mandag 30. april 2012

Titanic volum ll

Me har sett i media, og nokre av dykk har vel lese på bloggen min, om uhella som følgde "Titanic"  Eg kan sei dykk at til å med å lage film om "Titanic" kunne vere speligt. Det fekk Goebbbels erfare i 1942


Propagandaministeren som elska amerikanske filmar.

Goebbels hadde funne ut at rein propagandafilm ikkje slo så godt an som propaganda pakka inn i romantikk og heroisme.  Etter suksessen med Jøden Suss bestemte han seg for å lage ein film om "Titanic" , frå ein tysk ståstad.

Han tilsette Zerlet og Selpin til å lage filmen.  Zerlet hadde Jernkorset frå første verdskrig  og hadde dermed den rette ånden.  Dei skreiv inn ein tysk offiser som helt i manuset. Denne tyske offiseren var ein førstekaptein som hadde stor kunnskap om isfjell.  Har var den einaste som såg trusselen. Hadde dei høyrd på han kunne katastrofa vore unngått.  Slik fekk dei inn tysk heroisme og det skulle bygge folkets moral.

Goebbels var ikkje den einaste som tok i bruk film som verkemiddel. Etter angrepet på Pearl Habour blei Hollywood medspelar i krigen. Filmindustrien laga klassiske venn- fiende filmar som den anti-nazistiske filmen Casablanca.

Hilter og Goebbels elska amerikanske filmar, og såg mange  filmar saman i Hiltler sin private kino. Goebbels såg verdien av å bruke filmkunst i propaganda.  

Før krigen var Berlin Europas Hollywood. Men mange av dei store filmskaparane for  til Amerika nettopp fordi dei var jødar og ikkje kunne lage filmar i Tyskland. Slik mista Tyskland mange talent. 

Då Titanic skulle lagast hadde dei få filmskaparar att til å lage gode filmar. Innspelinga starta i 1942 og alt gjekk bra til dei skulle skyte søkkjescena. Det var gjort ved Scharmutelsee. Frå nå gjekk alt som gjekk gale for Titanic, gale her også. Det var regn, vind og storm.  Dei gjekk tom for filmrullar, og det var uråd å få meir av  i  eit krigs-slete land. Filmapparata måtte reparest. Dei krangla om lys. Tyskland var under bombardement og skulle mørkleggast om kvelden. Selpin nekta, og fekk lov av Goebbels å ha lys på om kvelden.





I 1943 blei den "totale krig annonsert" og rett etter blei eit krigskip brukt som"Titanic". Omlag 100 soldatar blei flytta  frå austfronten for å vere statistar. Soldatar som skulle kriga for Tyskland.

Krigen sleit på alle og nervøsiteten greip om seg på filmsettet. Selpin slo ein vits for mykje. Jernkors-vitsen blei hans, og tilslutt filmen sin undergong. Selpin blir fengsla. Han blir funnen hengd i fengselet, av eigen, eller andre sin vilje. Ny regissør blir tilsett.

Krigslykka snur, og Goebbels finn ut at filmen om Titanic ikkje har kunstnerisk, eller propagandisk verdi. Han er redd at det tyske folk skal oppfatte det synkande skip som ein metafor på det tyske riket, og virke demoraliserande. Han  forkastar prosjektet. Enorme summar er kasta ut på denne filmen.

Goebbels ser det ferdige resulatet og konkluderer med at denne filmen aldri må synast i Tyskland. Filmen blir forbudt i Tyskland. Den blir ikkje vist der før i 1950, då i ein sensuret versjon.


Det var også ein norsk skodespelar med i denne filmen. Kirsten Heiberg var gift i Tyskland og jobba som skodespelar der.

Her kan de kikka litt på filmen:
http://www.filmfront.no/release/17074/Titanic

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar