torsdag 3. mai 2012

Å låne og levere tilbake

Blånissane hadde ein veldig god regel. Dei lånte, og leverte noko tilbake. Det er ein leveregel eg prøver å gjere til min.

Eg låner bøker, i hopetal, og eg leverer tilbake. Ikkje alltid like raskt som bibiotekaren vil, men dei kjem om ikkje så brått.

I tillegg til biblioteket, låner eg på ein filial. Diktarvegen bibioteket er ein stad eg ofte er  innom. Der låner eg bøker, og leverer tilbake. Men det er ikkje alltid dei same bøkene som kjem tilbake.

Eg har donert mange bøker til Diktarvegen bibliotek, i verdas navle, på venterommet på Ropeid. Eg har funne mange veldig "smale" bøker der. 



Denne boka lånte eg på Ropeid. Eg tok den med meg til Toten. På Steffensrud rehabiliteringssenter på Toten hadde dei også bibliotek. Eg lånte bøker der. Også der leverte eg tilbake...ei anna bok. Dersom inkvan skal dit, kan de gå på jakt i bokhylla i gangen og sjå om de finn denne boka.


                                                    Diktarvegen, nå også på Toten.

Det høyrer med til historia at boka eg lånte på Steffensud enda på Ropeid. Så finn de ei bok stempla Steffensrud rehab, så veit de korleis den kom dit. Boka som enda der var biografien til Gary Gilmore sin bror. Boka handlar om deira oppvekst. Gary Gilmore vart henretta i Utah i 1977

Eg oppforar alle til å nytte Diktarvegen bibliotek på Ropeid.  Lån. og lever ei tilbake. Då er det ikkje så trist å komme 2 minutt forseint til ferja. Tida går fort om det er kome nye bøker. Og husg etter bru, blir dette historie.

2 kommentarer:

  1. the Librarian bitch3. mai 2012 kl. 12:24

    Treng eigentleg ikkje kommentera dette. Men kan jo leggja til at det er underteikna og alle oss andre i Ryfylkebiblioteket Suldal (før kjend som Suldal Folkebibliotek) som syter for at du og andre som kjem for seint eller for tidleg til ferga, får litt tidtrøyte.

    SvarSlett
  2. Ja, eg sko gjedna ha sagt det at di smale bøkene komme frå moderskipet, men det var så sjølvsagt for meg. Men nå ser du at det e sirkulasjon. Men eg trur det e fleire enn meg så sirkulere bøkene.

    Det dåkke har fått til er som eit Fjærland i miniatyr! :)

    SvarSlett