Det siste året har vist oss at det ikkje er sjølvsagt å bli 18 år. Nokre spirer får aldri bløme, men vår blomst blømer i dag. Dotter nummer 3 er 18 år i dag.Det er ei jente me er stolt over, og glad i. Ho har streva seg fram, utan å gi opp. Heilt frå spira låg i magen var det strevsomt. Det var eit etterlengta kjærleiksbarn, men veien var ikkje beine.
Eg låg mest heile tida på sjukehuset. Først fordi eg mista barnet. Stor var overraskelsen på sjukehuset då me såg at, jo her er det liv! Det hadde vore to, men nå var ein att. Eg måtte ligge puttane stilt til me var sikre på at babyen klarte seg.
Så fekk reise heim til dei andre. Men faren var ikkje over. 33 veker på veg gjekk vatnet. Det vart i hurten og sturten inn att på sjukehuset. Der var det til å ligge heilt stille, igjen. Eg fekk ikkje lov å gå på do ein gong. Eg låg i 2 veker og glodde i taket. Tilslutt ville ikkje barnet meir, og ut kom Mulle!
Ikkje kunne ho skrike og ikkje syge. Heime berre sov ho heilt til me fortvila for inn att på sjukehuset for å få hjelp til å vekke og mate henne. Det var i siste liten me kom oss dit, sa dei.
Dotter nummer 3 med familien og Baltus godt klemt i armskroken. Dei hang saman som erteris.Han sat i trillebåra då ho trilla. Han sat bak på brettet på trehjulsykkelen då ho sykla, og han var med i senga.
Søstrene i trappa i det huset me hadde lengst; Haavehuset på Hiimsmoen.
1 år gammal fekk ho heteslag og ville forsvinne for oss på tur i USA fordi var hetebølge der. 110 Fahrenheit og ikkje kjøleanlegg i bilen er ingen spøk. Ingen ville reparere det for det var straffbart i USA viss det vart lekkasje etterpå. Etter å ha køyrt rundt for å få hjelp utan hell, nådde papsen grensa. Han vrengde bilen over og inn og ein verkstad. Dei skjøna alvoret. Me fekk Mulle inn på eit kaldt kontor og kjøla henne ned med kalde klutar. Ho vakna og fekk i seg drikke og me fekk ordna kjøleanlegget.
Til topps i Vigelandsparken
Badnet voks til og har fleire lidenskaper. Ho elska mat, reising og å køyre 4 hjuling. Dei fleste interessene har ho felles med resten av familien, så me gjer som badnet har lyst til.
Ho har alltid vore dyrekjær. Dyr var lettare å forhalde seg til. Me har hatt hund, katt, kanin, hamster og degusar. Helst ville ho hatt hest og lama også, men då sette mor foten ned. Me hadde hansterfarm ei tid. Busken, ei venninne av heimen, og sjølvoppnemnd dyrespesialist, ga oss to jentehamster. Plutselig hadde me 8 hamster. Busken slutta av draumen om å bli dyrlege. Ho vart sjukepleiar i staden.
Diana Ross imitasjon. Sydenflettene måtte ut og brusehåret tok over.
Klar for utelivet i Sunny Beach, Bulgaria. Her nyt dotter nummer 3 lange late solfylte badedager. Og om kvelden er det mat som gjeld.
Mat på eit fat. Det er lykka
Dotter nummer 3 går inn for, det ho for tida er oppteken av, med liv og lyst. Ei tid var det slalom. Me måtte køyre henne opp, så ho fekk køyre dag og kveld. Til og med i forrykande uvær ville ho avgarde for å renne.
Mat i Mongolia. På tur ut i øydemarka med søstrene. Rafting, bueskyting og riding var heilt topp.
I gågata i Moskva sat ho modell. Mor hadde pruta ned prisen så ungane skjems. Då me såg det fine resultatet og kor lang tid kunstnaren brukte, var det mor som skjems.
"You me, photo?" Dette utsagnet vart sagt kvar andre meter i Kina. Men dotter nummer 3 var flink til å gjere seg usynlig. Her er det eit unntak, ei mongolsk jente sjarmerte dotter nummer3
På togtur i det fjerne østen. Omlag her mista me mobildekninga og dermed kontakt med omverda.
Dotter nummer 3 og Djenghis Khan
Den stille og rolige jenta vår vaks opp og blei ein fin blomst. Ho går på vidaregåande skule og har planane klare.
Full fart. Helst skal det vere ulendt og utfordrande.
Gratulere med dagen. I dag er det deg det dreier seg om. Me vil bukke, nikke, neie, snu oss om kring og spørre så hva vil du mere, gratulere! Men kakene får vente, for alt som 18 åring har ho byrja å vere bortreist på dagen!
God tur til London Ma og Mulle!