mandag 16. april 2012

Suldal på kartet

Suldal er vida kjent. I Suldal er Mo Laksegard ein god ambassadør. Garden er også vida kjent. Kanskje meir kjend enn Suldal er.  Så kjend er laksegarden at  "God morgen, Norge" sin reisekviss brukte den som grunnlag for spørsmålet: "Kor er me?"  Bjarte Ragnhildstveit som er leiar av fredags-reisekvissen har sjølv vore her.


Mo i Sandsbygda. Ein stad i Ryfylke.

Bjarte Ragnhildstveit var på Mo Laksegård. Han deler fine filmsnuttar med oss.  Opptaket er gjort mens Daniel Mo ennå levde.  Me ser Daniel Mo i røykjehuset med eigaren Bjørn Mo i bakgrunnen. Me får sjå gardshusa i Mo, og laksesafari i Lågen.


 
Kortreist tradisjonell kvalitetsmat.



Alt er så heimsligt, og likevel så kjent ute i verda. Bjørn Mo er utan tvil Suldals beste ambassadør!

Hvor kan du drive med laksesafari
Dette var ein av nøklene til kor reisa gjekk.

Så kjent er Mo Laksegard at spørsmålet er: -  i kva kommune ligg Mo Laksegard?  I tillegg seier dei at denne  kommunen er ein av dei største kraftkommunane i landet.

Vinnaren vart: Ove Bergesen frå Spydeberg  han vann ein LED TV til kjøkkenet. Gratulerer!

Her er linken til reisekvissen:
http://www.tv2.no/gmn/ukens-reisequiz-hvor-er-dette-bildet-tatt-3739812.html

Her er linken til Mo Laksegard:
http://www.molaks.no/public.aspx?pageid=29470

2 kommentarer:

  1. Det gjeld å satsa på særpreget! Då blir ein lagt merke til. Det har dei klart på Mo. Suldal har potensiale til meir av same slaget, men ofte trur ein at ein må likna på det som alt finst for å vera god nok.

    SvarSlett