Hurra for onkel Tor!
13. dags-jul- onkel
Det var i hine hårde dagar. Det var trettande dag jul. Det var kaldt og det var snøvær. Då kom det tredje barnet til Oletta og Magnus på Hiim til verda. Det var ein ufysen dag å inntre, men det var så laga at når jula for ut kom guten til verda. Det nye håpet. Ned i stallen stod en snill og trofast kamerat. Kjære Blakken du må ta den lange veien fatt. Kanskje hadde Magnus,faren, lese "Prestegaardshistorier" og kunne soga om Blakken. Kanskje han tenkte sitt då han salte opp sin Hiimsblakken. Bestefar måtte av garde i snøføyka for å hente jordmor til gards.
På Hiim vart han fødd. I dåpen fekk han namnet Tor Kåre. Han var heldig med gudmor si. Det var Anna Hauge. Syskena var misunnelige på han, for Anna hugsa på gudsonen si så lenge ho levde.
På Hiim bur han ennå. Han bygdehuset sitt på Flåtene, rett under Trollhammaren. Der har han sitt paradis. Det er det godt å vera for slekt og venner, ungar, fuglar planter og dyr.
Barneflokken på Hiim i yngre år. Dette bildet er truleg tatt mens det ennå var idyll i heimen. Då minstebarnet var to år døydde far deira, Magnus. Året etter døydde bestemor deira, Anne Marie Hiim. Det var eit gravferd til året i dei viktige åra for ungane. Dette prega dei for alltid, for som tida var før skulle ikkje slikt snakkast om til borna.
Ungane på Hiim veks til. Her står dei fint i rett rekkefølje etter alder: Ottar, Anne Marie, Tor, Valborg og Lars.
Ein skøyar i tropehjelm.
Tor byrja på realskulen på Sand. Det var ikkje store klassen. I klassen gjekk det og ei jente frå Sand som heitte Karen Bråtveit. Ho skulle seinare blir svigerinna hans og kone på Hiim.
Realskulen på Sand hadde ennå ikkje fått eksamensrett, så dei måtte reisa til Sauda for å ta eksamen, eller Saude som dei sa før. Heldigvis hadde han slekt i Sauda. Han fekk sove på loftet i arbeidarbustaden der onkelen hans budde. Om morgonen eksamensdagen gjekk han ned og sette seg på kjøkkenet. Han tykte det var rart at det sat ei framand dame der, men han tenkte at tanten hadde fått besøk. Han byrja å ete, men etter ei stund måtte han spørje kor tanten var. Dama gliste og peika ned i golvet.
Det viste seg at Tor hadde gått i feil etasje. Tanten og onkelen budde i etasjen under. Slik kan det gå når alle husa er like og ein kjem frå Hiim. Kona i huset gliste breitt då Tor flau smaug seg ned ein etasje for å eta ferdig hjå tanten sin. Ein dårleg start på dagen, men eksamen gjekk godt likevel.
Den unge Tor Kåre Hiim
På Hiimsmoen såg han ei fine jenta som besøkte søster si. Det var den finaste dama i verda. Ho var finare enn Sirikit i Siam. Det var ikkje lett å få tak i ei slik flott snelle, men Tor visste råd. Med verdas mest uvanlige sjekketriks fekk han napp. Han inviterte på romantisk kveldstur og sa han skulle gi henne et skikkeligt "kiss of fire". Han bøyde seg fram, strekte hånda bak henne og tok på straumgjerde mens han kysste henne. Kven kan stå i mot noko slikt?
Etterkvart som me ungane vaks til vart heimen til tante Anny og onkel Tor ein oase. Der kunne me gå når ingen andre hadde tid til oss. Eg hadde min eigen nattkjole der, og tronte i senga mellom dei. Då var eg i mitt ess, Dei to snille vaksne helt for meg sjølv.
Vår kjære onkel Tor er god å ha. Han trår til i alle situasjonar i livet vårt. Han er med på jakt, ber kjøtet or heia, slaktar og lagar det klart til frysing. Han er fast medhjelpar på Ung Husflid.
Der er han høgt elska av dei 30 unge husfliderane. Han er alles onkel Tor.
Treng me hjelp er han der. Han har kontroll på herbarium, flora og fauna. For å sitere ein skøyar frå Suldal: " Det er ikkje den ting den mannen kan!"
Trollhammar druer
Er det nokon som lir og har vondt så hjelper han dei på føtene att.
Han er med å held Gardvoren nøgd.
Dagens kviss: kven er det som har kniv for eit kvart høve spent til eit belte?
Desse tre er dei viktigaste vaksne i livet vårt.
Her er ein del av oss som er glad i deg onkel Tor!
ååå gid han lenge, lenge, lenge leve må!
Åååå gid han lenge, lenge, lenge leve må!Å gid han leeeenge,
leeeenge
leeeve må!
Gratulera med dagen din, kjære onkel Tor!