fredag 4. mai 2012

Å rehabiliterast

Eg har blitt rehabilitert. Heldigvis slapp eg å bli rehabilitert på kinesisk, eller sovjetisk vis. Eg blei rehabilitert på norsk vis.

Helserehabilitering i Noreg går ut på å oppnå "best mulig funksjons- og mestringsevne, sjølvstendighet og deltakelse sosialt, og i samfunnet etter sjukdom, eller skade"!
Eg fekk eit fint opphald og eg vart til det betre, .. trur eg.

Før jul var eg 1 månad på Steffensrud rehabiliteringsenter på Toten. Som seg hør og bør eit rehab senter, må det liggje i øydemarka. Kanskje for å unngå at me stikk av. Men dei fleste som var her hadde vel ikkje klart å hinke så langt før dei ville blitt hanka inn att.



Utsikt frå rommet. Her er det langt til naboar.


Einaste huset me kunne sjå var prestegarden. Det var eit busstopp nede i vegen, men bussane gjekk kun mens me var opptatt med rehabilitering. I helgene kom me oss ikkje av flekken.


                                                         Skog så langt du ser....


Dette er Steffensrud gard. Rehabiliteringssenteret ligg på denne garden.


Arbeidsstova blei mitt retreat. Der var det mange kjekke folk. Ser denne dama kjent ut, så har de sikket sett henne før.


Gentlemen  finns ennå. Desse karane gjorde opphaldet  interessant. Me var innom dei fleste tema.


Hjartechips, symbol på hjartevarme og empati



Ein av dei ivrigaste på arbeidstova. Eg trur han trong tilhengar for å få produksjonen med seg heim.



                                   Denne sympatiske dama hadde sjølvsagt ein kjenning på Sand.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar