand. Me lar oss ikkje knekke.


Annerledeslandet Noreg

Desse utanlandske spesialistane  samanliknar vår "22.7" med deira "9.11"
I USA var det meir raseri, sinne og opptøyer. ABB reiv oss ut av svevnen. Me bråvakna. Men me reagerte annleis enn andre. Kvifor me gjer det, skal desse ekspertane finne ut.

ABB kjempar for sitt mentale liv på same måte som Rudolf Hess gjorde i Nurnberg 1945  ABB tok opp eit viktig moment i retten; Han spør :"ville ein muslim fått oppnevnt rettspsykiaterar"? Det får meg til å tenkje; Han er ein av oss. Ein pen ung mann, lyshåra,  frå beste vestkant. Er det derfor det er så mykje styr om han?  Han er terrorist. Korleis har det seg at me reagerer slik me gjer? Er me av eit anna folkeslag enn resten av verda?


"Me ser ingen kamp-rop, kun roser. Hans rettighet er udiskutert.  Dommaren handhelsa på han " uttalar ekspertane undrande. Ein blir stolt av av å høyre høgt profilerte psykiaterar, patologar, etc, frå USA beundra oss.

Me viser ikkje brutale og blodige bileter av offera.  Me markerer nøytralt på ei dokke korleis ungdommane vart drept. Så blir det vist bilete av dei flotte unge saman med eit minneord som fortel oss om dei. Slik hyllar me dei, og livet, og lar ikkje grusomheten slå rot i hjarta vårt.

Mens USA krev gjerningsmenn sitt hovud på eit fat, kva gje me?  Jo me syng. Me syng ondskapen på dør. Me syng: "Barn av regnbuen".

40 000 menneske song denne songen  i Oslo, i  det som må vere verdas største kor. Folk i alle byar i Noreg song på same tid same song:

Men si det til alle barna,
og si det til hver far og mor;
Dette er vår siste sjanse
til å dele et håp og en jord.

Brukeropplastet bilde

 En himmel full av stjerner. Nettopp denne songen meinte ABB har hjernevaska det norske folk  Han fekk rask reaksjon. Heile Noreg song denne songen i protest mot den grufulle handlinga 22. juli.Då er det godt  bu i Annerledeslandet.

http://www.youtube.com/watch?v=llLb_2hAfd0

mandag 7. mai 2012

Kva er det med været?

Eg sit og klør meg i hovudet for tida. Eg har visseleg snudd primstaven om til sommarsida. Det gjorde eg sist månad. Eg har sett snøklokker, krokusar, påske- og pinseliljer komme og gå. Nå står tulipanane i flor. Eg har slått plenen. Men kva skjer då?  Jo det snør!


Nå kom det ikkje så mykje snø på Sand i dag, men det har ennå ikkje gitt seg heilt. Så kven veit...

Eg såg værmeldingane på TV, og eg kjende verken i oklene, men eg trudde ikkje heilt på det. Me er jo så globalt oppvarma at me skulle sleppe å ha det slik forfedrane hadde det på tidleg 1700- talet  Då snøa det i juni.
Eg skulle på søndagstur til Vikane (Sahara for sandbuar) men måtte snu på grunn av snøstorm. Eg hugsa fjellvettregelen:" Det er inga skam å snu"...


Denne terrassen treng varme og sol slik at me kan beise over den.

Dette kalde været er vel ikkje så gale for andre enn oss som skal måle hus og beise terrasser. Etter gamalt var det bra om mai ikkje var for varm. Kald mai skulle gi gode avlingar.  Far min steva alltid: " Mai kulde/gjør bondens lader fulde!"




Kva er vitsen med global oppvarming når me må fyre i omnen kvar kveld?





   
                                             Denne utviklinga  ser ikkje ut til å slå til.

søndag 6. mai 2012

Gratulatione Confirmandorum

I desse konfirmasjonstider er det på sin plass å gratulere alle konfirmantar, kyrkjelege og humanistiske med dagen.



I Suldal er me godt i gong med feiring av årets konfirmantar. Humanistiske konfirmantar feira i går på Kulturhuset. I dag er det Erfjord og Sand kyrkje som arrangerer konfirmasjon. Jelsa kyrkje var først ute. Der vart dei konfirmerte 29. april. Suldal og Marvik gjer det 13. mai.

Å bli konfirmert har nokon kvar blitt, både bokstaveleg og i overført tyding.  Men i dag er det kun gledeleg konfirmering.

Den kyrkjelege konfirmasjonen er første gong nemnd  i ei pinseandakt som Faustus av Riez heldt ( ca 450) :
- " I dåpen blir vi gjenfødd til livet, etter dåpen blir vi konfirmert til kamp. I dåpen blir vi tvettet, etter dåpen blir vi styrket".


Frå 1981 er konfirmasjonen ei rein forbønshandling i den norske kyrkja. Lovnaden frå dåpen blir stadfesta.


Det er ikkje lite som skal til for å få av stabelen ein konfirmasjonsfest. Det er mykje baking, klippping og liming rundt om i heimane i Suldal i desse tider.

Mange hjelpande hender.



Det kostar skjorta av kroppen å ha konfirmant. Mange legg alt dei har av energi, kreativitet, venner og pengar i å lage ein flott fest for avkommet. 


Og så skal hatten passe...



Anten det er ei overgongsrite, ungdomsfest eller dåpsstadfesting : Tillykke alle konfirmantar!