fredag 11. mai 2012

Sigrid Lagarhus til minne


Det blir hausta i bygda. Oftare enn ein likar kjem eit dødsbodskap. Denne gongen var det Sigrid Lagarhus sin død som vart varsla. Eit langt liv var over.

Sigrid var så rolig og mild. Ho gjorde ikkje mykje av seg, men eg hugsar så godt det fine smilet hennar og dei stille kommentarane. Me treftes i bygdelag gjennom mange år.

Sigrid Lagarhus var fødd i 1925. Ho kom fra Hellvik i Egersund og heitte Sæland før ho vart gift.

At ho kom til Sand var ein tilfeldighet, eller me kan sei krigen var årsaken. Sigrid og ei venninne arbeidde på Sparekassens Aldershjem i Stavanger. Dei hadde vel aldri tenkt seg til Sand. Men så kom krigen og dei gamle måtte evakuerast. Dei evakuerte til Sand der dei losjerte på pensjonatet i Nordenden.

Dei unge fine jentene fekk ikkje gå i fred lenge. Dei fekk seg kjærestar, og Sigrid blei verande. Ho gifta seg med Knut Lagarhus og flytte inn på Brakahauen. Sigrid og Knut fekk to søner, og dreiv garden godt. Knut fekk kjøpt meir jord og garden dobla seg. Så vart Knut vart sjuk og Sigrid vart åleine med to små søner. Ho pakta vekk gardsdrifta. Midt på 70- talet mista dei halve garden i ekspropieringa av Garaneset. Den finaste  molda på Sand vart industriområde.

Sjølv om motgong og strev prega livet hennar, merka me aldri noko til det. Det var så godt å stå i lyset hennar og varma seg på smilet.

Mor og Sigrid kjende kvarandre og var ilag slik koner i bygda var. Så møttes dei på same rom på sjukehuset. Begge hadde vore, og var sjuke. Der fann dei kvarandre att.  Dei hadde det gildt, og begge lurte på kvifor dei ikkje hadde funne kvarandre oftare. Når eg kom inn på rommet deira var det ein fin lys stemning som straumde mot meg. Ein stemning av to damer som kosa seg i lag.

I dag skal me følgje Sigrid Lagarhus til grava. Eg lyser fred over minnet hennar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar