Elevane på Sand ungdomsskule kosar seg i skulekvardagen trass i lang reisetid. Dette kan me lesa i siste utgåve av suldalsposten. Dette var sikkert ein stor kamel i halsen til foreldra. Foreldra som sette himmel og jord i bevegelse for å hindra ungdommane i å koma saman på ein sentralungdomskule.
Eg må sei eg er ikkje bitten øvejidde på at dei trivs. Nå skal eg fortelja dykk om ein anna tid og andre ungdommar:
Eg byrja på undgomsskulen i 1972 Då hadde omorganiseringa frå framhaldsskule til ungdomsskule kome til Suldal kommune. Det vart bestemt at Sand skulle ha sentralungdomsskule sidan der ville bli plass etter at realskulen skulle slutte av. Dei som gjekk realskulen skulle få gå ferdig, eller starte om att i 8. klasse i det nye systemet med ungdomskule.
Me var 17 elevar i 7. klasse. Det var rundt 80 elevar i 8. klasse, så gjekk det to, eller tre klassar på realskulen. I tillegg var det ca 80 elevar på folkehøgslulem og sikkert like mange på yrkesskulen.
Det krelte av undommar alle stadar. Det var kjempekjekt med så mange unge. I ungdomstida veks mange frå kvarandre og det var ikkje alltid like lett for alle å få seg nye venner. Men no var det venner til alle. Det var luksus.
Me i 7. klasse gleda oss til me skulle starte i 8. klasse og lurte på kven som skulle gå i vår klasse. Me skildes i juni med desse glade tankane om neste skuleår. For første gong sidan me starta skulen gledde me oss til nytt skuleår.
Men, kor lenge var Adam i paradiset?
Då me starta i august var me den same trøtte klassen som alltid. Inkvan hadde talast den sommaren! Foreldra til dei som hadde reiseveg hadde gått hardt på politikarane og fekk gjennomslag for synet sitt. Det var enden på det eventyret.
Sidan har saka dukka opp med jamne mellomrom. Kvar gong har eg og venninna mi, Guro, ergra oss like mykje og diskutert dette. Det var spanande med så mange kjekke gutar å sjå på. Det er til stor hjelp mot fråvær. Kven vil skulke skulen når det er så mykje kjekt som skjer i firminutta? Kvifor spør ikkje politikarane dei som var unge den gongen, korleis dei opplevde dette, undrast me. Tilslutt gjorde dei det og svaret var som me venta: Ingen tenkte på at det var så langt å reise, og alle hadde hatt ei kjekk ungdomstid.
Heldigvis blei det sparekniven som gjorde utslaget. Eg er oftast ikkje enig med rådmannen, men her har ho gjort noko godt for ungdommane. Artikkelen lordag viser at dette var ei rett avgjerd. Ungdommar treng andre ungdommar meir enn foreldra sine. Og foreldra sine tankar og meiningar er ikkje alltid til barnas beste.
Ungdomsskuleelevar anno 1974
Råtøffe ungdomar 1972
Ungdomsskuleelevar anno 2011
Dagen kviss: Nokre elevar kom i båt. Kor kom dei frå og kva reiste dei med?