onsdag 25. mai 2011

Vær og Vilje

Eg vil og vil,
men får det ikkje til.
Klarer ikke stå,
klarer ikkje gå.
Eg bare vil og vil.



Mitt legeme er eit barometer. I desse dagar måler ein ikkje berre høgtrykk og lågtrykk,  men også osketrykk. Då er det ikkje rart at ein slit seg or senga og krekar seg rundt i huset.

Det finns vatnbaserte barometer, kvikksølvbaserte barometer, aneroidbarometer og menneskelige barometer. Sistnemnde type blir helst avfeia av vitenskapen etter at dei laga dei første barometer på 1600- talet.

Barometer fungerer slik at ved aukande trykk vil lufta i røyret trekkje seg saman og syg vatnet, eller kvikksølvet oppover.  Høgt trykk gir fint vær.  Lågt trykk gir dårleg vær. Sidan me består av mykje væske skulle det ikkje vere så ulogisk at kroppen vår reagerer på same måte. Eg er uansett like overraska kvar gong eg spår været.

Eg får vonde okler ved kommande  lågtrykk. Det kan bli varsla opptil 2 døgn fram i tid. Skiftande trykk er også særs plagsomt. Tordenvær gir trykk i hovudet. Dette er ein meir vanleg barometertype. Dei fleste kan merke tordenvær.

Er det fleire værmenn, eller damer her ute i verdensveven? Skulle vere kjekt å høyre korleis de kjenner trykket. Eg har opplevd at det er sol ute mens eg verkjer; 

Eg kan påstå at det blir dårleg vær 
mens alle ler. 
Så neste dag kan me vakna til regn.
                                              Då ler ingen av mitt tegn.


Eit primitivt kvikksølvbarometer.


Aneroidbarometer.

Dagens kviss: Kven fann opp Aneroidbarometeret?

6 kommentarer:

  1. Erfinder Lucien Vidie (1805-1866

    SvarSlett
  2. Løsningen blir også kalt Vidie-celle etter oppfinneren Erfinder Lucien Vidie (1805-1866).

    SvarSlett
  3. æsj... sikkert 1 sekund frå atte me telepatiserte i dag....

    SvarSlett
  4. Heilt sikker, eg la nok inn svaret 08:01:59 - og du 08:02:00!!

    Og eg kjenne te værsymptomene dine Liv...
    Spesielt overgangen varmt til kaldt, og motsatt, samt når det blir snø... Tron følge værmeldinga, eg følge meg sjølv, og eg trur han blei like øvegidde kvar gng i vinter når EG hadde rett i at det ble snø, og han måtte ut å brøyte..

    Eg kjenne det som verk i heile kroppen ... Håveverk ved torever, åjada... Når det er regn, vind og surt(sånn som nå) går forsåvidt greit, men eg verka forferdeligt i går(ser de har meldt lettare vær samt litt sol, så då e det vel derfor.)

    Men når det er kaldt, kuldegrader og vinter, då verke eg uansett.. Det som er rart, når eg verke, begynne eg ALLTID kl 1700(eller rett rundt der) Merkelige greier...

    SvarSlett
  5. Eg kjenne godt når det ska bli snø, kalde føter... og intens verk i håve før torever.

    SvarSlett
  6. Det blei Anne som vart dagens vinnar med eit sekunds forsprang.:) Gratulerer som dagens vinnar!

    Lucien Vidie var oppfinnar, eller erfinder som det heiter på tysk.


    Det var det eg visste, at om folk kjenner etter og trur på seg sjølv, så er dei like gode barometer som noko kjøpebarometer:)

    SvarSlett