I dag er det søndag og turdag. Me nordmenn har mange gode slagord om dette: "ut på tur, aldri sur", "frisk i friluft", eller "det finns ikkje dårleg vær, berre dårlige klær" etc. Det er gildt å gå tur, men det må seiast at familieturar kan bli ei utfordring. Krangling og klaging og gløymde ting, tærer på. I dag skal eg vise dykk eit minne frå ein av dei betre turane. Då veit de nok at det med stor sannsynlighet er vikane ( Sahara for sandbuar) Då gjetta de rett!
Eg hadde i over 20 år ein kaffikjel, men den hadde inkvan låna og slengd frå seg slik at El- verket køyrde over den. Eg hadde og i omlag 20 år ei grillrist. Det var alltid spanande å sjå om inkvan hadde gjort hærverk, og slengt den frå seg. Kvar sesongopning var det til å leite. I år var eg ikkje så heldig å finne den. Inkvan hadde nok laga seg bål og latt rista liggje att. Så har flaumen kome... og exit grillrist.
Her har eg skaffa meg ny grillrist. Mange kan ha glede av den, men legg den tilbake.
Den som nyttar denne rist
gjer som sist
så blir ho ikkje mist!
Me nyt skogen ro og god mat
Dette var ein ny variant eg laga. Knallgod dessert, men trur de ikkje at det blei repetisjon på fotograferinga. Dette er altså eit bilete, ikkje ein film.
Bålbrød skal ver svidd.
Me feira den siste nattverd i Vikane. Kan det bli betre?
Det blei litt bråk likevel
Livet er herleg...
Ungane blir latare med åra. Føtene er til å gire med.
Det heile vart avslutta med denne gode regnboge-kaka som dotter nummer 4 hadde laga. Ho brukte 5 timar på å få den ferdig.
Ha ein fin søndag. Gå ut på tur, og ver ikkje sur!
Fine bilder, og du er heldig som faktisk kan være ute på tur og nyte sola!!
SvarSlettja det er eg. Eg nyte det, men eg får betale når eg kjem him. De sure musklane. Men det er av og til verdt det :)
SvarSlett