Men det er nokon som hevar seg over både norsk lov, Genevekonvensjonen og folks rettsmoral: det nylaga selskapet Norled. Dei meinar å vere så store at dei kan heve seg over alt dette og innføre kollektiv avstraffelse av alle reisande i helgene.
Dei tykkjer det har vore for mange som bestiller billett til og frå Ryfylke i helgene utan å nytte seg av plassen. Det fører til at dei får for få reisande dersom desse ikkje møter opp. Dei brukar eit anna argument for å dekke over dette. Dei seier det er alt for mange som vil bestille som ikkje får plass fordi det er fullt. Derfor vil dei nå slutte med heile ordninga. Kva hjelper det dei som dei hadde så omsut for. Dei får framleis ikkje bestille billett.
Tenk dykk å vere på reis kanskje i opp mot eit døgn og så endar reisa på hurtigbåtterminalen i Stavanger fordi det var umulig å bestille billett inn til Sand. Så reisa må forlengas med ei natt på hotell fordi det var fullt på båten, eller ein må vase i timevis rundt om i byen for å håpe å få plass på siste båten heim. Strandstaden, så nært, men dog så fjernt.
Det nye mottoet til Norled bør vere: " Ein kan bestille billett over heile verda, men ikkje hjå oss". " Her tykkjer eg de lesarar skal legge inn, i kommentarfeltet, fleire gode slagord som Norled kan nytte seg av i si marknadsføring av "stopp å bestill-ordning".
Ikkje gildt syn; å sjå revå på båten utan å vere med.
Norled legg opp til at det skal bli som i gamle dagar då Stavangerske regjerte fjordane. Då stod me som sild i tønna og trengde oss fram for å komme med på båten. Ungar blei trødde ned. Det var hyling og skriking. Me burde vel tenkt at når Tide gjekk tilbake til Stavangerske sin logo, så gjekk alt tilbake i tid.
Kolumbus direktør, Aksland, er inne på at det bør få konsekvensar for den som misbrukar ordninga. Det er heilt på sin plass, men kvifor i all verda går de inn for kollektiv avstraffelse frå 1. mai? I følge Genevekonvensjonen er det framleis ulovleg.
I denne virtuelle verda skal det altså ikkje gå an å få bestille billett til båten i helgene. Bruk toppetasjen og tenk ut ei betre ordning enn dette.
Dette står det å lese om kollektiv straff i leksikon:
kollektiv straff
- UTTALE
- kˈollektiv straff
straff som idømmes slektninger eller befolkningen i et distrikt under ett. Dette straffansvar er nå forlatt i de fleste land. Det har imidlertid vært anvendt under krig, særlig under okkupasjon av fiendtlig territorium. I henhold til 4. Haagkonvensjon av 1907 (landkrigsreglementet) artikkel 50, kan befolkningen ikke ilegges felles bøtestraff eller annen straff på grunn av enkeltpersoners handlinger som den ikke kan ansees solidarisk ansvarlig for. Bestemmelsen åpner motsetningsvis adgang til i visse tilfeller å anvende kollektiv straff, noe som ble sterkt misbrukt både under den første og den annen verdenskrig. Dette førte til at man i artikkel 33 i Genèvekonvensjonen av 12. august 1949 om beskyttelse av sivile i krigstid forbød enhver anvendelse av kollektiv straff.
Norled? Norled har fergene. Det er framleis Kolumbus som styrer hurtigbåtane. Skyt nå rette maen. ... Odd Aksland t.d
SvarSlettKa farskern? e e nå for dødsstraff, berre pining. men sjekk denne linken her. Her så skryte iallefall Norled over at dei kjøre til Sauda.
SvarSletthttp://www.norled.no/Default.aspx?pageid=1115
Nå TLB kven har rett på denne kvissen?
datt ut nåken bosktavar her. ein dødsviktig ein: eg er nå ikkje for dødsstraff, berre pining!
SvarSlettEg har rett. Norled har berre flaggruten. Les her - her opplyse dei om Kolumbus si avgjerd.
SvarSletthttp://www.norled.no/View.aspx?mid=1198&itemid=1578&pageid=1115&moduledefid=86
Her er rutetidene på hurtigbåtane og dei e det Kolumbus så styre
http://www.kolumbus.no/index.php?c=13&kat=B%E5truter&p=_13|
så det så
kaffår søren har di ei side der dert står Norleg og rutene di har: der står søren mned sand Suda ruten. Villede di oss?
SvarSlettsjå dette på samme side oppe til høgre.: http://www.norled.no/View.aspx?mid=1198&itemid=1578&pageid=1115&moduledefid=86
Me må visst ha ei sak på detter!!!
Kapteinen på westamaranen har talt: Norled bare styre båten, mens Kolumbus bestemme kor skapet skal stå!
SvarSlettNorled er "firma" som held båten så er det kolumbus som har betalingssystemet osv. Så dette er Kolumbus sin feil, det er dei som både held ungdomskorta, bilettane og som hadde bestillinga!
SvarSlettLurt å sjekke opp i litt detlajer før man skriver det syns jeg!
Det har ikke noe med norled å gjøre
Anonym, det er allerede korrigertden 30 april så du er litt seint ute med peikefingeren. Er du Norled direktøren kansje?
SvarSlett