tirsdag 1. mai 2012

1. mai

I dag er det 1. mai. Det er vår, og lauvet har sprotte på bjørka. I dag er det Gaukmesse. Gakk ut og sjekk om gauken galar, og ta lærdom av teikna.

1. mai er det den internasjonale arbeidarane sin kampdag. Den blir markert på ulikt vis over heile verda. I gamle Tjekkoslovakia fekk arbeidarane fri for å gå i demonstrasjonstog. Formennene på arbeidsplassen var på plass og sjekka om dei tilsette verkeleg gjekk i det kommunistiske arbeidartoget. Var dei ikkje det, blei det replisalier. Takk og pris for at dei nå kan gjere som dei vil.



                                          I dag er det flaggdag. Derfor flagrar eg her.




Har du ein slik, kan den bli verdifull om nokre år. Det er laga 8 millionar myntar med denne feilen.
                                   
Idag er det slutt på å betale med 50- øringar.  Eg har levert dei fleste til kreftsaka. Eg håpar kreftaksjonen kikkar nøye på myntane, og tek vare på nokre med feil. Dei kan bli samleobjekt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar