lørdag 19. februar 2011

Kom til Vaaren!

Vår kunne nokon kvar ynskje seg etterkvart. Vinteren har vore lang og kald. Då er det ekstra kjekt å krype opp i godstolen med ei god bok, eller som eg helst gjer, legg meg godt til rette i mi gode seng med gode bøker.  Eg ligg med dei fleste forfattarar, men nokon er gildare å gå til sengs med enn andre.

Nå har eg kosa meg med litt lokal utvandringshistorie. Utvandringa frå Helland til Amerika. I Noreg utvandra folk til Amerika frå 1825 og utover til 1920, omlag. Denne store migrasjonen i norsk historie er ikkje fullt ut dokumentert. Denne boka blir eit godt bidrag til heilskapen.

Boka handlar om folk frå Hellandsgrenda som reiste ut i åra 1861- 1912  På 51 år reiste det 50 personar frå Hellandsgardane. Det må ha blitt merka i grenda når ein familie reiste frå garden sin. Me får møte dei i små glimt gjennom brev og bilder, og me får høyre om etterkommerane deira.

Nancy Coleman og Olav Veka lir av skrivekløe. Dette er den andre boka dei gir ut på eit halvt år. Snart kjem den tredje, ein engelskspråklig versjon av utvandringsboka.


Den nye boka til Olav Veka og Nancy Coleman


Boka er signert med helsing


Dagens kviss: Det er helg og ingen kviss. Hugs kvissen går frå mandag til og med fredag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar