Aftenbladet nett har ein artikkel til advarsel for oss naive nordmenn. Dei israelske kunststudentane er tilbake! Dei kjem på dørene, og sel eksklusiv kunst. Folk føler seg lurte når det går opp for dei at kunsten til kr. 20 000 er null verdt. Då lurer eg på; Trur inkvan at kunstnerar som sel arbeida sine for kr 20 000 går rundt på dørene?
Dette skal vere eit kunstverk til kr. 20 000, og er særs eksklusiv. (foto aftenbladet)
Eg har tydelegvis kunst til kr 20 000 i heimen. Målaren heiter Sue. Eg må vurdere ein betre alarm.
Dei israelske studentane har vore i Bulgaria også. Dei går rundt om på det norske Bulgaria. Nordmenn og russerar kjøper villig kunst til å dekorere sine hyttevegger.
Her er studenten som selde kunsten. Ho hadde ikkje måla dei, og ho sa ho ikkje visste kven kunstnarane var. Bileta måla dei for å finansiere utdanninga, så dermed er det lett å skjøne at dette er masseprodusert
Studenten var rektig koselig. Me diskutert midtøstenpolitikk og mykje anna. Ho måtte jammen jobbe for pengane hjå oss. Me forhandla oss til ein pris, så viste det seg at ho ikkje kunne tal, så me vasa lenge i omrekningane. Bildene enda litt høgare enn eg hadde tenkt, men ikkje i nærleiken av det folk må gi i Noreg. Så vil de kjøpe kunst på dørene, kjøp i utlandet.
Kjenner inkvan igjen kunsten sin?
Ho hadde også ein rammeforhandlar ho kunne anbefale, og som var veldig billig. Eg takka for det, tok visittkortet og kasta det i søpla når ho gjekk.
Les og lær:
http://www.aftenbladet.no/nyheter/lokalt/stavanger/Kunstsvindlerne-er-tilbake-2969465.html#.T6jIpOtzp6M
Hvis folk virkelig er dumme nok til å kjøpe "kunst" på døra til 20 000,- er det jaggu til pass for dem!!
SvarSletthehe, du kan så sei :P
SvarSlettHvis du syns bildet er fint og du er viljug til å betala 20000 for det, så er det vel verdt det da - for deg. Nyttar ikkje å komma etterpå å sei du er blitt lurt.
SvarSlettDet er vist vanlig å sei ein er blitt lurt sidan det er avisoppslag om det :P Eg syns nå dette er fin kitchkunst
SvarSlett