mandag 16. mai 2011

Dagen før dagen!

I dag er det dagen før dagen. Dette er ein av dei travlaste dagane i heimen. Det er masse førebuingar for å vere klar til den største festdagen i året: 17. mai!

Bunadskjortene er nok sikkert allereie vaska. Så skal dei dynkast og strykast glatte og skrukkefri. Bunaden må luftast og kostast. Den må og sjekkast nøye for å sjå om det er gløymde flekkar på den. Skoa skal pussast til dei skin. Og, korleis er det med sølvet? Er det blitt litt matt? Då må ein i tilfelle kneka litt på det. Flaget må strykast. Ein kan ikkje gjere skam på det.


Deretter må ein sjå over tilbehøret. Tjukke og tynne strømpebukser, og ullbol blir lagt fram. Me må vere klare for alle eventualitetar. Alt bør vere klar til den store kampen neste morgon: 

Kampen om å bli ferdig i tide. Det tar tid å få på seg bunad. Når opptil fleire skal ha på seg dette plagget i heimen, helst først, og for 10 minutt sidan, kan temperaturen bli nokså høg. Men når flaga er hengde ut, og alle er påkledde etter alle kunstens reglar, då sig temperaturen frå kokepunket, ned til normal.


Då byrjar festen. Me er alle så letta over at det gjekk godt denne gongen oså, at smila kjem på plass av seg sjølv, og blir der resten av dagen. Smilet blir der, for dagen er fin. Alle ser ut som om dei hadde allverdas tid på å gjere seg klar. Alle ser og ut som dei har all verdas tid til å mingle. Dette er dagen då me får skuldrene ned, og pratar med folk. Me  beundrar bunadane til kvarandre, og beint fram kosar oss.

 Alt må vere perfekt, både klær og hår.


Eit knippe bunadkledde damer og unge herrer.


Her foregjekk det heftige diskusjonar og steile frontar i april og mai 1814

Dagens kviss:  Kva dag skulle eigentlig blitt nasjonaldagen vår?

11 kommentarer:

  1. the librarian bitch16. mai 2011 kl. 08:34

    4. november kanskje

    SvarSlett
  2. Grunnloven blei vedtatt 16 mai - og underskrevet og datert 17 mai

    SvarSlett
  3. Ser ein annan plass at an blei underskrevet og datert 18 mai - sidan Christian Fredrik blei valgt til konge 17 mai( er usikker kva kilde som er rett,;)

    SvarSlett
  4. the librarian bitch16. mai 2011 kl. 09:56

    4. november 1814:
    4. november- grunnloven blir underskrevet og Carl XIII blir valgt til konge i Norge.
    Iflg Nrk og wikipedia

    Syns ikkje det var så voldsomt blindskot

    SvarSlett
  5. Eg tenkte og på 4 nov når eg las meg igjennom ;)

    SvarSlett
  6. 17. mai valde forsamlinga Christian Frederik til konge 17. mai, einstemmig, sjølv om 16 personar meinte val av konge skulle vore utsett. Grunnlova blei erklært fullført, men dei kom ikkje i mål.
    Sverdrup tala og slutta med dei kjente orda: Gud bevare gamle Norge! Så talte Prinsregenten, og dei song "For Norge, kjæmpers fødeland"

    18. vart grunnlova signert, dette er ein rettare dag enn 17.!

    Så byrja kranglinga igjen.Det var stadig kampar i kulissene. forsamlinga skulle oppheves 19. mai men det drog ut.Først 20 mai kunne dei reise heim etter desse kjende orda vart uttalt: Enige og tro til Dovre Falder"

    Stortinget reviderte grunnlova etter ein kort krig mot Sverige. Noreg blei tvinga i personalunion med Sverige. Kong Christian Frederik abdiserte.

    Den grunnlova blei signert 4. nov. Då gjekk me i union med Sverige og valde ein annan konge. Desse endringa sluttta å gjelde 7. juni 1905 då unionen vart oppløyst.

    Så då var det den opprinnelige grunnlova av 1814 som gjaldt, og den blei sigenert 18.
    mai. ... ergo.....18. er rett dag!

    Anne du vinner kvissen under tvil. Den tvila du sjølv har. Har eg ikkje sagt eg vil ha svar avgitt, ikkje eg trur, men eg trur og ;) Men, i min fasit er 18. mai rett!

    SvarSlett
  7. ja, du har sagt det. Men det er ikkje så lett når 2 kilder seier 2 svar;)

    SvarSlett
  8. Jepp, nettet er ikkje alltid til å stole på. Ein må gå for magefølelsen, eller beint fram kunnskap! ;)

    SvarSlett
  9. Eg hadde hverken magefølelse el. kunnskapen denne gongen, så du får avgjere sjølv....;)

    SvarSlett
  10. hehe, ja du får rett i dag, men neste gong vil eg ha eksakt svar, ikkje ca!! :)

    SvarSlett