Boka er god, men det var til tider frykteleg å lese om desse karane og kva dei opplevde. Somme kveldar tenkte eg at eg orkar ikkje meir storm og kulde, men i solidaritet med Cherry las eg. Kunne han gjennomleve det, kan eg lese om det.
Er du glad i mursteinsbøker kan eg anbefale denne. Eg må innrømme at når eg kom over boka ville eg lese den for å sjå om eg fann ut noko meir om Campbell, naboen over Lågen. Campbell var med Scott til Sydpolen og som seg hør og bør ein god engelskmann hadde han landsted på Sand. I bygda der eg vaks opp var eg nabo til to av desse lakseslotta. Juvåsen rett over Lågen, og Hiimsmoen på garden vår.
Eg fann lite om Campbell i boka, for han vart sett av ein annan stad, og der måtte han klare seg som best han kunne med gruppa si i 3 år. Dei overlevde, såvidt.
Apsley George Benet Cherry- Garrrard (1886- 1959)
Slik sleit dei seg fram. Dei hadde to sledar. Dei var så tunge at dei måtte dra ein om gongen. Så måtte dei gå tilbake og henta den andre, slik at dei gjekk streninga tre gonger.
Cherry var med på Vinterreisa. Den er kalla den verste reisa i verda. Dette var om vinteren og det var mørkt så og sei heile døgeret. Dei var ute i fem veker. Det var storm heile tida, og temperaturen var mellom minus 40 til minus 60 grader Celsius. Alt dette strevet var for å få tak i Pingvinegg.
Det tok omlag ein halvtime å komme seg inn i soveposane om kvelden, for dei måtte tinast litt etter litt, slik at dei kunne komme inni dei.
I boka analyserer han turen og gir råd til framtidige polfararar. " Hvis denne boka kan fungere som veiledning for polfarerer i fremtiden, så har mitt arbeid ikke vært forgjeves."
Dei tapte kampen om å vere først på sydpolen fordi dei skulle både bli først på polen, og drive vitenskapelege undersøkelsar
Du har stor interresse for historie Liv. Ikke rart at du klarer å grave opp så mye interresant lokalhistorie.
SvarSlettMe har fleire felles interesser etter det eg kan lese på bloggen ;)
SvarSlett