søndag 8. mai 2011

Konfirmasjonssøndag

I dag er det konfirmasjon på Sand og i Erfjord. I går var det humanistisk konfirmasjon på Sand.  Neste søndag er det konfirmasjon i Marvik og i Suldal.  Sist ut er Jelsa, 22. mai.

Konfirmasjon kjem av latin: confirmare, som betyr bekrefte,bestyrke. Det er kyrkja som har brukt dette omgrepet sidan 40 e.kr.  Då preika Faustus av Riez over temaet. " I dåpen blir vi gjenfødd til livet. Etter dåpen blir vi konfirmert til kamp. I dåpen blir vi tvettet. Etter dåpen blir vi styrket."

1912 vart det slutt på tvungen konfirmering. Før det kunne ein verken gifte seg, flytte, eller få seg jobb om ein ikkje var konfirmert. I eldre tider var det endå strengare. Var ein ikkje konfirmert når ein fyllte 19 år, kom ein på tukthus, eller i gapestokk til spott og spe.

På den tida det var ein bekrefting av dåpen, måtte ein ha viten om kristendomskunnskap. Det skjedde både titt og ofte at konfirmantar måtte gå om att. Det var forsmedelig. Ennå då eg var konfirmert i 1974 hadde me overhøyring, men ein slapp å gå om att om svara var feil.

Fram til 1981 var konfirmasjonen ein bekreftelse på dåpen.  Frå 1981 har konfirmasjonen vore ei forbønnshandling i den norske kyrkja.

Kyrkja  har nok hevd på det ordet.  Men overgongsriter finns i alle kulturar og religionar. Oftast for å markere overgong frå ungdom til vaksen. Ein kan konfirmere seg i dei alle kyrkjelige retningar som finns. I tillegg kan ein bli humanistisk  (borgerlig) konfirmant frå 1951, eller holistisk konfirmant, frå 2006  Frå dette året kunne ein også bli akademisk konfirmant.

Det ser kjekkare ut å vere konfirmant nå enn då eg gjekk for presten. Dei får lov å diskutere og spørje om kristendommen. Det var mest ei synd  då eg gjekk og las. Konfirmantane har treff der dei diskuterer bestemte tema. Dei får utvikle seg gjennom diskusjonar og refleksjonar. Dei får reise og treffe andre konfirmantar. Det ser ut som det er meir glede i kristendommen nå. Då eg gjekk og las var det alvor, pugging og utspørjing, aldri rom for tvil, eller spørsmål.

Eg trur konfirmantane kan tenke tilbake på ei fin og utviklande konfirmasjonstid, ein fin fest og ein feit bankonto.

Alle konfirmantar: Ha ein fin konfirmasjonsfest. Gratulerer med dagen!




Dåp, konfirmasjon og nattverd  på midten av 1400- talet


  
Katolsk konfirmasjon anno 1679


Konfirmasjon anno 2009


Med bildet av konfirmanter frå Sand 2009 helsar eg alle årets konfirmantar.

3 kommentarer:

  1. Ja, tenk nå e det bare 2år igjen te sistemann ut hos oss begge ;)

    SvarSlett
  2. the librarian bitch9. mai 2011 kl. 09:02

    Eg tykkjer denne seier noko som er ganske sant
    http://h-debatt.no/innlegg/konfirmasjon-en-ny-form-for-klasseskille/

    SvarSlett
  3. ja den såg eg. Så sant så sant.

    Eg og Anne skal spinke og spare i to år nå til konfen til våre siste.
    Heldigvis er det slutt på medgift og dyre bryllup for jenteforeldre :P

    SvarSlett