Viser innlegg med etiketten mat-liv. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten mat-liv. Vis alle innlegg

lørdag 17. september 2011

Bulgarsk Cuisine

Ein kan sei mykje om ferielandet Bulgaria. Varmt og godt. Billig mat og drikke. Skal ein derimot snakke om Cuisine blir det litt ymse. Finn ein ein god restaurant eit år. Er maten dårleg neste år. Gode kokkar er mangelvare og dei bytter restaurant frå år til år. 

 P1010039
Dotte nummer 4 fann ein sikker vinnar. CFC  Centucky fried chicken.

 P1010040

 P1010047 
Iskremen var god. Me blei aldri sjuke av den.

P1010049  
Kakene står til stryk. Som regel var dei klissete, smaklause, eller rett og slett ekle.

Shopska salat er ein sikker vinnar. Det var vel det me åt mest av. Denne består av løk, agurk, oliven, tomater og Sirene- ost . (bulgarsk Fetaost)

   P1010141   
Lokal Champagne er billig og bra.

P1010157 
Inkvan som ikkje likte maten sin...

Kavarma. Bulgarsk lapskaus. Av og til datt me innom lokale kafear. Dei kunne ha overraskande god mat.

 P1010167
Desse grillspyda var svært populære. Eg tykte dei blei litt tørre.

 P1010169 
Denne her åt eg ikkje, håpar eg;)

P1010171
Dette var eit herremåltid. Det såg ikkje delikat ut, men det smaka himmelsk. Spinatstuing og omnstekte poteter til biff.

 P1010173
Karnacke-pølsene er kjempegode. Dette er ei pølse. Denne retten laga me sjølv.

lørdag 3. september 2011

Jeg gikk en tur på stien..

.. og søkte skogen ro.

Etter at eg hadde vore 5 veker i Bulgaria var det godt å kome heim. Me hadde vore i lag med folk heile tida. Eg hadde tenåringar rundt meg med liv og røre. Då var det godt å kome heim til stille og ro.  Eg hadde mest gnagsår i øyrene, så fred og ro stod høgt på ynskjelista.

For å få heilt ro måtte eg på heia. Og denne helga var værgudane på mi side.  Eg vart avlevert på Torgålen av Anne. Me sat ute i sola, slappa av og såg sola gå med bak Hestafjellet, før Anne gjekk vidare. Så var eg åleine til søndagen då eg fekk kaffigjester. 

Heilt ro er det ikkje der heller. Det rek folk forbi. Det kom ein ung kar som skremde vettet av meg. Eg trur eg skremde vettet av han etterpå ;) Ellers såg eg folk på avstand og naut skogens ro.

Det er mest fullt i Hiimsvatnet ennå dei tappar det dei har lov til og vel så det.


P1010001
Mens eg gjekk ein tur på stien såg eg mykje fint. I og med at eg må sjå kor eg trør ser eg meir av både fauna og flora. På myra veks fine liljer, som denne.


 P1010002
Denne blomen er særs interessant. Den er kjøttetande. Eit  dårlig bilde.


 P1010004
Inkvan hadde vore før meg. Eg fann kun 5 molter på myra mi.


 P1010005
Ungane kalla dette gullbær når dei var små. Lett å forstå.


P1010006
Her "leikar" to sommarfuglar seg i sola.


P1010008
På Torgålen heng dette minnet etter far. Denne capsen kjøpte eg til far i Canada det året han blei 67  Det blei favorittcapsen hans. Siste gong han var på Torgålen hengde han den frå seg. Då visste han at han ikkje kom til å bruke den meir.


P1010009
Kantareller nok til ein god middag.

Eg gjekk småturar i nærområdet og hausta inn mat. Kantareller og bær. Eg laga meg  blåbærlappar. Det var vellykka. Eg åt blåbær i så store mengder at eg trur synet held denne vinteren og.

P1010010
                          Her ser de resultatet: ris, kantareller og steikt kjøt


       Det er viktig å følge fjellvettreglane når ein går i heia. Meld frå kor du går!


  P1010013
Og jammen fekk eg besøk.

Søndagen kom det innrykk. Eg og Kari blei sittande og lese i hytteboka frå når me var unge og ferierte på hytta. Me lo og kosa oss og fann ut at me hadde ein enkel humor.   Det gjekk mykje på floger. Dei pla å tyte fram påsketida når me varma opp hytta.

Mellom anna stod det, sitat Liv:  - Me ete møkje løye me, men me har suppe oppi for å gjøyme det!

fredag 3. juni 2011

Tenk fint om bonden vår!

Årets jordbruksoppgjer er i hamn. Hamn og hamn.  Det kan vel diskuterast kva hamn dei kom, men ferdighandsama er den. Småbrukarlaget braut forhandlingane, mens bondelaget signerte. Fleire medlemmer melde seg ut or bondelaget i protest.

På 70- talet skulle bonden ha ei inntekt tilsvarande ein industriarbeidar. Kva skjedde? Nå slit dei med å ikkje gå i minus etter utgiftene er betalt.

Eg hugsar det slik at Gro Harlem Brundtland kom som ei Åsgårsrei inn i politikken, ville ha oss med i EF,  (nå EU) og meinte me kunne kjøpe mat frå det fantastiske EF. Tidene skulle bli betre.  Me kunne gjere anna enn å drive jordbruk. Me kunne jobbe i oljå istaden. Bøndene skulle drive med andre nisjer, som til dømes turisme. Dei kunne stå i bunad og veifte med flag. Maten var billigare å kjøpe enn å produsere sjølv.


Gardsturisme

No gror utmarka att, slik at Tarald turist slit med å brøyte seg veg inn i marka iført sine designklede. Bøndene sluttar å produsere mjølk. Snart sluttar dei å produsere mat også. Kva skal me då gjere?  Tenk på dette neste gong du kjøper velsmakande kortreiste jordbær frå Jelsa. Alternativet er importerte jordbær som smakar vatn .



På Finnøy sette ein bonde fyr på traktoren sin i protest mot det ringe oppgjeret. Han sette fyr på sin Massey Fergusson.  Det var ein god traktor, og fullt brukande, men som han sa, bonden: ein kan ikkje drive landbruk med ein 50 år gammal traktor.



Tenk nå over det, godtfolk, at det er ikkje sjølvsagt å få varer frå utlandet.  Minnet vårt er ikkje det det eingong var, men hugsar de ifjor då oska frå Island stogga alt?  No er det på an igjen...

Hugsar de Tsjernobyl i 1986  Etter det slutta kornkammeret i kviterussland og Ukraina å fungere. Noreg fekk også føle dette. Ennå er ikkje halveringstida for nedfallet over. No er det Japan sin tur. Dei kjem til å måtte handle mat, ikkje selge.
Kva hjelper det vel om maten er billig om den ikkje er råd å få tak i ?

Dei siste dagane viser at kortreist mat er viktig. Russland sperrar grensene for EU-mat. Folk over heile Europa ligg sjuke av eit E-coli utbrot som ingen veit kor kjem frå.
Kva hjelper det vel om maten er gratis, når me ikkje veit om me kan eta den?






Jeg er havren


Ta vare på bøndene våre!


Her kan de lese om billig mat me kan importere:

Av Jeppe Aakjær


Jeg er havren. Jeg har bjeller på, 

mer enn tyve, tror jeg på hvert strå. 

Bonden kaller dem for mine fold. 

Gud velsigne ham, den bondeknoll




http://www.nationen.no/2011/05/24/nyheter/gris/kjott/kina/svindel/6650


341/


Dagens kviss: Kva heiter bonden som sette fyr på ein godt brukandes traktor?


For dei som ikkje har fått det med seg: Skuleungane som les bloggen har lagt inn klage. Klokka 08.45 er for knapp tid for dei. Dei går ut dørene då. Så me får sette kvissen til klokka 08.30 !!  Fekk alle dette med seg? ;)

lørdag 21. mai 2011

Mat i hagen

Våren kom som ei lette for folk i farne tider. Folk og fe hadde pint på maten, og alle var heller svake når det byrja å dryppe frå tokene.  Når våren kom med spirer, var både folk og fe snare til å få i seg denne næringa som skaut opp. Dei trong vitaminene og mineralene som var i det som grodde fram.

Nokon kvar kunne ha  hatt godt av det gode som veks i naturen. Men dei fleste av oss hiv innpå med vitamin- og mineralpiller.

Gå ut i din hage. Sjå kva som veks. Eg ser vitaminer og mineraler, meir enn me treng.  Kva ser du? Ser du ugras?  Om du gjer det, kan du trygt ete det. Det er sunt, og lugginga blir meir meiningsfull.

stornesle

Brennenesla er fin nå, men hugs å forvelle den før du hiv innpå. Forvelle vil sei å koke neslene opp i vatn, og så ha dei i kaldt vatn. Då forsvinn brenntrådane.  Brenneneslesuppe med kokte egg er ei vitaminbombe. Vårslappheita forsvinn som dugg for sola.  Den er like rik på vitaminer som spinaten. Den renser kroppen.  I eldre tider vov dei tekstil av nesla.  
                                                                     Neslesuppe: 
ca 200 g nesleskot/blad

1 liter buljong eller kjøttkraft

1 - 2 ss smør
2 ss kveitemjøl
salt, mjølk eller fløte.




Skvallderkål er godt til så mongt. Det er eigentleg medisin, innført til Noreg i middelalderen. Unge blad gir god og syrlig salat.  Som medisin dempar den betennelse, hjelper mot dårlige blærer og nyrer og god å bruke mot revmatisme.  Som regel har ein mykje meir i  hagen enn ein treng. Klarer ein ikkje lugge den vekk, er det smart å ete den opp.

Skvallerkålstuing

  • 4-5 never unge skvallerkålblader
  • 2 ss olivenolje
  • salt/urtesalt/soyasaus
  • 2 1/2 –3 dl melk
  • ca 2 ss maizenamel i 1 dl vann
  • reven muskat
Skyll bladene, og hakk dem fint. Surr bladene i olje sammen med det salte. Tilsett melken, og la det småkoke ca. 5 minutter. Rør maizennamelet ut i vannet, og tilsett dette. Gi det hele et kort oppkok, og smak til med reven muskat. Denne retten smaker godt tidlig på sommeren f.eks. sammen med røkelaks, eggerøre og flatbrød



Løpstikke
Løpstikke, eller kjærleiksurt er ikkje vill. Men i min hage veks den vilt. Den nyttast som grønnsak, urtetilsetning og legeplante. 



  • 75 g meierismør
  • 2 løk, grovhakket
  • 1 båt hvitløk, hakket
  • 1 kvast frisk løpstikke, blad og stilker, grovhakket
  • 500 g poteter, i terninger
  • 1 1/2 liter kjøtt- eller grønnsaksbuljong
  • Salt, pepper
  • 1/4 ts muskat, revet
  • 1 1/2 dl kremfløte
Slik gjør du det:
Smelt smøret i en kjele og la løk og hvitløk surre til det er mykt. Tilsett løpstikke og krydder, poteter og kraft. La alt småkoke 10-15 minutter. Mos suppen gjennom en sikt eller kjør den i en hurtigmikser. Hell alt tilbake i kjelen og gi suppen et oppkok. Rør inn fløten like før servering og smak til suppen med salt, pepper og ikke minst muskatnøtt.
Denne suppen blir enda bedre med godt brød og smør som tilbehør.

Av Løvetann kan ein lage salat. Ein kan torke og male røtene til kaffierstatning. Greit å vite i tilfelle krisetider. Eller ein kan lage vin av den.  Engsyra kan me bruke i salaten, i suppa, og me kan lage syrekaker.  Rabarbra er noko mange har i hagen utan å nytte. Den gir herlig saft, suppe og pai. Sevja i bjørka er herleg. Hugsar de kor godt det smaka når me var små? Me var avgarde med brusflaske, skar av ei grein og tredde flaska innpå. Så var det berre å vente, og så drikke. Heilt gratis.

Våren er ei herleg tid, og gir oss mykje godt å ete og å drikke.
Velbekomme!



tirsdag 10. mai 2011

Wenn jemand eine Reise tut,... Trondheim

...so kann sie was verzahlen! 

Mi reise denne gongen, gjekk til Trondheim på landsmøte for foreningen for muskelsjuke. Eg oppførte meg som ein reisevant globetrotter, og intet flaut er å berette.

Foreninga fylte 30 år. Prinsesse Martha Louise, vår høye beskytter, meldte forfall, men hadde fin helsing til oss. Landsmøtet vart avvikla på Rica Hotel Nidelven, og det er det eg vil berette om. ...

Big surprise! Vanligvis er konferansehotell lavbudsjettert, og de hive nokre skiver til oss når me blir for svoltne. Men ikkje her. Maten var utsøkt. Blide folk frå me snofla inn døra og til dei leidde oss ut att.

Fredagen fekk me treretters middag. Lordagen fekk me fireretters.  Då me hadde kost oss med forretten fredag, kom hovudretten. Til middagen følgde det med nokre ussalige små poteter. De som kjenner meg, veit eg er veldig kresen når eg et ute. Eg er av den meining at ris og ros skal deles ut i rikt monn. Oftast blir det ris. 

Eg auste opp to poteter mens eg spøkte med sidemannen: - sjå,her, de har berre "såpoteter" att. Eg stapper ei i munnen og smaken riv i meg. Eg blir som dama i tv reklamen:  "MMMMMM!" Eg snur meg til sidemannen og ser at han har det same våte, tilfredse blikket. Som eit under forsvinn alle potene. Servitørane kjem springane og fyller på. Dette var ikkje noko mindre enn eit potetsjokk. Eg fekk ikkje foreviga noko av dette me åt, for eg var i ekstase.

Frokosten neste dag var også ein opplevelse. Det stod kokkar rundt om i lokalet og laga mat til oss etter vårt begjær. Men så har dei også vunne prisen for sin frokostbuffet, 6 år på rad. 

Lunsjen kvar dag var eit eventyr. Dessverre fekk eg ikkje moglegheit til å kritisere nokonting, det som eg er så flink til.

I Trondheim skulle være fest
hos de med svake muskler
For FFM er tretti år
omtrent på denne tida.
gamle gode klubben vår
fyller tretti år i år.
Hipp hurra for FFM
de skulle fått en klem! 



 Årets overraskelse for meg. Kvifor er ikkje Rica Stavanger, som eg ofte brukar, slik som dette?

 Hotellet ligg rett ved Solsiden og fleire utestadar.


 Pause for røykarane.


 Sjå dette huset med klokketårn, litt inn i gata.


 Fjelga og sparkla, og klar for jubileumsfest.


Sjekk denne!- Kven kan hoppe etter Wirkola?


Gedigne ostar med nydelig honningnøtter til, akkurat slikt eg likar. Servert på tallerkenen vår av ein kokk, mens han fortalde kva ostane heitte og kor dei var fødde. 


 Hotellets blidaste kokk.  Høflig, blid og hyggelig. Tre i eitt, som eit Kinderegg;) Er det rart at eg skalv når eg skulle ta bilde?  Han laga omelett til meg begge dagane. Steika dei etter mitt ønske og med det eg ville ha i. Sist eg fekk slik service var i Hotel Chinggis Khaan i  Ulan Bator, Mongolia. Og det var eit 5 stjernes hotell som kongelige og statsgjester brukar..


 Ein kokk serverte oss Sushi


 Så var det kakebordet. Langt, søtt og godt. Fleire meter med stadig nye sorter kaker og dessertar.  Sjå dei små gule kjeksane oppå kakene. Dei var supergode. Luftige, sprø og smakfulle.


 I små drammeglass serverte dei sjokolademousse, Panna Cotta og fleire andre gode dessertar.


Bak kakefatet ser me Nidelven, stille og vakker den er... 

Dagens kviss: Rica Nidelven er bygd ut i elva. Kor langt ut?

Her kan de med sjølvsyn sjå om eg lyg, eller ei:

søndag 8. mai 2011

Konfirmasjonssøndag

I dag er det konfirmasjon på Sand og i Erfjord. I går var det humanistisk konfirmasjon på Sand.  Neste søndag er det konfirmasjon i Marvik og i Suldal.  Sist ut er Jelsa, 22. mai.

Konfirmasjon kjem av latin: confirmare, som betyr bekrefte,bestyrke. Det er kyrkja som har brukt dette omgrepet sidan 40 e.kr.  Då preika Faustus av Riez over temaet. " I dåpen blir vi gjenfødd til livet. Etter dåpen blir vi konfirmert til kamp. I dåpen blir vi tvettet. Etter dåpen blir vi styrket."

1912 vart det slutt på tvungen konfirmering. Før det kunne ein verken gifte seg, flytte, eller få seg jobb om ein ikkje var konfirmert. I eldre tider var det endå strengare. Var ein ikkje konfirmert når ein fyllte 19 år, kom ein på tukthus, eller i gapestokk til spott og spe.

På den tida det var ein bekrefting av dåpen, måtte ein ha viten om kristendomskunnskap. Det skjedde både titt og ofte at konfirmantar måtte gå om att. Det var forsmedelig. Ennå då eg var konfirmert i 1974 hadde me overhøyring, men ein slapp å gå om att om svara var feil.

Fram til 1981 var konfirmasjonen ein bekreftelse på dåpen.  Frå 1981 har konfirmasjonen vore ei forbønnshandling i den norske kyrkja.

Kyrkja  har nok hevd på det ordet.  Men overgongsriter finns i alle kulturar og religionar. Oftast for å markere overgong frå ungdom til vaksen. Ein kan konfirmere seg i dei alle kyrkjelige retningar som finns. I tillegg kan ein bli humanistisk  (borgerlig) konfirmant frå 1951, eller holistisk konfirmant, frå 2006  Frå dette året kunne ein også bli akademisk konfirmant.

Det ser kjekkare ut å vere konfirmant nå enn då eg gjekk for presten. Dei får lov å diskutere og spørje om kristendommen. Det var mest ei synd  då eg gjekk og las. Konfirmantane har treff der dei diskuterer bestemte tema. Dei får utvikle seg gjennom diskusjonar og refleksjonar. Dei får reise og treffe andre konfirmantar. Det ser ut som det er meir glede i kristendommen nå. Då eg gjekk og las var det alvor, pugging og utspørjing, aldri rom for tvil, eller spørsmål.

Eg trur konfirmantane kan tenke tilbake på ei fin og utviklande konfirmasjonstid, ein fin fest og ein feit bankonto.

Alle konfirmantar: Ha ein fin konfirmasjonsfest. Gratulerer med dagen!




Dåp, konfirmasjon og nattverd  på midten av 1400- talet


  
Katolsk konfirmasjon anno 1679


Konfirmasjon anno 2009


Med bildet av konfirmanter frå Sand 2009 helsar eg alle årets konfirmantar.

onsdag 13. april 2011

Heilt Cacas

Me forfløtta oss ut or kommunen i helga. Helga blei tilbrakt i Stavanger og på Ålgård. I Stavanger var me på dagtid, mens nettene blei tilbrakt på Ålgård. Takk til Heidi og Jan for at dei hadde rom i herberget.

Ungane var på kurs og eg var sjåfør og bud. Dotter nummer 2 og 4 likar å klyse med kaker. Dei styrer på og bakar og pyntar. Begge har bursdag i påskeferien dette året. Eg hadde sett at Cacas skulle arrangere kakepyntingskurs i Stavanger. Då blei presangen kakepyntekurs. Smart, ikkje sant?  Dei lagar kaker som eg får ete. Dermed får eg litt igjen på investeringa.

Dei gjekk på fire kurs, så nå kan dei det meste: Grunnleggende teknikkar, smørkrempynting, royal icing og Cupcakes. Og dei som trur dei veit korleis ein muffins skal  sjå ut, må tru om att.


Denne klovnen laga dotter nummer 4  Ho var den yngste på kurset


 Cupcakes må ikkje forveksles med ordinære muffins..


Dotter nummer 4 blei kalla eit naturtalent på kurset.


Imens ungane kursa seg, gjorde eg noko eg ikkje har gjort på 18 år; Eg var på ekte siddisloppemarked. I mitt forrige liv var eg fast inventar på loppemarknadane i byen, ikkje som loppe, men som kjøpar av lopper. Det kunne vere to til fire loppemarknadar på ein lordag. Guro og eg gjekk på dei fleste. Me pleidde ikkje avtale, men det var fast takst at me gjekk. På eit eller anna loppemarked traff me kvarandre og hadde kaffi saman mens me lo eller skrøytte over kjøpa våre.

Denne gongen gjekk eg også åleine. Eg valde Våland loppemarked. Det er musikkorpset som arrangerer. Våland skolemusikkorps er garva arrangørar med to marknadar om året.  Dei står med tausperring, og det er nedteljing før kjøperane slepp inn, presist på sekundet.

Det var som å gå inn ein tidskapsel: Eg traff dei same folka som gjekk der før. Litt meir hud, fylde og gråmelerte, ellers var alt som før.

Eg hadde den gildaste dagen på evigheter. Eg kikka,pruta, handla og prata.
Men sidan eg kom i godt raddel , enda eg opp med ei vare frå auksjonen som eg ikkje trudde eg hadde kjøpt.


Minikonsert mens me ventar på opninga.


 Folk strøymer til....


Auksjonarius har ein stor kjepp som han dunka inn tilslaga med

Dagens kviss: Kven arrangerer årviss loppemarknad på Sand?